Vil finne ut kor lite lusemiddel som skal til før hummaryngel får ''leddgikt''

  • HI-046048.jpg

    Hummaryngel er meistrar i å skjule seg - faktisk greier ikkje forskarane å finne dei i naturen. Eksemplaret på bildet er klekt i laben. Her med Rosa Escobar Lux.

    Fotograf: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet
  • formiddel.jpg

    Fire dosar, inkludert kontrolldosen, matar forskarane ulike humrar med.

    Fotograf: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet
  • rigg.jpg

    Rosa Escobar Lux riggar kara som humrane må spasere rundt i mens dei blir filma.

    Fotograf: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet
  • skalskifte2.jpg

    Teflubenzuron hindrar danninga av kitin, som hummaren brukar til å bygge skal. Store dosar kan føre til at dei døyr under skalskifte.

    Fotograf: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet
  • banar.jpg

    Etter mange turar skal eit spesialprogram analysere aktiviteten til humrane.

    Fotograf: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet

Store dosar teflubenzuron drep – små dosar gir stive ledd. Spørsmålet er kor små.

Oppdrettslaks får lusemiddelet teflubenzuron tilsett i fôret for å bli kvitt lakselus. Lusemiddelet hamnar på havbotnen i spillfôr og gjennom lakseskit. Der kan andre dyr få det i seg.

Døyr under skalskifte

– Teflubenzuron verkar ved å hindre skaldyr i å danne skal. Det gjeld lakselus, men også hummar, forklarer doktorgradsstipendiat Rosa Escobar Lux.

Forskarane veit at hummar døyr under skalskifte etter høge dosar teflubenzuron. No vil dei vite meir om korleis det går med hummar som ikkje døyr.

Slit med å finne skjul

– I tidlegare forsøk blei hummaryngel som var fôra med teflubenzuron, stiv i ledd og antenner. Dei sleit med å finne skjul og var dermed sårbare for rovdyr, seier Escobar Lux.

Forskaren står ved sida av fire avlange kar med hummar i den eine enden og skjul i den andre. Over kara heng det kamera.

– I dette forsøket forsøker vi å finne nøyaktig kva mengder av lusemiddelet som skal til før leddgikta og problema inntreff.

I slike kar må humrane vise kor bevegelege dei er. (Foto: Erlend A. Lorentzen / HI)

Må gå "hinderløype" kvar veke

Fire grupper hummar må gå den same løypa kvar veke i fleire månader. Tre av dei får ein diett med ulike mengder lusemiddel mens kontrollgruppa får vanlege pellets.

– Vi filmar åtferda deira og skal analysere den objektivt ved hjelp av eit spesialprogram. Humrane som får den sterkaste dosen, er synleg påverka og slit med å fote seg, forklarer Escobar Lux.

Enkelte av dei har døydd og er ute av forsøket.

Veit ikkje kor hummaryngelen er i naturen

Dosane av teflubenzuron i labforsøket er samanliknbare med mengder som er funne i havbotnen under oppdrettsanlegg. Forskarane kan likevel ikkje slå fast om stoffet utgjer nokon fare for hummaryngel utanfor laboratoriet.

Dei finn nemleg ikkje hummaryngel i naturen - forsøksdyra er klekte i kar.

– Effekten er den same

– Vi veit lite om kor og korleis dei lever. Men vi må gå ut frå at effekten av teflubenzuron i kroppen deira må vere den same, seier Escobar Lux.

Forskarane håpar no å få nok data til å kunne rekne ut anslag for kva mengder teflubenzuron som er skadelege for hummaryngel, både akutt og på lengre sikt.

Resultat frå forsøket vil gå inn i HI si totale risikovurdering av lusemidla sin effekt på andre artar enn laks og lus. Sjå Risikorapport for norsk fiskeoppdrett 2019.

(Dyreforsøk på HI må bestå strenge vurderingar for ulemper mot fordelar. I dette tilfellet er målet å skaffe kunnskap som kan komme økosystemet til gode.)