Tema: Lodde – Barentshavet

  • HI-027799.jpg

    Lodda i Barentsahvet blir sjeldan over 20 cm og 50 gram.

    Fotograf: Jan de Lange / Havforskningsinstituttet
  • HI-037068.jpg

    Loddas hovedføde består av plankton.

    Fotograf: Leif Nøttestad / Havforskningsinstituttet

Lodda er ein liten pelagisk fisk med utbreiing i dei polare stroka på den nordlege halvkula. Lodda er ein typisk pelagisk stimfisk som lever av planktonorganismar. Ho er i hovudsak eingongsgytar, dvs. at det meste av lodda døyr like etter gyting.

Lodda er mørk på ryggen og lys under, noko som gjer ho vanskeleg å sjå for rovdyr, enten dei kjem ovanfrå (fugl, sel, kval) eller frå undersida (fisk, kval).

Stor munn og velutvikla gjellegitter gjer at lodda kan beite effektivt på planktonorganismar som hoppekreps, kril og marflo.

Om våren får lodda ei karakteristisk gytedrakt; hannfisken får då hårete utvekstar langs sidelinja (som har gjeve lodda både sitt vitskaplege og norske namn) og ein sterkt forstørra og svartfarga gattfinne. Hofisken får ingen særskilt gytedrakt.

I Nordvest-Atlanteren kan ikkje lodda forvekslast med andre arter, det einaste måtte vera sil, som liknar litt i kroppsform, men har eit mykje spissare hovudparti. I gytetida har hannen ei stripe av hårete skjel langs sida – derav namnet. 

Lodda veks relativt fort og når 14–18 cm i løpet av 3–4 år. Hannane veks noko fortare enn hofisken, og vert litt lengre. Dei individa som når om lag 14 cm i løpet av hausten, byrjar modnast og gyter komande vår.

Ho beitar over store delar av havområdet, først og fremst langs polarfronten og lenger nord og aust. Utpå seinhausten vandrar fisken sørover, og om vinteren er bestanden sør for polarfronten og iskanten. Frå dei er ca. 10–12 cm et lodda også mykje kril.

Lodda er ein sentral organisme i økosystemet, og mange predatorar har lodda som viktig føde. Først og fremst torsk et mykje lodde, men også grønlandssel, ulike kvalartar, sjøfugl og annan fisk har lodde på menyen.

Gyting

Lodda lever heile sitt korte liv i Barentshavet. Dei fleste individa døyr etter å ha gytt første gongen, vanlegvis når dei er fire år gamle. Den modnande delen av bestanden, som består av 3–5 år gamal fisk lengre enn ca. 14 cm, vandrar mot kysten, og når gjerne land i byrjinga av mars. Lodda i Barentshavet gyter då langs kysten av Troms, Finnmark og Kola. Det føregår også ein del gyting seinare på året, såkalla sommargyting, då helst i Aust-Finnmark og austetter på russisk side av grensa.

Gytinga føregår ved botnen, for det meste på djup frå 20–60 m, der det finst sand, grus og singel. Egga klistrar seg til botn og ligg der til dei klekkjer etter ein månads tid. Larvane kjem opp i dei øvre vasslaga og driv med straumen ut frå kysten og austetter, og om sommaren er dei spreidde over store deler av det sentrale og austlege Barentshavet.

Loddelarvane vert transporterte med havstraumane frå gytefelta til dei sørlege og austlege delane av Barentshavet, og i både første og andre leveåret står dei lenger sør i havet enn eldre lodde. Om sommaren vandrar lodda nord- og austover i Barentshavet ettersom isen trekkjer seg attende nordover, og beitar i desse planktonrike områda utetter hausten. Seinhaustes trekkjer dei søretter og overvintrar sør for polarfronten og iskanten. Dei modnande individa byrjar vandre mot kysten for å gyte i januar–februar. Utbreiinga og vandringane er påverka både av storleiken på bestanden og av klimaet i Barentshavet.

Fiskeri

På grunn av det korte livsløpet og enkelte år med svikt i rekrutteringa, fluktuerer loddebestanden voldsomt. Det har vore observert fire bestandskollapsar sidan målingane starta i 1971. Fiskeriet etter lodde er stengt i kollapsperiodane. I periodar med høgare bestand kan ein tillata fiskeri, men forvaltingsregelen seier at ein skal ta omsyn til torsken sitt konsum i rådgjevinga om loddefiskeri, og i praksis skal fiskeriet etter lodde berre skje på overskotet etter at torsken har forsynt seg. No har ein høg torskebestand, og i løpet av dei siste 15 åra er 360 000 tonn det høgaste årlege loddeuttaket ein har hatt. Det blei ikkje tilrådd fiske etter lodde i Barentshavet i 2019.  

