Gå til hovedinnhold

Skulle frå Marokko til Las Palmas – enda opp koronafast i Bergen


2 skip til kai i Bergen

To skip som ikkje skulle ha vore her: I slutten av mars låg plutseleg forskingsfartøya Dr. Fridtjof Nansen og Kronprins Haakon ved kai i Bergen, stikk i strid med alle toktplanar. Foto: Febril Film/HI 

Hamner, flyplassar og grenser blei stengde på ein augneblink i mars. I staden for å komme heim, enda sju afrikanske forskarar opp i ein framand by, i eit framand land, på eit anna kontinent.  

27. mars 2020 

Ein solfylt laurdagsmorgon i slutten av mars kjem eit kvitt forskingsskip innover fjorden mot hamna i Bergen. 

Det er ein historisk augneblink. Etter planen skulle nemleg ikkje dette skipet, «Dr. Fridtjof Nansen», segla inn mot heimehamna si på kanskje fleire tiår endå. 

Mannskapet som no står på dekk og ser mot Bryggen og Fløyen, skulle eigentleg vore på langt sørlegare breiddegrader, utanfor den vestafrikanske kysten. 

Men koronakrisa snudde opp-ned på det meste. 

Tidenes omveg for vestafrikanske forskarar 

Om bord kan Ebou Mass Mbye, Mamadou Ba og Djimera Lassana konstatere at dei neppe vil komme seg heim til avtalt tid. 

Forskarane frå Gambia og Mauritania hadde vore på tokt langs den vestafrikanske kysten saman med kollegaer frå Senegal, Marokko, Spania og Norge. 

Dei skulle avslutte i Las Palmas på Gran Canaria 31. mars. Men då viruset råka verda for alvor i midten av mars, lukka den luka seg kjapt.  

– To veker før toktet skulle vere ferdig, skjønte vi at det ikkje ville gå. Og då skjedde alt veldig fort, seier Ebou. 

Toktdeltakarane frå Marokko fekk gå av i Agadir, men dei andre måtte bli med skipet nordover til heimehamna Bergen. Foto: Merete Kvalsund/HI 

Nansen ankra opp i Agadir i Marokko, i håp om å få sendt toktdeltakarane heim derifrå. 

 – Der fekk vi oss ei trist overrasking, for det var berre marokkanarane som fekk lov til å gå i land, forklarar Mamadou. – Sjølv om heimlandet mitt Mauritania var så nærme, var det rett og slett ikkje mogleg for oss å gå av skipet.

I Spania skjedde det same – berre dei spanske forskarane fekk gå i land. 

Dermed sette skipet kurs mot Norge. Sju afrikanske havforskarar var om bord.

Heile gjengen på dekket på "Nansen": Mannskap, forskarar og ingeniørar som eigentleg skulle vera på tokt utanfor den vestafrikanske kysten, men brått hamna i den vestlandske hovudstaden i staden.

Fire veker seinare: Lokalkjente i Bergen 

27. april 2020. 

Ein månad har gått sidan skipet la til kai i Bergen sentrum. Der ligg det framleis. Ebou, Mamadou og Djimera er også framleis her, på ubestemt tid. 

Norske styresmakter har jobba kontinuerleg med løysingar for å få flydd forskarane heim, men det har vore krevjande i ei verd med stengde grenser og strenge restriksjonar. 

Alt i alt har det likevel gått greitt fortel dei ufrivillige norgesturistane. 

 – Dei tilsette på Havforskinga har sørga for at vi har fått det vi treng. Vi har fått SIM-kort, så vi har kunne ringt familiane våre, vi har fått mat, klede og etter ei veke på hotell, fekk vi flytta til eigne leilegheiter, fortel Ebou. 

– Vi har også fått spel, og eg har brukt noko av tida på å spela sjakk mot Djimera, smilar Mamadou. 

– Også har vi gått på tur! Mange turar! Vi har vore på Fløyen, på Lepramuseet og rundt omkring i byen. 

Er de lommekjende i heile byen no? 
– Yes! 

Tid til å vera turist: HI-tilsette tok med seg gjestene til alle obligatoriske turiststopp i Bergen, sjølvsagt inkludert Fløyen. Magatte Niang tok den klassiske Norgesferie-"selfien". Foto: Privat 

Har fått tett forskingssamarbeid 

Forskarar er og blir forskarar, og difor har sjølvsagt ikkje tida berre gått med til sjakk og lufteturar. Dei har også jobba vitskapeleg, og i samarbeid med HI-forskarane. 

Det har dei tenkt å halde fram med, også når dei endeleg kjem heim. 

 – Vi har no fått sjansen til å bli ekstra godt kjende med HI, og vi har jobba godt saman med forskarane her. Det samarbeidet gler eg meg til å halde fram med, også når vi er heime att, smilar Djimera.      

Tid til å bli kjent: Det blei tid til både forskingssamarbeid med HI og turistattraksjonar i Bergen. HI-forskar Kathrine Michalsen var ein av fleire HI-tilsette som brukte mykje tid saman med sine utanlandske kollegaer. Foto: Magatte Niang 

Verda opnar opp igjen 

16. juni 2020 

Når sola og sommaren slår til i Bergen i juni, startar også verda forsiktig å opna opp igjen. 

Grenser som har vore meir eller mindre hermetisk lukka, står plutseleg litt meir på gløtt. 

Nær tre månadar etter at forskingsfartøyet segla inn mot Vestlandet, kan endeleg dei fem forskarane frå Mauritania sette seg om bord i eit fly på Flesland – med retning mot heimlandet, familie og vener. 

Kort tid etter kan også dei to siste gjestene, frå Senegal og Gambia, vende flysnuten sørover til riktig kontinent.  

Endeleg på veg heim: Etter nær tre månadar som koronafaste i Norge, kunne havforskarane vinka farvel til HI og Bergen. Foto: Kathrine Michalsen/HI 

– Vi dreg gjerne ut på tokt igjen 

Sjølv om vårens tokt med Nansen innebar ein solid omveg og eit lengre opphald i Norge, vart ikkje forskarane skremt frå å reise ut på nye forskingstokt med skipet. 

– Det som skjedde med oss, skjedde ikkje på grunn av Nansen-toktet, det skjedde på grunn av  pandemien, seier Djimera. 

– Eg er havforskar med tjue års erfaring. Å reise på tokt er jobben vår, så det er klart vi vil på tokt igjen, avsluttar Ebou.