Gå til hovedinnhold

Slik feira vi jubileumsveke frå sør til nord

Med godt lag, fagleg innhald, flotte helsingar og Havforskingsburgar har HI feira 120 år. Vi kronar jubileet med ei gåve til både forsking og befolkning: Dugnad for havet

Med vel overstått feiring og auka pågangsmot i ei spesiell tid, fortset vi den viktige oppgåva vår: Kunnskap og råd for rike og rene hav- og kystområde, inn i evigheita.

Og det skal vi få hjelp til av dykk der heime!

Klipte tareblad for folkeforsking

Etter ei veke med feiring frå forskingsstasjon til forskingsstasjon, avslutta vi nemleg i Arendal fredag med ei spesiell gåve.

Forskarlinjeelev Dina Sannæs ved Arendal vgs. klipte over eit tareblad saman med havforskingsdirektør Sissel Rogne. Det markerer opninga av vår nye folkeforskingsportal Dugnad for havet.

Der kan alle registrere seg og bidra med bilde og interessante observasjonar frå sin fjord eller skjergard. Observasjonane blir sjekka og lagra av kyndige forskarar. Kanskje blir det ny kunnskap av sånt? Bli ein folkeforskar du også, på dugnadforhavet.no! Meir info om dette kjem.

Men først eit lite tilbakeblikk på jubileumsveka:

Blått for HI og havet

Kvar morgon har vi ønskt dei tilsette velkommen med å lyssette bygga i blått. Først ut var forskingsstasjonen vår i Matre i Nordhordland.

På tysdag gjekk feiringa til hovudkontoret vårt i Bergen, så Austevoll før sjølvaste bursdagen blei markert på kontoret vårt i Framsenteret i Tromsø.

Der var ikkje berre bygget blått, men i live – 3d-projiserte fiskar og kvalar svømde att og fram på fasaden i Tromsø sentrum torsdag morgon og kveld.

Feira med bursdagslunsj og virtuelle faginnlegg

På kvar stasjon og på forskingsfartøya våre har vi feira bursdagslunsj, i grupper og med god avstand, naturlegvis. Vi åt vår nye signaturrett, Havforskingsburgeren!

Den er ein saftig og symboltung godbit som inneheld kveite, kamskjel, søl og kimchi. Les meir om betydninga og finn oppskrift i denne saka: Bocuse d’Or-vinner Ørjan Johannesen presenterer Havforskningsburgeren

I lunsjen har vi hatt fagleg program og helsingar frå ministrar og andre som ser oss utanfrå. Alt også digitalt til dei som har sete andre plassar, minus burgaren då.

Spennande forskingsinnhald på nett

På nettsidene våre har vi publisert fleire populærvitskaplege nyheitssaker som ser på dei lange linjene, kvifor det er viktig at vi forskar så langsiktig som vi gjer. Her er nokre:

På sosiale medium har vi hatt masse spennande og spektakulært innhald. Viss du ikkje følger oss frå før, er det berre å gjere seg klar for 120 nye år og vidare.