Gå til hovedinnhold

Forskar kjapt på «hurtigfisk»

I den nye sebrafisklaben kan forskarane undersøke fleire generasjonar fisk utan å bli gamle sjølv.

Sebrafisk er ein liten, tropisk ferskvannsfisk du gjerne finn i akvarium. Den vesle fisken er stadig meir brukt i forsking, dels fordi han formeirar seg lynkjapt.

– Sebrafisk er havforskingas bananfluger. Vi kan produsere hundrevis kvar veke, forklarer lableiar ved stasjon Bergen, Enrique P. Garcia.

Kan samanlikne fleire generasjonar etter berre månadar

HI har bygd ny, toppmoderne sebrafisklab med opptil 5000 fiskar fordelt på 100 kar.

Forskar Anne-Catrin Adam brukar laben flittig, seinast for å finne ut om auka mengd av B-vitamin og aminosyra metionin i fôret kan gjere at fiskane veks raskare. Forskarane har sett det i laks, men no vil dei vite meir om mekanismane bak.

– Eg testar ulike typar fôr på sebrafisk, og samanliknar éin generasjon med avkommet deira, seier ho.

Hos sebrafisken er éin generasjon tre-fire månadar. Det vil seie at forsøket til Adam er overstått på om lag eit halvt år.

Kan vere «stand in» for laks og folk

– Skulle eg brukt laks, hadde det tatt fleire år å få resultat, seier ho.

Forskinga hennar er knytt til mekanismar bak genuttrykk som sebrafisken delar med laks. Resultata kan derfor vere overførbare. Sebrafisken kan også «stå modell» for menneske.

Tidlegare har forskarane vist at lågt nivå av B-vitamin hos fiskeforeldra gir meir feitt i levera hos neste generasjon. (B-vitaminmangel hos fiskeforeldre påvirker avkommet)

Genredigering og verknaden til uønskte stoff i kroppen er døme på andre forskingsfelt der sebrafisk er i bruk.

Nyttig prosjekt før nybygg

Sebrafisklaben har vore nyttig også for infrastrukturavdelinga som driftar han.

– Den nye laben er «state of the art». Sjølv om det er eit relativt lite rom, var byggeprosessen grundig og lærerik, med heile fire myndigheitsorgan involvert i godkjenningar, seier Enrique Garcia.

– Vi tar med oss mange erfaringar når vi skal utforme fiskehelselaboratorium frå scratch i det nye HI-bygget på Dokken i Bergen, avsluttar han.

Om Biologisk drift ved stasjon Bergen

  • Sju laboratorium for forsøk med fisk, krepsdyr og skjel.
  • Tillatelse for over 70 ulike artar i ferskvatn og saltvatn.
  • Desinfeksjon av alt avløpsvatn.
  • Godkjent for forsøk på eksotiske sjukdommar, karantene av fisk med ukjent helsestatus, og forsøk med genmodifiserte organismer og mikroorganismer. 
  • Godkjent som lærebedrift i akvakulturfaget.