Gå til hovedinnhold

DNA-analyser viser: Brisling i fjord og i hav er ikkje i «familie»

brisling
Fotograf: Erling Svensen / Havforskingsinstituttet

Resultata har delt inn brislingen i nye bestandar.

Publikasjonsprisen 2020

Denne saken fra arkivet er løftet frem for nye og gamle lesere. Den vitenskapelige artikkelen som denne nyhetssaken er basert på er en av de nominerte til Årets publikasjon ved HI i 2020. 

Vinneren kåres av en ekstern jury.

Tidlegare var brisling delt inn i ulike bestandar i Nordsjøen, Skagerrak- Kattegat med tilhøyrande norske fjordar og Østersjøen.

Det var fram til havforskarane analyserte DNA-prøver av 2 500 brislingar frå 40 stader i dei nære havområda våre.

Ikkje utveksling mellom hav og kyst

– Vi ser tre heilt distinkte «brislingfamiliar»: Norskekysten, Nordaust-Atlanteren i eitt og Østersjøen, seier havforskar Cecilie Kvamme.

– Det er med andre ord ikkje slik at brisling frå havet kan gi påfyll i norske fjordar.

Kvamme trur ikkje avstand er det avgjerande, ettersom prøver frå Lysefjorden skil seg markant frå Nordsjøen, «berre» 250 kilometer unna.

Elles var genane slåande like langs den 1 500 km lange, norske kystlinja.

– Det kan vere at havbrislingen og kystbrislingen er tilpassa ulike miljø, og derfor ikkje har noko med kvarandre å gjere, forklarar ho.

Nye metodar gir nye bestandar

Det har vore kjent at bestandsinndelinga av brisling ikkje nødvendigvis har stemt heilt overeins med biologien.

– Dei nye DNA-metodane lar oss dele inn bestandane frå blanke ark, seier Kvamme.

Resultata er allereie tatt omsyn til når Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) gir kvoteråd. Her er den nye inndelinga, der Nordsjøen er slått saman med Skagerrak og Kattegat, mens brisling langs Norskekysten er skilt ut:

Kartet viser kor prøvane er tatt (nummera), og områdeinndelinga ICES har lagt til grunn for siste kvoteråd for brisling. (Illustrasjon frå den vitskaplege artikkelen)

Greitt med brisling i havet, mindre i fjordane

I april kom ICES med eit ferskt kvoteråd for brisling i det «nye» området Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat. Der rår ICES til at det kan fiskast opptil 207 807 tonn i fiskesesongen 2020-2021. (Sjå det tekniske kvoterådet.)

Det er greie tider for brislingen i havet. I fjordane er situasjonen ein litt annan.

Fangstane i norske fjordar var rundt 18.000 tonn i 1973, mot 1 315 tonn i 2018. 

Vil forske meir på kystbrislingen

– Vi veit ikkje fullt ut kva som gjer at det er mindre brisling i fjordane, så dette må vi undersøke vidare. Men ut frå dei nye resultata, kan vi no sjå på kystbrislingen heilt uavhengig av svingningane til bestandane i havet, seier Cecilie Kvamme.

For 2020 gav Havforskingsinstituttet råd om at det var forsvarleg å fiske opptil 240 tonn i Hardangerfjorden, 360 tonn i Sognefjorden og 80 tonn for Nordfjord. Brislingfisket i Sognefjorden blei stengt i 2019 etter råd frå havforskarane. Årets råd inneber at fisket kan gjenopnast. 

Les også: Kystbrisling: Anbefaler fangstkvoter på totalt 680 tonn | Havforskningsinstituttet (hi.no)

Det norske kystfisket aust for Lindesnes har vore del av Skagerrak og Kattegat-kvoten. Fisket har vore lågare enn kvoten.

Referanse

Quintela, María, Cecilie Kvamme, Dorte Bekkevold, Richard DM Nash, Eeva Jansson, Anne Grete Sørvik, John B. Taggart, Øystein Skaala, Geir Dahle, and Kevin A. Glover. "Genetic analysis redraws the management boundaries for the European sprat." Evolutionary Applications (2020). LENKE: https://doi.org/10.1111/eva.12942