Gå til hovedinnhold

Økosystemtokt i Barentshavet: Såg gode mengder lodde-rekruttar og polartorsk

– Dei foreløpige resultata frå norsk side tyder på at desse artane har hatt gode kår i Barentshavet det siste året, seier toktleiar Georg Skaret.

Økosystemtoktet i Barentshavet er ei av dei mest omfattande, årlege undersøkingane våre – ein grundig sjekk frå havbotn til overflate fordelt på fleire fartøy over halvannan månad. Toktet er eit samarbeid mellom norske og russiske forskarar. (Les også: Slik sjekkar forskarane stoda for alt liv i Barentshavet)

Lodda er ein «hovudperson». Det meste vi veit om bestanden kjem frå økosystemtoktet.

– Kor mykje lodde vi registrerer på dette toktet er den viktigaste faktoren for kvoterådet på bestanden – altså når vi saman med russarane lagar eit råd til myndigheitene på kor mykje lodde det er forsvarleg å fiske, forklarar toktleiar Georg Skaret.

Han er om bord på forskingsfartøyet «Johan Hjort», på veg mot fastlandet. Forskarane går då i gang med å bearbeide data. Men Skaret kan trekke nokre store linjer allereie:

Såg mykje unglodde

Etter fleire år med svak rekruttering, ser det ut som om lodda har hatt eit godt år.

– Vi hadde låge forventningar. Men no har vi sett gode mengder eittåringar i tillegg til god overleving og fin vekst hos den gytemodne lodda, seier Skaret.

Det tyder på at det har vore gode beiteforhold for lodda, som igjen er viktig mat for andre dyr i økosystemet. For eksempel torsken.

I vinter blei det ikkje opna for fiske på lodde etter dei låge registreringane i fjor. At forskarane ser godt med nykomlingar no, betyr ikkje nødvendigvis at dei vil tilrå ei kvote til kommande vinter.

– God rekruttering er positivt for framtida. Men dei fiskane vi har sett mest av i år, vil ikkje vere aktuelle for fiskeriet før om to år. Så det gjenstår å følge utviklinga deira framover, seier forskaren.

Annan viktig fisk har også «overrumpla» forskarane på norsk side

I det norske dekningsområdet aust for Svalbard har forskarane i år sett historisk mykje polartorsk. Denne fisken er vanlegvis mest talrik lengre nord, på russisk side av Barentshavet. Bestandsnivået har lenge gått nedover, så det som kan vere eit oppsving, kom uventa på forskarane.

– Polartorsken blir ikkje fiska kommersielt, men som lodda er den viktig mat for andre artar i Barentshavet. Så dette tyder bra for dei andre dyra i næringskjeda, seier Skaret.

Nedkjøling kan ha hjelpt

Langtidstrenden er at Barentshavet blir varmare, men på kort sikt går temperaturen noko fram og tilbake i svingingar. Dei siste åra har det gått mot eit litt kaldare hav. (Les også: Barentshavet har blitt kjøligere)

Polartorsken er særleg følsam for endringar i temperatur. Han likar det arktisk og er avhengig av is i dei tidlege livsfasane.

– Vi har målt mykje av dei kalde, arktiske vannmassane i vårt dekningsområde. I tillegg til polartorsken, var også lodda og torsken fordelt lengre sør enn vi har sett på mange år, fortel han

Inntrykket til forskarane om bord er også at det også har vore meir av dei store dyreplanktonartane, som kril og tanglopper, og mindre maneter enn det forskarane har sett i seinare år.

– Men dette må vi tallfeste nærmare på når forskarar frå ulike fag får gått gjennom data. Om desse sakene har samanheng er for tidleg å seie noko om.

Toktleiar Georg Skaret.

Kvoteråd for lodde kjem 14. oktober

Dei norske forskarane har hatt gode arbeidsforhold og god dekning, men russarane har hatt problem med å dekke si side.

For lodda vil ei norsk-russisk arbeidsgruppe ha virtuelt møte 8. og 9. oktober for å lage forslag til kvoteråd. Det blir offentleg 14. oktober. 

Her er utbreiingskart frå målingane på dei norske fartøya

​​​​​​​​​​​​​​

​​​​​​​