Gå til hovedinnhold

Asiatisk strandkrabbe funnen for første gong i Noreg

Penselkrabben kom først til Sør-Europa på 90-talet, og har sidan spreidd seg stegvis nordover. Sist veke dukka den opp på Tjøme.

I Artsdatabanken er penselkrabben (Hemigrapsus takanoi) registrert som ein dørstokkart med høg risiko for invasjon til Noreg. Den har derimot ikkje vore registrert her til lands før.

Krabben er vurdert til å ha relativt liten økologisk effekt, men er altetande og kan gi den «vanlege» norske strandkrabben konkurranse når den no har nådd våre breiddegrader.

Merkverdig feriefunn

Det var Stig Ivar Larsen frå Nøtterøy som oppdaga den eksotiske krabben då han var ute i båten ved Tjøme og stoppa i ei grunn vik.

– Eg sat med beina i vatnet og plukka stillehavsøsters som eg knuste og kasta. Då fekk eg først auge på ein vanleg strandkrabbe, og så, litt lenger borte, kom det ein annan krabbe, som var heilt annleis, seier han.

Krabben skilte seg ut med sin mørke farge, store klør og meir firkanta skal. 

Melde inn på Havfunn

Larsen fortel at han er godt van både i fjæra og under vatn, og ber på ein gamal draum om å bli marinbiolog. Han fatta difor raskt interesse for den ubodne gjesten.

– Den fekk auge på meg gjennom vasskorpa og veik unna, men eg klarte å få tak i den så eg fekk studere den nærare. Men eg slepte den ut igjen etterpå, seier han.

Då han søkte etter informasjon om krabben på nettet, fann han ingenting anna enn ein artikkel om at ein liknande krabbe var funnen i Sverige i 2018. Difor registrerte han brukar på Havforskingsinstituttet si netteneste, Havfunn, og melde inn funnet (sjå faktaboks).

Lenge venta «innvandrar»

HI-forskar Vivian Husa kunne raskt stadfesta at det var ein ny art Larsen hadde funne.

Etter å ha konferert med forskarkollega Thomas Dahlgren ved NORCE og Universitetet i Gøteborg, var dei samstemte om det måtte vere penselkrabben H. takanoi som hadde kome til Noreg.

– Vi har lenge venta at denne arten, og den nærståande asiatiske strandkrabben H. sanguineus, skulle etablere seg her. Begge artane er frå før funne langs den svenske vestkysten, seier Vivian Husa.

Ho legg til at begge artane kan bli svært talrike der dei slår seg ned. Potensielt kan dei endre grunne økosystem. Forskaren oppmodar dei som ser det dei trur kan vere H. takanoi eller H. sanguineus om å melde inn funn på Havfunn.

Nyt godt av klimaendringar

Artsdatabanken fortel at H. takanoi har opphav i det nordlege Stillehavet ved Japan, Russland (Sakhalin), og farvatna ved Kina, Taiwan og Korea. Den blei introdusert til Spania og Frankrike på 1990-tallet, kanskje med ballastvatn, og i 2007 blei den først observert i Tyskland.

Penselkrabben er ein varmekjær art, og varmare sjøvatn som følgje av klimaendringar har truleg hjelp den til å spreie seg nordover. Om arten for alvor etablerer seg i Noreg står igjen å sjå. 

– No skal eg ut og leite etter fleire av den. Den har sikkert pelagiske larver som andre krabber, så det kan vere den dukkar opp mange andre stader også, seier «oppdagaren» Stig Ivar Larsen.