Gå til hovedinnhold

Tema: Fangstprøvelotteriet


sildefangst1

Havforskingsinstituttet tek kvart år hundrevis av prøvar frå den kommersielle fangsten av våre viktigaste fiskeartar. Hovudføremålet er å få gode data på den landa fangsten, med tanke på storleiksfordeling (lengde og vekt), kondisjon, kjønnsmodning og alder. 

Aldersfordelinga er særs viktig, og saman med data på mengd (tonn) fisk landa som vi får frå Fiskeridirektoratet, bruker vi desse prøvane til å berekna kor mange individ av kvar årsklasse som vert fiska per år. Dette er den viktigaste parameteren i bestandsmodellane som vert brukt for å berekna kvoteråd for dei store bestandane.

I den pelagiske sektoren føregår denne prøvetakinga i stor grad av fiskarane sjølve, i samråd med Havforskingsinstituttet, ved at prøvar av fangsten vert frosne ned og levert landanlegg som sender prøvane til instituttet for analyse. 

Utvida ordning i 2021

I januar 2018 starta vi opp med å bestilla fangstprøvar av sild ved hjelp av elektronisk fangstdagbok, og «fangstprøvelotteriet» vart til. 

Fangstprøvelotteriet har vorte utvida år for år, og frå første januar 2021 gjelder ordninga for sild, kolmule, makrell, brisling, augepål, hestmakrell, tobis og vassild. Lodde kjem med når loddefisket blir teke opp igjen.

Bruk av elektronisk fangstdagbok og loddtrekning på enkeltfangstnivå for å «bestilla» fangstprøvar, er ein statistisk sett tilnærma optimal måte å gjera det på, og er no den einaste måten Havforskingsinstituttet hentar inn fangstprøver av dei nemnte artane. Skal ordninga gje den forbetringa i presisjonen av kvoteråda som vi forventar, avheng det av full deltaking frå fiskarane si side.


DSC 3444A1300

Trålhal med sild

Fotograf: Kjartan Mæstad

Ein fiskebåt går frå hamn og sender avgangsmelding (DEP) til Fiskeridirektoratet og melder kva målart han har tenkt å fiska på denne turen. Ein ny meldingstype generert av fangstdagboka (og ein kopi av avgangsmeldinga) blir sendt til Havforskingsinstituttet, som automatisk sender returmelding og ber om at fartøy deltek på prøvetakinga dersom målart er ein av artane som er med i fangstprøvelotteriet.

Deltakinga inneber to ting; for kvar fangstoperasjon (kast/trålhal) vert det bedt om:

  • At fiskar tek ein prøve (ca. 15 kg, eller 2 kg for brisling og øyepål) av fangsten tidleg i fangstoperasjonen og set til side.
  • At fiskar, så tidleg som praktisk mogeleg, sender ein fangstmelding via fangstdagboka. Meldinga er teknisk sett ein kopi av fangstrapporten (DCA) for det aktuelle kastet/halet og må innehalde eit anslag på mengda av målarten fanga. Meldinga blir laga automatisk av fangstdagboka, slik at skipparen slepp å føra inn nye opplysningar i dagboka.

Denne meldinga blir sendt til Havforskingsinstituttet som med ein gong, og automatisk, svarar enten JA eller NEI.
Dersom svaret er JA, ber ein om at mannskapet pakkar og merker prøven, frys den ned og leverer den på eit mottaksanlegg (norsk) ved passande høve. Dersom svaret er NEI, kan prøven kasserast.

  • Mottaksanlegget må så ta vare på prøvane som kjem inn frå fiskeflåten og senda dei til HI etter nærare avtale.

Dette nye systemet krev ein betydeleg innsats, spesielt frå fiskarane, men òg frå industrien, for at det skal fungera. I avsnitta under vert det forklart i litt meir detalj. Spørsmål om ordninga kan sendast på e-post til «fangstprover@hi.no» (eventuelt til Håkon Otterå, tlf. 950 65 762). Planen er å få inn i prøvar frå tilfeldig valte fangstar spreidd over heile flåten gjennom året. Sjansen for at ein enkeltfangst vert trekt ut, er ikkje veldig stor, men store fangstar vil ha større sjanse for å «vinna i lotteriet» enn små fangstar.

For å få dette til er vi avhengige av god oppslutning frå flåten og landindustrien om denne ordninga gjennom heile året. Dette vil vere eit felles løft for ei betre bestandsvurdering og kvoterådgiving.


HI 032353

Teknikerne Valantine Anthonypillai og Øyvind Tangen sorterer makrell og sild for harde livet etter et stor trålfangst sør av Jan Mayen.

