Gå til hovedinnhold

Barentshavet har blitt eit dårlegare «kjøleskap»


HI 047446

Iskantsonen nord i Barentshavet, sett frå FF Helmer Hanssen. Foto: Elvar H. Hallfredsson/HI

Fotograf: Elvar H. Hallfredsson/HI

Vatnet som kjem inn i Barentshavet blir mindre nedkjølt enn før. Det har stor betydning for klimaet i området, og kan føre til at fisk og anna liv vil flytta på seg. 

Publikasjonsprisen 2020

Denne saken fra arkivet er løftet frem for nye og gamle lesere. Den vitenskapelige artikkelen som denne nyhetssaken er basert på er en av de nominerte til Årets publikasjon ved HI i 2020.

Vinneren kåres av en ekstern jury.


Barentshavets klimasystem har blitt sett på som ei effektiv «nedkjølingsmaskin». 

Det varme vatnet som går nordover med Atlanterhavsstraumen har blitt kjapt nedkjølt når det kjem inn i Barentshavet, på grunn av varmetap til atmosfæren. 

– Denne nedkjølinga dempar temperaturvariasjonane i vatnet som kjem inn i Barentshavet, fortel HI-forskar Øystein Skagseth.  

Dempingsmekanismen har igjen ført til at vatnet som strøymer ut av Barentshavet, og blir ein del av den globale havsirkulasjonen, også har halde ein jamn, låg temperatur. 

Barentshavet på veg mot eit varmare havklima 

Forskarane har trudd at med varmare vatn og påfølgande mindre isdekke i Barentshavet, ville varmetapet til atmosfæren auka. Altså, at Barentshavet ville bli eit endå meir effektivt «kjøleskap». 

– Sidan 1990-talet har temperaturen på vatnet frå Atlanterhavet auka, og det har blitt mindre is, seier Skagseth. – Men meir effektivt «kjøleskap» har det ikkje blitt. Overraskande nok fann vi at den generelle nedkjølinga av atlanterhavsvatnet, på sin veg gjennom Barentshavet, har blitt redusert. Det kan skuldast meir varme, fuktige vindar frå sør, som totalt sett har ført til redusert avkjøling, forklarar HI-forskaren. 

Dette viser ei studie, gjort av forskarar frå HI og UiB ved Bjerknessenteret, som Skagseth har leia.  

Forskarane har undersøkt hydrografiske observasjonar frå tidsperioden 1971 til 2018.

Hydrografiske observasjonar er målingar av kjemiske og fysiske forhold i havvatnet, som eksempelvis saltinnhald, temperatur og sirkulasjon. 

 – Dersom denne tendensen held seg frametter, har vi fått ein mekanisme som vil driva Barentshavet mot eit generelt varmare havklima.

Store konsekvensar for fisk og livet i havet 

Eit varmare havklima vil få konsekvensar, både i Arktis og globalt. 

 – Eit eksempel er at dersom botnvatnet blir varmare, kan det påverka utbreiinga av enkelte fiskeartar, som torsk og hyse. Den produktive delen av økosystemet i Barentshavet kan forskyva seg austover, mot russisk sone, seier forskaren. 

Ein annan konsekvens kan få globale følger; I klimasystemet er Barentshavet ein viktig del av den globale havsirkulasjonen.

Når ein kombinerer ein varmare Atlanterhavsstraum med mindre nedkjøling, betyr det at vatnet som strøymer ut frå Barentshavet til Norskehavet og Polhavet har blitt mykje varmare – som igjen kan påverke straumar i havet langt utover Barentshavet.  

Må overvaka over lengre tid 

Skagseth understrekar at ein enno ikkje kan slå fast at havklimaet i Barentshavet har endra seg for godt. 

–  Jamfør global oppvarming, kan vi rimeleg sikkert gå ut frå at atlanterhavsvatnet vil bli varmare. Men det er usikkert korleis endringar i atmosfæren som stormbanar og dominerande vindretningar vil slå ut. I tillegg er det store naturlege variasjonar frå år til år, så difor må me følgje utviklinga over tid for å slå fast at det har skjedd eit endeleg skifte. 

– Men våre data over dei siste tjue åra, viser at Barentshavet er i endring, og går mot eit generelt varmare havklima.  

Referanse: 

Skagseth, Ø, Eldevik, T, Årthun, M, Asbjørnsen, H, Lien,VS, Smedsrud, LH (2020) Decreasing efficiency of the Barents Sea cooling machine. Nature Climate Change, DOI:10.1038/s41558-020-0772-6