Gå til hovedinnhold

Liten fisk kan vera avgjerande «vitaminbjørn» for austafrikanske born


Dagaa 2 (bilde krediteres Marian) 2

Store mengder av småfisken

Feilernæring er eit større problem enn svolt i verda i dag. Forskarane håpar ein liten ferskvassfisk kan vise seg å vera ei «bombe» av viktige mikronæringsstoff. 

Victoriasjøen, Kenya, hausten 2019: HI-forskar Marian Kjellevold kan sjå antiloper, sebra og apekattar ut bilvindauga, på duvande savannar som glir forbi. 

Så langt – ein klassisk «road trip» for ein turist i Aust-Afrika. 

Men Marian og reisefylgjet, den tyske doktorgradsstipendiaten Laura Wessels, er ikkje turistar – men forskarar, og dei er her på grunn av ein liten, men livsviktig, ferskvassfisk. 

Viktig mat for mange 

«Dagaa», eller Rastrineobola argentea for dei som føretrekk latin, er ein heilt avgjerande, liten fisk for mange menneske rundt Victoriasjøen. 

Mange i denne regionen har eit einsformig, plantebasert kosthald. Kjøt og fisk er luksusmat, og for dyrt for mange. Men den vesle fisken, den er billegare. 

– Dette er ikkje ein fisk du får servert på restaurant i Kenya. Den er liten, så du kan kjøpe den i små kvanta, og prisen er såpass låg at fleire kan ha råd til å kjøpe litt av den, sjølv om dei ikkje har råd til anna kjøt eller fisk, fortel Kjellevold. 

"Dagaa": Liten, billig og vonleg stappfull av vitaminar og anna god næring. Foto: Marian Kjellevold/HI 

Ukjent kva næring som finst i fisken 

I dag veit vi lite om kva næring fisken faktisk gir, eller om den inneheld uynskte framandstoff som miljøgifter eller tungmetall. Det er her forskarane kjem inn. 

– Vårt oppdrag er å kartlegga næringsinnhaldet i fisken, og også sjekka etter uynskte stoff, forklarar Kjellevold. 

Å finna ut av det, er ikkje gjort i ei handvending. 

Må ta høgde for sol, regn og avstandar 

Forskarane kjøpte fisk på åtte ulike marknader, i tre ulike byar: Kisumu, Nakuru og hovudstaden Nairobi. 

Hovudstaden ligg ein god køyretur frå fisket i Victoriasjøen – om lag 265 kilometer frå Kisumu og 135 kilometer frå Nakuru.

Det var eit poeng å også hente inn prøvar av meir enn berre kortreist fisk. 

– Det er mogleg at det har noko å seie for næringsinnhaldet kor «langreist» fisken er.  

Noko anna som kan ha noko å seie, er faktisk vêret. 

– Denne fisken vert konservert med soltørking. Dersom det regnar, kan det endre noko av næringsinnhaldet? 

Forskarane må også ta høgde for ei årstidsvariasjon. Difor skal dei gjere same øving, med å hente inn prøvar, fleire gonger – spreidd utover årstidene. Hausten 2019 var første tur, og denne våren reiser dei ned igjen til Kenya for å gjenta det heile. 

Prøvane blir analyserte i Noreg og Tyskland 

Kjellevold og Wessels delte kvar prøve i to – 120 gram skulle til Noreg, 120 gram til Tyskland. 

Fisken vart så sendt heim til forskarane sine respektive heimland for analyse. No ventar Marian Kjellevold spent på analysesvara, som vil fortelje noko om kva vitamin og anna næring som finst i den populære matfisken. 

– Dei blir etne heile, så eg har ei forventing om at det er mykje mikronæringsstoff i ein porsjon. Men det blir spennande å sjå, og endå meir spennande når me får prøvar frå fleire turar i felt og samanlikna med. Då nærmar me oss eit svar på kva fisken faktisk har å by på for folk – uansett årstid. 

Fiskebåtar ved Victoriasjøen. Foto: Marian Kjellevold/HI 

– Ikkje berre nok mat, men også riktig mat 

Feltarbeidet er ein del av det store, internasjonale prosjektet SmallFishFood, som blir leia av professor Jeppe Kolding ved Universitetet i Bergen. I tillegg til Havforskningsinstituttet, er institusjonar frå Uganda, Ghana, Kenya, Tyskland og Nederland samarbeidspartnarar. 

Kolding meiner desse små fiskane kan vise seg å vera viktige i kampen mot feilernæring, noko han nyleg også dokumenterte i ein FN-rapport. 

– I gamle dagar snakka ein berre om matforsyning, fordi mat var mat. Ein såg ikkje så mykje på kvalitet. Men i dag er overvekt og feilernæring eit større problem, sjølv i Afrika. No er det viktig å sjå minst like mykje på kvaliteten på mat, som på mengda, fortel han. 

– Om lag halvparten av alle borna i Afrika er feilernærte. Det vil seie at dei får for mykje tomme kaloriar, og for lite mikronæringsstoff, som eksempelvis kalsium eller jod. 

– Her i Noreg gir foreldre borna vitaminbamsar. Me trur denne småfisken kan gjera same nytten, spesielt sidan ein et heile fisken med hovud, skinn og bein. 

Professoren meiner småfisk er ein undervurdert matressurs. Også i Noreg. 

– Me prøvar å utfordre tradisjonen med å ete berre fine filetar frå stor fisk, fordi ein då går glipp av mange gode næringsstoff, som du finn i hovudet, beina og skinnet. 

– Og i dette konkrete tilfellet, når vi får meir kunnskap om kva denne ferskvassfisken inneheld, så kan vi kanskje hindre feilernæring, med å auke inntaket av nettopp denne gode kjelda til næringsstoff.