Ned i vekt med biff eller laks - eitt feitt

biff eller laks eitt feitt(1).jpg

Forskarane hadde venta at det var lettare å slanke seg med laks enn med biff. Kjøt fremjar fedme, men det ser ikkje ut som det spelar noka rolle om ein et biff eller laks når ein skal gå ned i vekt.

Fotograf: foto: Erlend A. Lorentzen/ Helge Skodvin

Om du et biff eller laks når du vil ned i vekt spelar inga rolle. Det er berre når du vil halde deg slank at du bør satse på laksen.

 

—Vi hadde venta å finne at det var lettare å slanke seg med laks enn med biff. Vi veit jo at kjøt fremjar fedme, men det ser ikkje ut som det spelar noka rolle når ein skal gå ned i vekt. Det er berre når ein går opp i vekt at proteinkjeldene spelar inn. Det seier Even Fjære, som er forskar ved Havforskingsinstituttet.

Biff og laks ga likt vekttap    

Tidlegare studiar med mus har vist at det er lettare å halde vekta når ein et fisk enn når ein et  kjøt. Studiane viste at mus som vart feita opp med biff, svinekjøt og kylling fekk over dobbelt så høg feittprosent som mus som fekk torsk eller laks. No ville HI-forskarane kartlegge om fisk har same effekten når ein går ned i vekt.

I den nye studien vart alle musene først feita opp med sukker og feitt, før dei vart sette på to typar diettar med likt kaloriinnhald. Den eine gruppa fekk ein mager diett av laks, og den andre gruppa fekk ein mager diett av entrecote. Ei kontrollgruppe heldt fram med å ete den kaloririke kosten. I alle tre gruppene fekk halvparten av musene sjansen til å trene ved at dei fekk springe i løpehjul.

Til forskarane si overrasking viste det seg at når ein skal slanke seg, så har det lite å seie om proteinkjelda di er frå kjøt eller fisk. Alle gruppene som fekk ein kalorifattig diett gjekk ned i vekt, uavhengig av om dei åt laks eller biff, og uansett om dei trena eller ikkje.

—Når ein legg på seg er det kanskje skilnad på kva som går til lagring i kroppen og kva som blir brukt med ein gong. Fisk går i mindre grad til lagring i kroppen enn kjøt gjer. Når ein slankar seg, så tærer ein av lagera, og då spelar det mindre rolle om ein et kjøt eller fisk, for då går så lite til lagring uansett, seier Fjære.

Musene liknar på folk:

 

  • Musene i studien er av typen "black 6" som liknar mest på menneske når det gjeld overvekt og fedme. Ein brukar desse musene for å studere overvekt, fedme og diabetes type 2 hos menneske.
  • Black 6 utviklar lett overvekt når dei får for mange kaloriar, og dei får mange av dei same følgjesjukdomane som menneske får ved overvekt og fedme.
  • Musene som fekk trene sprang i snitt heile 30 kilometer i løpet av ei veke.

Påverkar leverfeittet

Ein såg likevel nokre viktige skilnader mellom dei to typane diett. Eit typisk problem ved fedme er såkalla feittlever, og denne gjekk kraftigare tilbake hos dei som åt laks enn hos dei som åt biff.

—Med ein gong ein har laks i dietten er det mykje mindre feitt i levera enn hos dei som et entrecote, seier Fjære.

Forskarane såg også at musene som slanka seg med laks i dietten fekk størst endring i   tarmfloraen. Fjære seier at dei ikkje har svaret på kva dette har å bety.

—Vi trur det heng saman med kor godt ein tek opp feitt frå dietten, men det har tydelegvis ikkje så mykje å seie når ein skal gå forholdsvis raskt ned i vekt. Det kunne vore spennande å sjå på effekten over tid.

Trening beskyttar mot diabetes

Studiane viste også at trening forsterka effekten av slankediettane, og at både musene som åt laks og dei som åt biff gjekk meir ned i vekt når dei fekk trene. Musa som heldt fram med å ete mykje feitt og sukker gjekk på si side ikkje ned i vekt sjølv om dei trena.

Samtidig såg ein at alle som trena fekk mindre sjanse for å utvikle diabetes. Treninga ga betre insulinsensitivitet i alle gruppene, også hos dei som fekk kaloririk kost og framleis var overvektige.

—Det ser ut som den største effekten av trening er at du får betre insulinsensitivitet, og at du dermed er betre beskytta mot å utvikle diabetes, seier Fjære.

 

Les den vitskaplege artikkelen her