Den årlege overvakinga av loddebestanden skjer om hausten i eit samarbeid mellom Noreg og Russland som ein del av det store økosystemtoktet i Barentshavet.  

Utbreiing

Dei viktigaste loddebestandane held til ved Island, Newfoundland, i Beringhavet og i Barentshavet. Det finst ein underart i Atlanterhavet og ein annan i Stillehavet. ”Verdas største loddebestand” finn vi i Barentshavet, sjølv om storleiken på bestanden har variert mykje dei siste 30 åra, frå nokre få hundre tusen tonn til 7–8 millionar tonn. Det finst ein annan loddebestand i området Island–Vest-Grønland–Jan Mayen.

Status, råd og fiskeri

Etter 2008 var loddebestanden i mange år relativt stabil, men frå 2014 gjekk han sterkt tilbake og blei i 2015 og 2016 rekna for å vera kollapsa. I 2016 og 2017 var det ikkje opning for kommersielt fiske, medan det blei opna for eit fiske på 200 000 tonn i 2018. I 2019 blei det ikkje tilrådd opning for eit fiskeri.

Sidan systematiske målingar av lodda i Barentshavet tok til i 1972 har bestandsnivået svinga voldsomt, og fire gonger har det vore samanbrot følgt av relativt rask gjenoppbygging. Svingingane synest å vera ein del av ein naturleg bestandsdynamikk for barentshavslodde som har kort levetid, berre ei enkelt gyting, og i tillegg kan vera under sterkt beitepress på larvestadiet frå ungsild og som vaksen, særleg frå torsk. Den kolossale bestandsauken som blei målt frå 2016 til 2017 kan likevel ikkje skuldast naturlege svingingar åleine, men må også skuldast feil i målingane, og ein har grunnar til å anta at målingane frå 2016 har undervurdert bestandsnivået.

Den totale loddebestanden vart i 2018 berekna til om lag 2,51 millionar tonn og den modnande bestanden til 1,72 millionar tonn, noko som resulterte i eit råd frå ICES om at 205 000 tonn lodde kan fiskast i 2018. Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjon har vedteke ein haustingsregel som seier at det skal vera mindre enn 5 % sannsyn for at gytebestanden skal koma under 200 000 tonn ved gytetidspunktet. ICES gjev sine råd om loddeforvaltinga ut frå denne regelen. Det blei også i Den norsk-russiske fiskerikommisjonen semje om eit loddefiske på 205 000 tonn vinteren 2018.

Fiskeri

Loddekvotane vert delte mellom Noreg og Russland i høvet 60/40. I den tida fisket var på topp vart det fiska i to sesongar; vinter og haust. Vinterfisket er på lodde som er på veg inn for å gyta, medan fisket om hausten føregjekk i beiteområda nord i Barentshavet. I seinare år har det berre vore fiska om vinteren. Fisket på norsk side er hovudsakleg eit ringnotfiske, men når lodda kjem nær land før gyting vert det også fiska ein del med flytetrål. Russiske båtar fiskar hovudsakleg med trål. Noko av kvoten kan bli sett av til tredjeland i byte for annan fisk, så det har tradisjonelt vore innslag av båtar frå Færøyane og andre land i loddefisket.

Nøkkeltal:

KVOTE 2017: Totalkvoten var på 0 tonn
FANGST 2017: Totalfangsten var på 0 tonn

Forsking

Kartlegginga av lodda starta opp i 1960-åra, og innsatsen auka monaleg i byrjinga av 1970-åra, då ekkointegratoren kom i bruk.

Frå den tida har instituttet gjennomført årvisse kartleggingar av mengde og utbreiing av lodda i Barentshavet, frå ca. 1980 i samarbeid med det russiske havforskingsinstituttet PINRO i Murmansk. 

I periodar har det vore fleire undersøkingar per år; om vinteren, under gyteinnsiget, på gytefelta, på larvane i juni og august, i tillegg til det viktigaste toktet i september–oktober, som har gått i heile perioden frå 1971. Frå og med 2004 blei fleire ulike hausttokt i Barentshavet kombinert til eitt økosystemtokt, og loddekartlegginga har gått inn som ein del av dette. Det er publisert mange arbeid på lodde, og minst eit doktorgradsarbeid har hovudsakleg basert seg på denne bestanden.

I perioden 2007–2009 vart det utført loddeleiting i Barentshavet for å prøve å kartleggje den gytande lodda akustisk. Dette skal igjen gjerast vinteren 2019.

Havforskingsinstituttet har i mindre grad delteke i forskinga på bestanden ved Island–Aust-Grønland–Jan Mayen.