Gå til hovedinnhold

Kronikk: Ta fangstprøver!


HI 038831

Bjørn Vidar Svendsen (nærmest) og Jostein Røttingen sorterer sild frå fangstprøvelotteriet. (Foto: Erlend Astad Lorentzen / Havforskningsinstituttet)

Kronikk i Fiskeribladet, 29. mai: Den viktigaste sesongen i nordsjøsildfisket står for døra. Då er det viktig at du som deltek tek prøver av fangsten. Slik hjelper du forskarane med å anslå bestandstorleik og tilrå kvota.

Vi nyttar desse prøvene til å berekna kor mange sildeindivid fiskeria tek ut av bestanden. Dette er særs viktige data for bokhalderiet av bestandane.

Når forskarane skal anslå størrelsen på ein fiskebestand, har faktisk desse fangstprøvene ofte større innflytelse enn observasjonar frå Havforskinga sine eigne tokt.

Dei årlege toktindeksane fortel kor mykje bestanden av nordsjøsild varierer over tid, samt alderssamansetninga i bestanden.

Fangstprøvene, saman med sluttsetlane, gjev HI informasjon om talet på fisk som blir fanga og kva størrelse og alder ein fiskar på. Det kan vere stor forskjell på alderssamansetninga i bestanden og i fangstane. Derfor gjev fangstprøvene oss viktig informasjon.

Fangstsamansetninga er faktisk så viktig at anslag på fangst-ved-alder er den datakjelda som har størst påverknad på bestandsestimatet for nordsjøsild. Då vil vi ha mest mogeleg representative fangstprøver og tilstrekkeleg mange av dei.

 

I pelagisk sektor har det vore eit ynskje om å forbetra prøvetakinga og få meir robuste data. Det får vi med såkalla «tilfeldig utval». Utveljinga blir utført av ein datamaskin, og då har alle fangstar ein kjent sjanse til å bli trekt ut til prøvetaking. Dette blir som i eit lotteri, der alle kan vinna, og der sannsynet for å vinna er kjent og aukar med fangststorleik.

Nøkkelen til å gjere dette er elektronisk fangstdagbok som alle fartøy over 15 meter brukar. Ein modifikasjon av programvara om bord (utført av leverandørane av fangstdagbok) og tilpassingar av programvare ved Fiskeridirektoratet og ved HI, gjer det mogeleg å utføre loddtrekkinga på fiskefartøyet rett etter at fangsten er teken om bord. Arbeidet som må gjerast ved kvart kast/hal er minimalt. Det held å setja til sides 15–20 kg sild i ein stamp til svaret frå loddtrekkinga kjem etter nokre minutt. Loddtrekkinga skjer via den elektroniske fangstdagboka og gjev ikkje mykje ekstraarbeid om bord. Dei aller fleste fangstar som går inn i lotteriet får «nei» til svar, fordi vi berre treng prøver frå ganske få, men tilfeldig utvalde fangstar. Det er likevel særs viktig at alle fartøy deltek slik at vi sikrar at prøvene er mest mogeleg representative for fiskeria.

Fangstprøvelotteriet (sildelotteriet) vart etablert i 2018. Målet er å forbetre prøvetakinga frå dei pelagiske fiskeria. Forsking viser at dess fleire båtar som bidreg med prøver, dess betre og mindre usikre vert fangstestimata – noko som i neste omgang vil gje betre estimat på kor mykje nordsjøsild det er i sjøen og kor mykje vi kan trygt kan ta ut i eit fiske.

HI oppfordrar difor alle som set kursen mot fiskefelta om å seie ja til lotteriet og bidra til denne fellesdugnaden. Gevinsten kjem kanskje ikkje med ein gong, men om ei stund vil gode prøver frå fiskeria gje oss betre råd om kor mykje vi kan fiska.