40 år med norsk-kinesisk havforsking

2Øivind Strand og Fang Jianguang.jpg

HI-forskar Øivind Strand og professor Fang Jianguang frå Yellow Sea Fisheries Research Institute på ein kinesisk tarefarm.

No vil forskarane bidra i FN sitt havforskingstiår med sin multinasjonale kunnskap om oppdrett.

– Kina er verdas klart største oppdrettsnasjon med ein enorm produksjon. Der er det tare og skjel det går mest i. I Kina har dei lang tradisjon for samkultur, altså oppdrett med fleire artar saman, og mykje vi kan lære, forklarar havforskar Øivind Strand.

– I Noreg er vi flinke på fisk og teknologi, men også på miljøovervaking og forvaltning av næring og kystareal, seier han.

Strand er prosjektleiar for akvakultursamarbeidet mellom HI og Yellow Sea Fisheries Research Institute i Kina. Det er siste innslag i eit forskingssamarbeid som no fyller 40 år.

Starta med ein båt

Samarbeidet starta i 1980 ved at Norge gjekk inn for å finansiere forskingsfartøyet «Bei Dou» for Kina då dei skulle modernisere fiskerisektoren sin. Dette blei og blir framleis brukt til forsking, undervisning og å overvake fiskebestandane. No er fokuset i samarbeidet forsking på akvakultur.

– Eit av FN sine mål for det kommande havforskingstiåret er meir mat frå havet til ei veksande befolkning. Her har berekraftig oppdrett ei viktig rolle, seier Strand.

Han meiner Noreg-Kina-samarbeidet er ein god internasjonal case for dette.

Vil finne det beste frå begge

– Moderniseringa av kinesisk akvakultur og kunnskap utviklar seg i høgt tempo. Vi håpar samarbeidet vårt kan bidra med omsyn til produksjonsmetodar, kystforvaltning og berekraft, seier Strand.

Kinesarana brukar no den HI-utvikla straummodellen NorKyst for å berekne vasstraumar, bereevne og god plassering av oppdrettsanlegg i Sanggou-bukta, eit sentrum for kinesisk matproduksjon frå havet. (Les også: Kystmodellen til HI blir brukt i Kina)

Sanggou-bukta er eit av dei store områda for kinesisk akvakultur. Her er det tare- og skjeloppdrett så langt du kan sjå.

I Gulehavet er miljøforholda heilt annleis enn på Norskekysten. Temperaturen kan for eksempel svinge med 30 grader frå sommar til vinter. 

Dette gjer at modellen får brynt seg, og oseanografane kan vidareutvikle den til å bli meir anvendeleg i ulike miljø.

Sirkularitet blir viktigare

Kinesarane på si side er ekspertar på samkultur. Det vil seie oppdrett av fleire artar saman der avfallet frå éin art kan vere næring for ein annan. Dette har gryande interesse i Noreg.

– Djupe fjordar og sterke straumar gjer at vi har enormt mykje utskifting av vatn. Då er det vanskelegare å få til samspel mellom artar. Men i lukka anlegg blir samkultur meir aktuelt. Det vi kan lære av kinesarane er å tenke ressurs av avfall, seier han.

Sender unge lovande begge vegar

I tillegg til kurs, arbeidsmøte og konferansar er eit hovudpoeng i samarbeidet utveksling av unge forskarar. Dei deltar i vanlege forskingsprosjekt i begge landa.

– Her i Noreg har vi unike forhold til å køyre kontrollerte forsøk i laboratorium for lågtrofiske artar som tare og skjel. I Kina kan vi ta forsøka ut i stor skala, forklarar Øivind Strand.

Eit eksempel på dette er eit eksperiment på korleis tare kan skjerme blåskjel mot framtidig havforsuring. Dette testa forskarane i Austevoll og Sanggou-bukta.

tarekar.jpg

Vil la tare skjerme blåskjel mot havforsuring

Eit norsk-kinesisk samarbeid på Austevoll undersøker om tarefarmane i Kina kan skjerme oppdrettsskjel mot dei surare hava vi har i vente.

På torsdag møtest norske og kinesiske forskarar digitalt for å markere samarbeidet. (Sjå faktaboks)