Gå til hovedinnhold

Her fangar forskarane kystfisk i ein mini-snurrevad


aronet

Forskingsteknikar Inger Aline Norberg Aanonsen og toktleiar Otte Bjelland overvaker kystfisk i Trondheimsfjorden med teiner, kamera og mini-snurrevad.

Fotograf: Jostein Saltskår / Havforskingsinstituttet

Den ganske lille reiskapen skal samle inn dei aller minste fiskane.

Snurrevad er ein effektiv fiskereiskap som fiskebåtar brukar etter torsk og hyse. Fiskebåtane set ut nota og tauearmar i ein sirkel, før dei tauar den som ein liten trål. (Sjå faktaboks)

Fisken som kjem opp er ofte levande og dermed av god kvalitet.

No har HI-ingeniørar utvikla ein mini-snurrevad med eigen renne, som dei kan bruke med ein vanleg småbåt. Sjå video nedst i saka.

Den gir eit godt totalbilde av artsmangfaldet på plassen.

Fangar også dei minste

– Mini-snurrevaden fangar eit breidt mangfald av artar på sin veg der vi tar stikkprøver - også yngelen av for eksempel kysttorsk, forklarar Jostein Saltskår, mini-snurrevadens far.

Det er dei bitte små fiskane som er hovudformålet bak den nye reiskapen. 

Rekruttane til høgre seier noko om framtidsutsiktene til bestanden. (Foto: Jostein Saltskår / HI)

Mini-snurrevaden går nemleg inn som eit hovudverktøy når HI kartlegg oppvekstområda til dei viktigaste kystfiskane våre.

Vil sette yngelen på kartet - statistisk

– Vi har andre tokt som kartlegg sjølve havbotnen langs kysten. No vil vi danne eit bilde av kva artar vi kan kople statistisk mot dei ulike naturtypane som allereie er sett på kartet, forklarar havforskar og toktkoordinator Sigurd Heiberg Espeland.

To gonger i året, på to nye stader langs kysten, drar forskarane på oppvekstområdekartlegging med eit kystfartøy som base. Mykje av arbeidet går føre seg frå småbåt.

– Først følger vi forhandsbestemte kurslinjer med videodrone. Ut frå kva slags type botn vi ser langs kursen, avgjer vi kor vi skal bruke dei ulike reiskapane.

Jostein Saltskår har stått i bresjen for å utvikle den nedskalerte versjonen av ein vanleg topanels snurrevad. Her frå nyleg kystfisk-kartlegging i Trondheimsfjorden.

Brukar teiner, video og no også snurrevad

I tett tareskog set forskarane ut finmaska teiner, på kupert terreng set dei ut videoriggar, og på opne landskap kjem snurrevaden inn i bildet.

Alle metodane har fordeler og ulemper. På video er forskarane avhengige av dagslys og god sikt. Med teinene er dei avhengige av fisken sin vilje til å gå inn – helst på natta. Snurrevaden kan henge seg fast eller skade terrenget om det blir for kupert.

– Vi brukar ein bråte av metodar, og forsøker å sjå på tvers av alle reiskapane for å få eit riktig bilde av artsmangfaldet i området, forklarer Espeland.

Hoppar over hindringar

Mini-snurrevaden har vore under utprøving i eit par år. Den er no i versjon 2 og fungerer etter hensikta.

– Vanlegvis testar vi miniatyrversjonar av trål og snurrevad i eit straumbasseng i Hirtshals. Mini-snurrevaden kunne vi teste i full storleik, forklarar Jostein Saltskår.

På tokt festar han GoPro-kamera ulike stader på reiskapen. Dermed kan han sjå om designet funkar i praksis eller om fisk kan sleppe unna.

– Første versjon hadde eit blytau nedst som lett hekta seg i steinar. Vi bytta det ut med bly-tampar som heng med få centimeters mellomrom. Då ser vi snurrevaden hoppe elegant over slike hinder, fortset han.

I total lengd, er mini-snurrevaden om lag 100 meter. Frå båten dannar to tau på 75 meter ein sirkel bak mot notposen. Når båten går, vil dei sveipe langs botnen før dei blir parallelle. Då leiar dei fisken inn mot notposen. Vingene og notpåsen vil også snevre seg saman når snurrevaden blir taua, og fisken blir fanga.

Sjå video

Videoen går for det meste i tre gonger ekte hastigheit.