Gå til hovedinnhold

Kystbrisling: Anbefaler fangstkvoter på totalt 680 tonn


Sprattus sprattus 08 05 a

Brisling i stim ved vasskorpa. 

Fotograf: Erling Svensen / Havforskingsinstituttet

Havforskingsinstituttet gir råd om at brislingfisket i haust blir avgrensa til maksimalt 240 tonn i Hardangerfjorden, 360 tonn i Sognefjorden og 80 tonn i Nordfjord.

Kvoterådet svarer til median fangst i fjordane i perioden 2002–2016. Rådet byggjer på data frå brislingtokt med «Kristine Bonnevie» i august, saman med historiske data frå tokt og fangst. Det blei presentert på eit møte med næringa og Fiskeridirektoratet torsdag.

Brislingfisket i Sognefjorden blei stengt i 2019 etter råd frå havforskarane. Årets råd inneber at fisket kan gjenopnast. Kvoterådet for Nordfjord og Hardangerfjorden er likt som i fjor.

Svingar frå år til år

– I fjor såg vi nesten ikkje brisling då vi gjekk med båten inn i Sognefjorden. I år såg vi ein god del, og då vi samanlikna med indeksen frå tidlegare år, såg vi at det var omtrent på gjennomsnittet, forklarer bestandsansvarleg Cecilie Kvamme.

Havforskaren seier at stenginga av fisket i fjor kan ha hatt ein positiv effekt på bestanden, men at det også er store naturlege variasjonar fordi brislingen er ein kortliva art.

– Den blir berre tre–fire år, og ofte er det null- og eittåringane som dominerer bestanden. Så rekrutteringa har mykje å seie, seier Kvamme.

HI gir også råd om å vurdere ei fangstkvote for Trondheimsfjorden, der det har vore godt brislingfiske dei siste åra. Mangel på gode historiske data gjer likevel at forskarane ikkje har grunnlag for å talfeste eit kvoteråd.

Prøver ny teknologi

Forskarane arbeider stadig med å utvikle metodikken for overvaking av brislingbestandane. På ein del av toktet i Sognefjorden hadde dei i år med seg ein HI-utvikla kajakkdrone utstyrt med elmotor og ekkolodd, for å samanlikne med målingane som vart gjort frå «Kristine Bonnevie». Kajakkdronen er liten og lett, og kan difor «sjå» brisling nærare vasskorpa og nærare land.

Kvamme fortel at forsøket ikkje har verka inn på årets kvoteråd, men trur bruk av dronar kan bidra til betre bestandsovervaking i framtida.

Les heile kvoterådet her.