Gå til hovedinnhold

Rår frå oljeaktivitet i viktige område for fisk og miljø


siluett av oljeplattform i havet

Petroleumsproduksjon i Nordsjøen.

Fotograf: Jon S. Rønning / Havforskningsinstituttet

Havforskningsinstituttet anbefaler å ikkje opne for petroleumsverksemd i områda nærast iskantsona og Mørebankane i 25. konsesjonsrunde.

Regjeringa ved Olje- og energidepartementet har føreslått å lyse ut 136 nye blokker for petroleumsaktivitet i Barentshavet og Norskehavet. Forslaget er sendt på offentleg høyring.

– Vi anbefaler i vårt høyringssvar å ikkje opne områda som er føreslått opna ved Mørebankane og lengst nord og sørvest i Barentshavet, seier forskingsdirektør ved HI, Geir Huse. Høyringssvaret kan lesast her (pdf).

Verdifulle område

Fleire av blokkene i nord overlappar eller ligg svært nær den såkalla iskantsona. Iskantsona er beite-, oppvekst- og overvintringsområde for fisk, sjøfugl og sjøpattedyr, og eit sårbart område for påverknad.

Eit anna område sørvest i Barentshavet ligg tett på gyteområde for hyse.

Blokkene i Norskehavet ligg tett på gyteområde for fleire kommersielt viktige fiskeartar, som norsk vårgytande sild, sei og uer. Området har også korallar og svampar som vil vere sårbare for petroleumsverksemd.

Ønskjer heilskapleg forvalting

HI uttalar seg også kritisk om dagens ordning med utlysing av areal for petroleumsverksemd gjennom eigne konsesjonsrundar. Ordninga bryt med prinsippet om heilskapleg forvalting, der ein vurderer den samla belastninga av menneskeleg aktivitet på økosystema.

– Det er eit aukande problem for det marine miljøet at vi har ei fragmenting av forvaltinga mellom ulike sektorar. Vi meiner tildeling av areal for petroleumsverksemd burde vera ein del av dei heilskaplege forvaltingsplanane for norske havområde, seier Huse.

Klimaeffektar påverkar hava

HI meiner også at effektane av petroleumsaktivitet på det globale klimaet må trekkast inn i vurderinga ved tildeling av areal. Kunnskapen om globale klimaendringar, inkludert havforsuring og effektar på marine økosystem, har auka vesentleg dei siste åra.

– Siste rapport frå FNs klimapanel i 2018, som forskarar frå HI har bidratt til, viser at ein rask reduksjon av verdas forbruk av olje og gass er nødvendig viss global oppvarming skal kunna haldast under 1,5 grader, seier Geir Huse.

Sjå heile høyringssvaret her (pdf).