Rapportar om tobis-kok på vestlandskysten, igjen

tobis.JPG

Denne stimen av tobisyngel filma Jon Steinar Midlang i fjæra ved Glesvær på Sotra.

Fotograf: Jon Steinar Midlang

Langs vestlandskysten dukkar det no opp observasjonar av store mengder tobisyngel heilt inne i fjæresteinane. Fram til 70-talet var dette eit årleg fenomen.

– Det er veldig kjekt at dette no ser ut til å gjenta seg. Tobisen er viktig mat for sjøfugl og annan fisk, og seier ein god del om stoda i resten av økosystemet, seier havforskar Espen Johnsen.

– Fiskelykka kan nok også ta seg opp for hyttefolket om situasjonen held fram. Med tobisen blir det liv laga i sjøen.

Innsendte bilde viser at makrell og sei har meska seg. Fisken er tatt i Øygarden. (Foto: Ian Kinsey, etter avtale)

Det er i Hordaland og Rogaland at den populære byttefisken har blitt observert i relativt store mengder nært land. Både Fiskeribladet og NRK har omtalt fenomenet.

Tobis er eit samleomgrep for fleire typar fisk innan sil-familien. Ifølge forskar Espen Johnsen er det truleg havsil folk no ser langs kysten, den same fisken som er hovudmålet til fiskeflåten på havet.

Førte med seg «leskande» makrellstørje

Eldre fiskarar har gjennom intervju fortalt HI om historiske tilfelle av tobisyngel som blir drive langt inn i indre fjordstrøk av jagande fisk, nise og sjøfugl. I varierande grad skal dette ha skjedd årleg fram til 70-talet.

Ifølge ei beretning frå 60-talet blei himmelen mørklagd av fugl, og bøtter kunne fungere som fiskereiskap. Også makrellstørja kom til Norskekysten for å «leske i seg» tobis. 

1966 var det verkelege klimakset. Les meir om historia i artikkelen Tobis ved Vestlandet og i Nordsjøen 1950–1990.

Fiskeriet flytta seg til havs

Det veksande fisket av tobis i Nordsjøen på 70-talet blei trekt fram som ein mogleg grunn til at det slutta å sige yngel inn til kysten.

Det er i Nordsjøen vi finn dei store sandbankane som er viktige for tobisen. Han grev seg nemleg ned i sanden om vinteren, og kjem fram for å gyte.

Skrudde opp kvoterådet

– På det årlege tobistoktet vårt i vår såg vi at det stod svært godt til med rekruttering av ny fisk på mange av tobisbankane. Vi kunne også slå fast at 2016-årsklassen er historisk sterk, seier Johnsen.

På bakgrunn av funna, kunne dei tilrå ei høgare tobiskvote i mange område. Les også: Oppjusterer kvoterådet for tobis til 125.000 tonn

Johnsen kan ikkje seie sikkert om fisken som no blir observert langs kysten høyrer til dei same bestandane dei såg på tobistoktet. Tobis gyter også på sand langs kysten.

– Vi veit ikkje om tobisyngelen langs kysten kjem frå havet, eller om han har lokale foreldre. Det er eit veldig interessant spørsmål, seier Johnsen.

Ein hypotese på dei historiske tobis-innsiga, var at overskot frå tobisbankar kombinert med dei rette straumforholda har spelt ei rolle. Tobis langveges frå kan i neste omgang ha slått seg ned meir kystnært og gitt opphav til ny fisk lokalt.

Kor kjem fisken frå?

Om fenomenet no gjentar seg, kan forskarane få ein ny anledning til å løyse gåta.

– Er tobisyngel langs kysten ein konsekvens av det vi ser i Nordsjøen, eller er det to uavhengige, eller relaterte fenomen? Det er forskingsspørsmål vi ønsker å finne ut av, seier forskaren.

Han vil gjerne ha fleire bilde av fenomenet frå publikum.

Fisk og fugl hadde etegilde i Eide i Sund kommune. (Foto: Gunnar Eide, etter avtale)

Referanse

Tangen, M., Hamre, J., Johnsen, E., Nakken, O., Nedreaas, K., Tangen, Ø., & Ågotnes, P. (2016). Tobis ved Vestlandet og i Nordsjøen 1950-1990. LENKE

Slik overvakar vi tobisen