Kongekrabbe: Anbefaler større kvote

kongekrabbe.jpg

Kongekrabba ble satt ut i Murmanskfjorden for nesten 50 år sia og har spredt seg derfra til kysten av Nord-Norge og Kolahalvøya.

Fotograf: Erling Svensen / Havforskingsinstituttet

Havforskarane føreslår ei kvote for kongekrabbe på maksimalt 1780 tonn i 2021, opp frå 1530 tonn i år.

Utanfor det kvoteregulerte området er tilrådinga framleis fritt fiske. 

Forvaltingsmålet for kongekrabbe er todelt: å oppretthalde eit langsiktig fiskeri i eit avgrensa område i Aust-Finnmark, og samstundes å avgrense spreiinga av arten mest mogleg utanfor dette området. Målet tilseier at det skal vere eit relativt høgt fiskeri, men likevel ikkje meir enn at bestanden held seg stabil. 

Tel krabbe med videoslede

Bestanden blir berekna på grunnlag av landingsdata frå fisket og eit årleg forskingstokt som dekkjer fjordar og opne havområde i det kvoteregulerte området.

På årets tokt, som gjekk mellom 31. august og 20. september, talte forskarane krabbe ved hjelp av trål, teine og videorigg. Videoriggen er ein slede som slept etter fartøyet med 0,5–1 knops fart, om lag 1–2 meter over havbotnen. 

– Videosleden blei prøvd ut for første gong under fjorårets tokt. Planen er at video på sikt skal erstatte prøvetakinga med trål, seier forskingssjef Carsten Hvingel.

Les meir: Videoslede fornyer krabbeforskninga 

Videosleden er meir skånsam mot havbotnen enn botntrålen. Foto: Ann Merete Hjelset / Havforskningsinstituttet

Færre krabbar i teinene vest for Nordkapp

Vest for Nordkapp blei det gjennomført eit teinetokt i juni, hovudsakleg på dei same stasjonane som har vore undersøkte tidlegare. 

På i alt 59 stasjonar, der to teiner stod ute i omtrent 24 timar, fanga forskarane til saman seks krabbar. Desse blei tatt ved Sørøya og Seiland. Talet er betydeleg lågare enn i 2019. 

– Det tyder på at det frie fisket har vore såpass stort at det held bestanden nede på eit lågt nivå. Men uansett kor stor innsatsen er, vil enkeltkrabber fortsett kunne «sleppe unna» og gi opphav til nye populasjonar lenger vest, seier Hvingel.

I tillegg er no ei moglegheit for at larvar kan drive med straumen nordover, og ein forskar no på om krabba kan spreie seg til Bjørnøya og Svalbard. 

Trål- og teinetrekk under årets kongekrabbetokt. Foto: Ann Merete Hjelset  / Havforskningsinstituttet

Reduserer botnfaunaen

Kongekrabba blei sett ut i Barentshavet på 1960- og 70-talet, med store følgjer for botnfaunaen der den har etablert seg. 

Forskarane tar derfor også prøvar frå faste stasjonar av dyr som lever på botnen av dei store fjordane i det kvoteregulerte området. Funna viser at store individ av muslingar, sjøstjerner og slangestjerner blir borte i område med høge tettleikar av krabbe over tid. 

I tillegg har ein sett ein reduksjon i talet arter og i den totale biomassen av botndyr i slike område.