Fotograf: Leif Nøttestad

Prøvetaking

  • Vi ynskjer prøver frå enkeltfangstar (notkast, trålhal, ...) og ikkje frå fangst i rommet. Når det gjeld nvg-sild blir den alderslest ved å analysere fiskeskjel (risp) og ikkje øyresteinane som er vanleg for anna fisk. For at resultatet skal bli godt, må ein ha minst mogeleg handtering av fisken. Reint praktisk vil det seie at for nvg-sild vil vi be om at prøven vert teken tidleg i fangstprosessen, når ein startar å pumpa om bord frå eit kast.
  • Ein prøve er i denne samanhengen omtrent 15 kg (2 kg for brisling og øyepål) som ein tek til side. Prøven kan oppbevarast i ein stamp e.l. inntil vidare. Vanlegvis vil vi at fisken som ein tek ut skal vera tilfeldig valt frå heile fangsten, men når det gjeld nvg-sild er det viktigare at den blir teken ut i starten. Prøven kan godt vera den same som sortimentsprøven ein tek til Sildesalslaget.
  • Vi ber altså om at denne prøven vert oppbevart inntil svar frå «lotteriet» blir motteke (sjå neste punkt). Dersom det går meir enn 1 time før svar vert motteke, kan prøven kasserast.

Fangstdagbok

  • Vi forutset at avgangsmelding er sendt som vanleg og at fartøyet er bedt om å delta på prøvetakingsprogram på inneverande tur. Tilbakemelding på dette får ein via fangstdagboka.

  • Start fangst (hal) og sluttfangst (hal) blir registrert på vanleg måte i fangstdagboka. Det som startar «lotteriet» er at sluttfangst vert registrert og at art og kvantum vert registrert i dagboka. Når dette er registrert går ein automatisk melding til HI sitt «sildelotteri» og svar vert sendt tilbake til fangstdagboka med ein gong. I dei aller fleste tilfelle tek det under 10 minutt frå fartøyet sender meldinga til svar frå HI er motteke. Dersom svar ikkje er motteke innan ein time, kan fangstprøven kasserast.

    • Svaret er enten JA … eller NEI …

  • Det er viktig å merka seg at denne nye meldinga som går til Havforskingsinstituttet er førebels, og ikkje pålagt å senda inn. Eventuell korrigering av fangstkvantum til den offisielle fangstmeldinga (DCA) som vert sendt før midnatt kan gjerast i ettertid.

Pakking, emballasje og merking

  • Dersom svar på «lotteriet» er JA, ynskjer vi at prøven som vart teken, vert pakka, merka, frosen og levert til landanlegg ved passande høve.
  • Når det gjeld pakking, kan ein bruka den emballasjen ein har som er eigna til dette. Vi treng ein prøve på minst 2 kg for brisling og øyepål/augepål og 15 kg for dei andre artane. Vi har sendt ut ein del 10 kg-kartongar merka spesielt for dette føremålet, men det går fint å bruka vanlege 20–25 kg kassar som industrien brukar.
  • Det er viktig å ha passande emballasje om bord
  • Det er veldig viktig at prøven blir merka godt. Bruk gjerne etikettane vi har sendt ut, og skriv på med vassfast tusj. Etikettane er også lagt på www.hi.no/fangstprover for nedlasting. Fangstopplysningsetiketten må plasserast på kortenden på kassen. Bruk gjerne klar pakketape til å feste etiketten om den ikkje sit godt fast, eller skriv direkte på kassen. Det er viktig med ein eintydig referanse til fangstdagboka.
  • Legg prøva i frysaren til den vert levert til eit landanlegg. For mindre fartøy som ikkje har plass til frysing, vil prøven ofte kunna lagrast fersk. Dette gjeld i vinterhalvåret, og dersom det er kort tid til levering på landanlegg eller til føringsbåt med frysekapasitet.

Levering til landanlegg

  • Dei aller fleste mottaksanlegga har sagt seg villige til å ta imot disse fangstprøvene og oppbevare dei på frys for seinare vidaresending til HI.
  • Prøva skal ikkje leverast til utanlandske mottak, men takast med vidare til neste lossing på eit norsk mottaksanlegg.

For mottaksanlegga

  • Jobben til mottaksanlegga vil vera å ta imot fangstprøvar frå fartøy som leverer fangst, og å oppbevara prøvane til dei kan sendast til Havforskingsinstituttet
  • Prøvane skal sendast til HI kvar månad.
  • HI har fraktavtale med «Kyst1» som tek seg av alt det praktiske. HI betalar for frakta.