Gå til hovedinnhold

No blir det lotteri for fem artar


HI 038824

Skjell frå sild som er frose inn like etter notkastet slik det er lagt opp til i fangstprøvelotteriet er mindre utsett for slitasje og dermed meir «lettlesne» enn skjell frå sild frå mottaksanlegga. Det gjer jobben lettare for "alderslesarane" på HI her representert ved Jostein Røttingen.  

Fotograf: Erlend A. Lorentzen

Fangstprøvelotteriet blir utvida i 2020. I tillegg til sild og kolmule, skal lotteriet no omfatta makrell, brisling og øyepål.  

Det byrja som sildelotteriet i 2018, og går no under namnet fangsprøvelotteriet (sjå faktaboks). Erfaringane med lotteriet er så gode at ordninga blir trappa opp til å gjelda langt fleire av dei pelagiske artane. For 2020 er det alt trekt ut to heldige vinnarar som har motteke bestilling på fangstprøvar. 

Godt samarbeid med næringa

– Fangstprøvelotteriet er eit elegant system. Vi har vist at det verkar, og derfor aukar vi med tre nye artar, seier forskingsdirektør Geir Huse på Havforskingsinstituttet.
Samarbeidet med næringa har vore avgjerande for suksessen. Geir Huse fortel at innføringa av prøvetakingssystemet har fått unison støtte frå Fiskebåt, Pelagisk foreining, Norges Fiskarlag og Sildelaget. Under sildefisket i 2018 deltok 40 fartøy i ordninga, medan talet på deltakande fartøy var 107 i 2019.

– Sesielt Sildelaget har vore ein pådrivar for at fiskarane skal implementera det nye systemet, seier Geir Huse. Han opplyser at Havforskingsinstituttet ser det som ønskeleg at fangstprøvelotteriet blir obligatorisk for heile flåten. Eit forslag om ei slik forskrift er spelt inn til Fiskeridirektoratet.

Internasjonalt lotteri?

Erfaringane frå det norske fangstprøvelotteriet vekkjer internasjonal interesse. Geir Huse ser ikkje vekk frå at det kan bli eksportert til andre fiskerinasjonar.

– Vi har heile vegen vore opne om metodane våre. Noreg sit i førarsetet her, og det er fullt mogeleg å oppskalera systemet slik at det kan bli felles for heile fiskeriet i Nordaust-Atlanteren. Det trengs truleg berre nokre spesifikke tilpassingar for dei ulike nasjonane, seier Geir Huse.