Gå til hovedinnhold

Sjekk villaksen sin ville tur i havet!


Pop up merket laksestøing   Audun Rikardsen   UiT

Pop-up-merket sit på laksen til det løyser seg ut og flyt til overflata. Først då får forskarane data frå det.

Fotograf: Audun Rikardsen / UiT

I fjor vår sette havforskarane satellittmerke på villaksar i Sør-Norge. No har dei ringt heim.

Sjå animasjonen under!

Forskarar frå UiT, NINA og Havforskingsinstituttet merkte i fjor 16 villaksar i Etneelva i Sunnhordland. Dette var såkalla vinterstøingar. Det vil seie at dei har gytt om hausten, levd på sparebluss i elva om vinteren før dei set kursen til havs for å ete seg feite.

– Frå tidlegare forsøk veit vi at fisk merkt i Nord-Norge gjer vandringar langt nord i Atlanterhavet, til arktiske farvatn. No ville vi samanlikne med laks frå elver i Sør-Norge, seier UiT-forskar Audun Rikardsen.

«Søring» er dårleg namn

Og ganske sikkert, «søringane» var ikkje mindre vandringsvillige. Søring viste seg også å vere eit upassande kallenamn. Sjå animasjonen med resultat frå åtte av laksane:


Merka som er spora her, er dei åtte som hang på laksane i meir enn 30 dagar. Dei andre løyste seg ut for tidleg til å gi tilstrekkeleg med data. (Animasjon av John Strøm / UiT)

Laksen som svømte lengst nord har svømt imponerande 1698 kilometer på 140 dagar. Laksen som dykka djupast var nede på heile 570 meters djup.

Laksane startar utvandringa frå Vestlandet i mai og set kursen nordvest forbi Shetland. I starten av juli nærmar nokre av dei seg Island før dei fortset nordover. 

På seinsommaren har tre fiskar framleis merkene sine, og vi kan sjå at dei held seg litt att og fram i havet mellom Grønland, Island og Jan Mayen.

Reiserutene er berekna på bakgrunn av trykk, temperatur og lys. (Sjå faktaboks om pop-up-merka.)

HI-teknikar Sofie Knutar slepper ut ein satellittmerkt laksestøing i Etne. (Foto: Audun Rikardsen / UiT)

Får heilt ny kunnskap

– Merka er kostbare, derfor har vi berre merkt ei handfull fisk. Men kunnskapen vi får igjen er utruleg verdifull. Vi veit mykje om laksen sitt liv i elva, men lite om kva den opplever i det store havet, seier havforskar Vidar Wennevik.

Det overordna spørsmålet er kva som påverkar overlevinga til laksen i havet. Kva rovdyr blir den utsett for, og kva beiter den på? Det vil forskarane finne ut av for å sette myndigheitene i stand til å forvalte laksen best mogleg.

– For å svare på dette, må vi først vite kor i verda laksen held seg. Vi har også merkt 16 laks i Nidelva i Arendal, og ventar tilsvarande kart for desse, seier Eva B. Thorstad, forskar ved Norsk institutt for naturforsking og prosjektleiar for Atlantic salmon at sea – SeaSalar.

SeaSalar er eit samarbeid mellom NINA, HI og UiT, med innslag frå ei rekke andre institusjonar.