Dette veit vi om iskantsona

Iskantsona er eit sårbart økosystem i overgangen frå is til ope hav. Her frå tokt i Vesterisen. Foto: HI
Publisert: 20.04.2020 Oppdatert: 21.04.2020
Forvaltingsplanen for Barentshavet og Lofoten er revidert, og vert behandla i Stortinget denne våren.
Havforskingsinstituttet er ein del av Fagleg forum, ei statleg, rådgjevande gruppe av forskarar og forvaltarar, som leverer kunnskapsgrunnlaget til forvaltingsplanane for norske havområde.
Forvaltingsplanen for Barentshavet
Forvaltingsplanen legg dei overordna rammene for eksisterande og ny verksemd i havområdet, og sameksistens mellom næringar som fiskeri, sjøtransport og petroleumsverksemd.
I planen vert grensene for iskanten og iskantsona definerte.
HI anbefaler å revidere grensa til 0,5 isfrekvens
Iskanten varierer gjennom månadane, og mellom år. I gjeldande forvaltingsplan er grensa for iskantsona trekt ved 30 prosent isfrekvens.
For å sikra det verdifulle og sårbare økosystemet i iskantsona, har vi saman med Norsk Polarinstitutt anbefalt å revidere grensa til 0,5 isfrekvens.

Vårt kunnskapsgrunnlag
HI sitt kunnskapsgrunnlag bygger på fleire kjelder, deriblant:
• Årlege økosystemtokt i Barentshavet og andre tokt i nordområda
• Ressursovervaking av ulike fiskeartar og andre marine artar, sel- og kvalteljingar m.m.
• Fleire lange tidsseriar, blant anna temperaturovervakingar tilbake til 1950
Krevjande risikovurderingar
Å gjere risikovurderingar av korleis menneskelege aktivitetar nær iskantsona kan påverka miljø eller dyreliv negativt, er vanskeleg, då det er stor usikkerheit knytt til dette.
Som det vert presisert i Fagleg forum sitt grunnlag for revisjon av forvaltingsplanen for Barentshavet, er det gjort få faktiske analyser av drift av oljesøl inn mot is. Ein har også få erfaringar frå før med hendingar der olje har gått inn i is.
Dette gjer at det er krevjande å risikovurdere konsekvensane av eit eventuelt oljeutslepp i iskantsona.

Våre nyaste saker om iskantsona
Her kan du lese dei ferskaste sakene vi har skrive om vår kunnskap om iskanten:
- Barentshavet har blitt kjølegare – det flyttar iskantsonen lenger sør
HI si overvaking av havområdet viser at temperaturane har gått nedover dei siste åra.
- Når isen flyttar seg, må selen følge etter – rett i gapet på isbjørnen
Og det er berre éi av utfordringane i selen sin nye kvardag.
- Polartorsken er svært sårbar for oljesøl
Hjarteutviklinga hjå polartorskelarvane blir alvorleg skada, sjølv ved svært låge dosar. Det gjer sjansen for å overleva minimal, for ein av dei viktigaste artane ved iskanten.
- Kronikk: Derfor bør du interessere deg for iskantsonen
Det store spørsmålet er korleis vi kan ivareta både natur og næring i dei verdifulle og samtidig sårbare havområda i nord, skriv havforskingsdirektør Sissel Rogne og havforskarane Randi Ingvaldsen og Gro I. van der Meeren i Sunnmørsposten.
- Kva er polarfronten?
«Polarfronten» er eit begrep som hyppig blir brukt i medier og debatt. Men kva betyr det eigentleg? Og kvifor er denne fronten viktig?
- Podkast: Kva er greia med iskanten – og kvifor angår den oss?
Langt nord, i stiv kuling og store bølger – Randi har leia fleire forskingstokt inn i isødet i Arktis. Klimaforskaren har sett endringane i nord med eigne auge, og tek oss med til den sårbare iskantsona. Last ned «Havpodden» i iTunes, Spotify eller høyr episoden her.
