Fann ukjent korallrev ved Stord

  • G0038513.JPG

    Bukkarevet er stort, men langt frå norgesrekorden til Røstrevet på 45 kilometer.

    Fotograf: Tina Kutti / Havforskningsinstituttet
  • G0038916.JPG

    På videoane ser forskarane mykje trollhummar og det som truleg er eggkapslar frå hai blant korallane.

    Fotograf: Tina Kutti / Havforskningsinstituttet
  • G0038700.JPG

    Korallrev består av kalkskjelettet til daude korallar, og levande korallar. Dei dannar leveområde for andre artar.

    Fotograf: Tina Kutti / Havforskningsinstituttet
  • kart.jpg

    Bukkarevet ligg sør for Bukkaskjeret, på terskelen til Hardangerfjorden. Fem kilometer vest ligg industribyen Leirvik på Stord.

    Fotograf: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet
  • tina med lophelia.jpg

    Tina Kutti med Lophelia pertusa (arkivbilde)

    Fotograf: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet

Forskarane testa metodar for å finne korallar då dei også fann det «nye» Bukkarevet. Det er det største dokumenterte korallrevet på Vestlandet.

– Viss vi antar at 20 høgdemeter av det vi ser på videoane er korallar, betyr det at revet er minst 4000 år gammalt, anslår havforskar Tina Kutti.

Det nyfunne Bukkarevet ligg på terskelen til Hardangerfjorden, ved Bukkaskjeret. Det strekker seg fleire hundre meter i kvar retning, akkurat innafor grensene til Miljødirektoratet sitt foreslåtte Ytre Hardangerfjorden verneområde (sjå faktaboks).

Fann nåla i høystakken

Forskarane har lenge hatt mistanke om Bukkarevet etter sporadiske korallfunn i området. Både Kutti og andre har leita etter det før. Men i tussmørket på 150 meters djup ser kameraet berre nokre meter framfor seg. Det er med andre ord som med nåla i høystakken.

– Det var utruleg kjekt å endeleg få bekrefta at revet faktisk finst. Og det med eit kamera som eg stod på dekk og heldt i, seier Kutti.

Den handhaldne videoriggen er HI-laga og består av nokre pvc-røyr og GoPro-kamera i eit dykkehus. Her bemanna av Tina Kutti. (Foto: Vivian Husa / Havforskningsinstituttet)

Vil halde avstand mellom oppdrett og korall

Forskarane var på tokt for å lage ein «manual» for korleis oppdrettarar bør undersøke havbotnen før dei ber om å få plassere nye oppdrettsanlegg. 

Botnen rett under anlegg, blir påverka av nedfallen skit og fôr frå merdane. Havforskarane vil generelt rå mot å plassere anlegg for nære korallar.

Veit lite om kystbotnen

– Funnet viser kor viktig det er å kartlegge unik natur på havbotnen. Vi har hatt fleire tokt i området, men ikkje sett dette revet før, seier Kutti.

Til havs samarbeider HI med Norges Geologiske Undersøking om systematisk havbotnkartlegging (Mareano-programmet). Havbotnen langs kysten er lite kartlagt.

Når forskarane har analysert videomaterialet ferdig, vil dei legge funnet inn på Fiskeridirektoratet sitt sjøkart Yggdrasil. Det finn du her: https://yggdrasil.fiskeridir.no/