Gå til hovedinnhold

Signerte One Ocean-avtale i kapteinsalongen

sissel

I august 2021 byrjar One Ocean-ekspedisjonen. Havforskingsinstituttet deltek på fleire etappar, og no er kontrakten signert av havforskingsdirektør Sissel Rogne og Haakon Vatle som er direktør for Stiftelsen Statsraad Lehmkuhl. 

Fotograf: Marie Hauge

Dei maritime omgjevnadene var upåklagelege då havforskingsdirektøren og Lehmkuhl-direktøren sette namna sine på avtalen for den store One Ocean-ekspedisjonen. 

One Ocean Expedition startar frå Arendal i august 2021, og har vore planlagt fleire år allereie. Havforskingsinstituttet er blant dei seks forskings- og utdanningsinstitusjonane som deltek. I tillegg er det partnarar frå næringsliv og politikk med på den nesten to år lange seglasen.

HI leiar arbeidet med det vitskaplege programmet der klimaendringar, biodiversitet, fiskeri, marin forsøpling (inkludert lydforureining) og havforsuring er sentrale tema.

Ønsker langvarig samarbeid

Haakon Vatle som er direktør for Statsraad Lehmkul er takksam og stolt over å ha fått Havforskingsinstituttet om bord på «One Ocean Expedition». 

– Havforskingsinstituttets kompetanse og erfaring blir heilt avgjerande for at ekspedisjonen vil kunna bringa fram ny kunnskap om havet. Vi håpar dette er starten på eit langvarig samarbeid, og at Statsraad Lehmkuhl for framtida vil fungera permanent som eit utdannings- og forskingsfartøy.

Segslskute og forskingsfartøy

Havforskingsdirektør Sissel Rogne er også oppteken av at den staselege seglskuta no kan kallast eit forskingsfartøy. 

– Vi snakkar om eit av dei vakraste og eldste forskingsskipa – som i tillegg er så stille på ferda. Det er ein stor fordel for mange av dei vitskaplege målingane vi skal gjera undervegs. På mange måtar blir statsraaden eit flytande samarbeidslaboratorium – denne ekspedisjonen blir ein flott start på havforskingstiåret som nettopp har som mål finna felles løysingar på tvers av fagdisiplinar og nasjonar.