Gå til hovedinnhold

Sjekka næringsstoff og framandstoff i tang og tare


MX0B9401.jpg

Fingertare har vist seg å vere ein versting på det kreftframkallande stoffet uorganisk arsen. Den nært beslekta stortaren er eit betre val for tallerkenen.

Fotograf: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet

Forskarane fann store skilnader mellom artane.

Sidan sist vi sjekka for Mattilsynet, har tang og tare som mat blitt meir populært, og nye artar har inntatt kjøkenet. Totalt har forskarane no analysert 27 såkalla makroalgar.

– For første gongen har vi nok data til å skilje mellom dei mange ulike artane, seier forskar Arne Duinker.

For skilje seg gjer dei.

Enkeltartar stikk seg ut

– Når det gjeld tungmetall, stikk fire artar seg kraftig ut frå resten med høge nivå av det kreftframkallande stoffet uorganisk arsen. Det er fingertare, og dei tre litt særare artane skolmetang, japansk drivtang og importert hijiki, seier Duinker.

Dette er ikkje eit resultat av forureining. Som med korn og ris, er det tareplanten sjølv som lagrar stoffet naturleg frå sjøvatn. 

Stortare liknar i smak, men ikkje i innhald

Fingertare har vore populær mat fordi den er lett å få tak i og smakar godt. Mengdene uorganisk arsen overraska forskarane.

– Mengdene uorganisk arsen i fingertare er ikkje akutt giftig, men fingertare på dietten over eit langt liv kan få konsekvensar. Vi har kommunisert resultata til næringa undervegs, og veit at fleire har bytta ut fingertare med stortare i sine produkt. Det liknar mykje i smak, men er hakket vanskelegare å sanke, seier Duinker.

For mens fingertare står heilt opp til svaberget, må dei som vil sanke stortare rekne med å bli blaute på beina, og kanskje også i håret.

På bakgrunn av funnet, går Mattilsynet no ut med ei åtvaring mot å ete fingertare.

Ingen grenseverdiar - enno

Fingertare inneheld 24 milligram uorganisk arsen per kilo, mens stortare inneheld 0,036 milligram. 

Det er i dag ingen grenseverdiar for innhald av tungmetall i tang og tare selt som mat, slik det er for andre typar sjømat. Det er dels fordi det har mangla data. 

– Vi har no gjort ei svært omfattande rapportering av alle funna til det europeiske mattilsynet (EFSA). Neste år skal dei vurdere innhaldet av framandstoff i tang og tare, og vurdere grenseverdiar, seier Duinker.

Av framandstoff har forskarane fått tal på kadmium, uorganisk arsen, bly, og kvikksølv.

Kan bli for mykje også av det gode

Men dei har også sett etter mineral som er viktige for kroppen.

Jod er eit mineral som vi nordmenn stort sett har for lite av, særleg kvinner i fruktbar alder. Gravide treng stoffet for å gi barnet optimal hjerneutvikling.

– Mange tareartar inneheld masse jod. Særleg gjeld dette brunalgane, som stortare og sukkertare. Paradoksalt nok kan det bli altfor mykje, forklarar Duinker.

Dette er grunnen til at Mattilsynet i dag rår frå å ete store mengder tang og tare.

Ikkje direkte samanliknbart med annan sjømat

– No har vi har fått god jod-oversikt for mange nye artar, og har bekrefta tidlegare funn, seier forskaren.

Nokre algeartar har vesentleg mindre jod enn brunalgane:

– Mens tørka brunalgar kan ha nokre tusen gonger høgare jodinnhald enn kvitfisk, finn vi 30-300 gonger i raudalgar som søl og grønalgar som havsalat og nori. Sistnemnde er arka du finn i sushi. Dette er høgt, men ikkje skyhøgt, seier Duinker.

Raudalgen søl har blitt populær bant kokkane for sin umami-smak. (Espen Bierud / Havforskningsinstituttet)

Men det er ikkje rett fram å samanlikne, skal vi tru forskaren.

– Du et kanskje 200 gram fisk i ein porsjon, mens eitt nori-ark kanskje veg 2-3 gram. Utfordringa når myndigheitene skal risikovurdere tang og tare, er at vi ikkje veit nok om kor mykje europearane et i dag.

Er rikt på andre næringsstoff

Den nye rapporten viser også at koking og steiking reduserte jodinnhaldet med mellom 25 og 90 prosent i sukkertare.

Når det gjeld andre av minerala kroppen treng, har forskarane bekrefta at tang og tare over heile linja er rikt på kalsium og kalium og er gode kjelder til sink, magnesium og jern.

Bør kjøle ned varmebehandla mat

For bakteriar finn forskarane låg risiko i ferske eller tørka tang-og-tareprodukt.

– Men dersom du varmebehandlar det og ikkje skal ete det der og då, bør du kjøle ned maten, seier Arne Duinker.

Det er fordi det kan vere bakteriar som ligg i dvale i sporar. Når du utryddar dei andre bakteriane med varme, får desse fritt spelerom til å blomstre i romtemperatur.

– Dette er akkurat det same som med vanleg, pasteurisert melk, seier han.

Makroalgenerdar kan finne verdiane på alle dei undersøkte stoffa i vår database Sjømatdata, og alle funn i den fullstendige rapporten:

Referanse

Arne Duinker, Malin Kleppe, Even Fjære, Irene Biancarosa, Hilde Elise Heldal, Lisbeth Dahl og Bjørn Tore Lunestad. Kunnskapsoppdatering på makroalger som mat og fôr. Rapport fra havforskningen (2020). Gå til nettrapport.