Gå til hovedinnhold

Har for første gong berekna kor mykje laksesild det er i Norskerenna


Laksesild1

Det er stor innblanding av krill i fangstane av laksesild. Krillen blir raskt øydelagt etter fangst.

Fotograf: Webjørn Melle

Forskarane har vore på tokt for å lære meir om den «nye» ressursen: Dei bereknar at det stod 15 000 tonn i fiskeriområdet under toktet.

Det nye bestandsestimatet var først presentert i årstalen til havforskingsdirektør Sissel Rogne 8. juni. (Sjå også: Havets tilstand 2020)

9.-23. mars gjekk forskingsfartøyet «Kristine Bonnevie» ut i Norskerenna, der fleire fiskebåtar gjorde gode fangstar av laksesild i fjor. Det blei rekna som eit lite gjennombrot i det mesopelagiske fiskeriet (sjå faktaboks).

Laksesilda er ein sølvblank, fingerstor fisk, som lever på over hundre meters djup i Atlanterhavet og i norske fjordar. Trass namnet er den ikkje i slekt med laks.

Var berre ute etter laksesilda

– Målet vårt var å mengdemåle laksesild med ekkolodd og trål, og vi har no fått eit første anslag, seier toktleiar Webjørn Melle.

Anslaget er på 15 000 tonn i toktområdet på om lag 17 000 kvadratkilometer (sjå kart). Toktområdet er bestemt ut frå kor fiskeriet gjekk føre seg i 2019.

Mesopelagisk fisk er rekna som ein stor og ubrukt ressurs. Men tidlegare anslag for kor mykje det eigentleg er av dei, har vore anekdotiske og biprodukt frå fiskeri eller andre tokt. I Nordsjøen er det truleg laksesild som har størst potensial av dei mesopelagiske artane.

– Mengdene vi har berekna i toktområdet er monalege i forhold til dei 1 600 tonna som blei fiska der i fjor. Samanlikna med andre kommersielle bestandar i Nordsjøen er derimot 15 000 tonn lite. Men anslaget gjeld for eit mindre område, og for ei tid på året der det truleg er mindre fisk i området, seier Melle.

Har lagt grunnlaget for å sjå på utviklinga til bestanden

Han er tydeleg på at dette er nybrotsarbeid med usikkerheit.

– Vi har mykje å lære om kor fiskane står, korleis vi skal tolke ekkoloddbilda og kva utstyr vi brukar. Vi veit heller ikkje om bestanden er lokal eller om fisk driv inn frå andre stader.

– Men no har vi lagt eit grunnlag til å finne ut meir om vekst og overskot i bestanden. Det er overskotet vi kan hauste av, seier Melle.

Forskarane brukar ekkolodd til å «telje» fisken, og trål til å ta stikkprøver av det dei ser på ekkoloddet. Det er slik dei finn informasjon om alderen og storleiken til fiskane.

«Storfiskane» stod langs kanten på 200 meters djup

– Fiskane blir truleg ikkje meir enn 2-3 år gamle og 5-6 centimeter. Om vinteren og våren er det mest å sjå av eittåringar som står i eit tett lag. Men dei er for små til å la seg fange i kommersielle trålar, seier Melle.

Kvifor det er slik at det delar av året nesten berre er eittåringar til stades, er forskarane usikre på. Det kan vere at dei vaksne fiskane døyr etter gyting, eller at dei vandrar ut av området om hausten.

På toktet såg forskarane at denne ungfisken også stod på «grunt vatn» rundt 100 meter. Dei større fiskane stod i stimar som systematisk trykka mot botnen langs kanten av Norskerenna på om lag 200 meter.

– Sidan toktet gjekk i mars, var det hovudsakleg eittåringar å sjå. Det er framleis usikkert kor store mengder fisk som er der om sommaren, når fiskeriet går føre seg, seier Melle.

Flyttar seg slik at det alltid er like mørkt

Forskarane har også observert fisken sin interessante åtferd. Laksesilda står meir eller mindre i éin føretrekt lysstyrke. Dei kompenserer for mindre og meir dagslys med å flytte seg opp og ned i vannsøyla.

– Dei flyttar seg i takt med dagslyset. Ungfisken er mindre lyssky og står om natta heilt oppe i overflata, over ekkoloddet vårt. Om dagen flyttar dei seg ned igjen, fortel Melle.

Toktet kunne derfor berre gå om dagen, mens fiskane let seg registrere.

Vanskeleg å målrette fangsten

Som fiskarane, fekk også forskarane stor innblanding av krill i fangstane, ein annan mesopelagisk art. Det har vore eit problem i forsøksfisket fordi krilen held seg særs dårleg på tank.

– Dei mesopelagiske artane har til felles at dei er skjøre og held seg dårleg etter fangst. Fiskarane har derfor vore på kjappe tredagarsturar for å rekke å levere fangsten før den blir øydelagt. Men krilen går i oppløysing etter berre timar. Smarte metodar for behandling om bord kan vere ei løysing, seier Melle.

Krill er også ein svært næringsrik art, og forskarane jobbar vidare med ei mengdeberekning av krilbestanden i same området, ut frå fangstane på toktet.