Sjekka skjel for forureining

Mytilus edulis 02-02-2016_3.jpg

Opna blåskjel på fat. Illustrasjonsfoto. 

Fotograf: Erling Svensen / Havforskingsinstituttet

Stabilt god status for skjel produsert for den norske marknaden, viser rapporten frå den årlege overvakinga.

Havforskingsinstituttet overvakar kvart år norske skjel og skjellokalitetar på oppdrag for Mattilsynet. Skjela blir sjekka for tarmbakteriane E. coli og Salmonella, og for ulike miljøgifter. No er rapporten frå 2019 ute.

På oppdrag for Mattilsynet undersøker Havforskingsinstituttet kvart år norske skjel for tarmbakteriane E. coli og Salmonella, og for ulike miljøgifter. Formålet er å dokumentere nivået av miljøforureining, og sikre at skjel som blir selt på den norske marknaden er trygge å ete.

Overvakinga har to delar: ein mikrobiologisk del som ser etter bakteriar, og ein kjemisk del som ser på framandstoff. 

Stort sett reine skjel

I den mikrobiologiske delen fekk forskarane i 2019 tilsendt 207 prøvar frå Mattilsynet, og 246 prøvar frå næringa. Prøvane var henta frå ulike område der muslingar blir produsert for kommersiell omsetning, og frå stasjonar ein tar prøvar av til blåskjelvarselet. 

Dei fleste prøvane var blåskjel. I tillegg var det prøvar av kamskjel, flatøsters, stillehavsøsters, strandsnigel, teppeskjel, kuskjel, oskjel, drøbakkråkebolle og kongsnigel. 

21 av dei 207 prøvane som var sendt inn av Mattilsynet (10,9 prosent) hadde eit innhald av E. coli over grenseverdien som er fastsett av EU. 25 av prøvane var av sluttprodukt, og ingen av desse hadde innhald av E. coli over grensa.

Det blei ikkje funne salmonellabakteriar i nokon av dei 26 prøvane som blei analyserte for dette.

I prøvane som var sendt inn av næringa, var innhaldet av E. coli under grenseverdien i 221 av 246 (89,8 prosent). 24 blåskjel og éin flatøsters hadde innhald over grenseverdien.

Les også: Dette kan du bli syk av fra skjell - og slik unngår du det

Klassifiserer produksjonsområde

Mengda av E. coli gir grunnlag for klassifisering av skjel-lokalitetar i såkalla A-, B- og C-område.

Skjel frå eit A-område kan gå direkte til konsum, mens skjel frå B- og C-område må gjennom reinsing før dei kan seljast. 

Meir enn 46 000 E. coli per 100 g skjellmat og kappevatn fører til hausteforbod. Det høgaste nivået som blei funne i 2019 var 16 000 per hundre gram i eit blåskjel.

Låge nivå av metall og miljøgifter

I den kjemiske delen av undersøkinga fekk forskarane tilsendt 41 prøvar samla inn av Mattilsynet sine inspektørar, og 15 prøvar samla inn av næringa. Prøvane blei sjekka for metall, PCB, dioksin, bromerte flammehemmarar og PAH.

Som for tidlegare år, blei det stort sett funne låge nivå av metall i prøvane og svært låge verdiar av organiske miljøgifter. Av overskridingar blei det funne to prøvar av flatøsters, éin prøve av oskjel og ein prøve av kongsnigel som oversteig grenseverdien for kadmium. 

For oskjel og kongsnigel anbefaler Mattilsynet å fjerne delar med høgt innhald av kadmium og bly, slik at spiselege delar kjem godt under grenseverdiane. 

Resultata frå prøvane innsendt av næringa er på nivå med prøvane sendt inn i regi av Mattilsynet.

Les også: Slik lager du blåskjell på fire minutter

Referanse

Arne Duinker, Julia Storesund, Bjørn Tore Lunestad og Monica Sanden (2020). «Nasjonalt tilsynsprogram for produksjon av skjell og andre bløtdyr – prøver analysert i 2019 for kjemiske forurensende stoffer og mikroorganismer.» Rapport fra Havforskningen 2020–37. Lenke: https://www.hi.no/hi/nettrapporter/rapport-fra-havforskningen-2020-37