Gå til hovedinnhold

Modellar viser forskarane kvar korallane er


glaskorallrev

Rev av glaskorall. De røde korallene er sjøtre. I tillegg kan du se noen Mycale-svamper.Foto: Mareano / Havforskningsinstituttet

Modelleringa av kvar det veks kaldtvasskorallar er no blitt så nøyaktig at den kan brukast til å lage kart over kvar det er forventa å finne dei mest vanlege korallartane i norske havområde.

- Desse karta er spesielt nyttige for å kunne prioritere i kva område det skal gjennomførast ei grundig kartlegging og verifisering av moglege korallar, seier Pål Mortensen som er forskar ved Havforskingsinstituttet.

Kart over sannsynleg utbreiing av glaskorall (Lophelia pertusa), risengrynkorall (Primnoa resedaeformis) og sjøtre (Paragorgia arborea) basert på romleg modellering. Raudfargen angir kvar det er svært høg sannsynlegheit for å finne korallen, medan blå farge angir lav sannsynlegheit.

Den romlege presisjonen av modellane er god, men vil sannsynlegvis bli enda betre dersom det vert brukt miljødata med høgare og jamnare romleg oppløysning. Modellane dekkjer ikkje kyst- og fjordområde sidan verken djupnedata eller andre miljødata har vore tilgjengelege i god nok oppløysing.

- Observasjonane som ligg til grunn for modellane viste at glaskorall vart funne i grunnare og varmare vatn, i tillegg til i eit snevrare spenn av temperatur og djupn, enn det risengrynkorall og sjøtre blir, seier Mortensen.

Dette kjem også klart fram i modellane.

- Ute i havet må ein som oftast mellom 200 og 500 meter før ein kan finne kaldtvasskorallar. Dei trivst best i temperatur mellom 6 og 8 °C, fortel han.

Dannar leveområde for andre artar

Utanfor Noreg lev fleire ulike artar, og vi har også mange korallrev.

- Sidan kaldtvasskorallane dannar viktige leveområde for andre artar, samstundes som dei er sårbare både for menneskeleg påverknad og klimaendringar, er det viktig å vete kvar det veks korallar, seier Mortensen.

Krev kunnskap om miljøforhold

For å vite heilt sikkert kvar korallane finst må havbotnen kartleggjast i detalj.

- Å kartleggje heile havbotnen i detalj er både teknisk krevjande og dyrt. Derfor er modellering eit godt alternativ, seier Hanna Sundahl, ho har tatt mastergrada si ved Universitetet i Bergen basert på data frå Mareano.

Før forskarane kan ta i bruk modellar til slikt arbeid, må dei ha kunnskap om kva slags miljøforhold som skal til for at dei ulike korallane skal trivast. Når den no er på plass, kan dei finne ut om det er korallar også i andre, mindre kartlagde område.

Kunnskap frå Mareano

- Vi har brukt data frå kartleggingsprogrammet Mareano. Observasjonane deira er eit ypparleg utgangspunkt for å modellere utbreiinga av glaskorall, risengrynkorall og sjøtre som er dei tre vanlegaste korallartene, fortel Lene Buhl-Mortensen, forskar ved Hvforskingsinstituttet.

I tillegg har dei brukt data frå Havforskingsinstituttets eigen database over glaskorallar.

- Før ein kan modellere, trengst og informasjon om kva miljø det er i området vi skal lage kart over, dvs. miljødata med informasjon frå eit tett nettverk av punkter på kartet, forklarar ho.

Til modelleringa av korallar brukte forskarane 15 miljøvariablar som prediktorar: djup, geomorfologi (skråning, aspekt og batymetrisk posisjonsindeks (BPI)), oseanografi (temperatur, saltholdighet, straumretning og straumhastigheit), klorofyllkonsentrasjon på overflata, sedimenttype og marin landskapstype.

Referanse:

Sundahl H, Buhl-Mortensen P, Buhl-Mortensen L (2020). Distribution and Suitable Habitat of the Cold-Water Corals Lophelia pertusa, Paragorgia arborea, and Primnoa resedaeformis on the Norwegian Continental Shelf. Front. Mar. Sci. 7:213.
doi: 10.3389/fmars.2020.00213