Denne førarlause kajakken ser brisling tett på overflata

  • kajakkdrone-1.png

    Kajakkdronen glir lett gjennom fjorden og måler brisling tett opp mot overflata.

    Fotograf: Espen Johnsen / HI
  • kajakkdrone-2.png
  • kajakkdrone.jpg
  • kajakkdrone-3.png
  • ardalsfjorden.png

Fann fisk i blindsona til større forskingsfartøy på brislingtokt i Sognefjorden.

Kajakkdronen er utvikla av Havforskingsinstituttet og utstyrt med miljøvenleg elmotor og moderne ekkolodd. Det er første gong havforskarane har gjort forsøk med droneteknologi under brislingtoktet.

Under toktet i august var dronen med for å supplere dei vanlege målingane som blei gjort med forskingsfartøyet «Kristine Bonnevie» i Årdalsfjorden, fjordarmen inst i Sognefjorden. 

Rapporten frå forsøket kan du lese her.

Får ikkje målt all fisken

– Vi har hatt ein mistanke om at vi ikkje klarer å dekke brislingen godt nok på tokta våre i Sognefjorden, seier bestandsansvarleg for kystbrisling ved HI, Cecilie Kvamme. 

Mistanken knyter seg til at ein god del av brislingen går nært land og nært vassoverflata, slik at «Kristine Bonnevie» ikkje får registrert den på ekkoloddet. Difor blei forskar

Espen Johnsen og senioringeniør Atle Totland invitert med til å gjera forsøk med den lette og smidige kajakkdronen under årets tokt. 

– Vi veit at brisling går opp mot overflata, særleg på natta, og naturleg nok får du ikkje målt det som står over kjølen på båten. Det er ein ganske stor feilkjelde med tradisjonelle forskingsfartøy, seier Johnsen.

Dei gjorde forsøk over to dagar: på kveldstid laurdag 15. og på dagtid sundag 16. august. Dronen følgde ein kurs mellom førehandsdefinerte punkt i fjorden.

Mest fisk i «blindsona» nattetid

Og resultatet?

– Vi målte omtrent same tettleik av brisling i fjorden i begge forsøka. Ein stor forskjell, som forventa, var at brislingen stod mykje høgare i vassøyla om natta, seier Espen Johnsen.

På kveldstid stod over 60 prosent nærare overflata enn åtte meter, som er så høgt «Kristine Bonnevie» kan måle. På dagtid stod omtrent ein firedel av fisken høgare enn åtte meter.

Kajakkdronen måler heilt opp til to meters djup med ekkoloddet.

Senioringeniør Atle Totland klargjer kajakkdronen frå «Kristine Bonnevie» før den blir låra i fjorden. Foto: Espen Johnsen/HI

Viktig for fiskarane

Årets kvoteråd for kystbrisling gjekk ut i slutten av august, og blei ikkje påverka av det eksperimentelle forsøket med kajakkdronen. Men Kvamme håpar dronen kan bli med også på framtidige tokt og gi både forskarar og fiskarar eit betre bilete av brislingbestanden. 

– Sognefjorden er ein viktig fjord for fiskarane. Det er der det har vore tatt mest brisling det siste tiåret, så det har konsekvensar for fiskarane om vi ikkje klarer å måle all fisken som er der, seier Cecilie Kvamme. 

Ho ser føre seg at dei framover vil kunna gjera dei nødvendige målingane med «Kristine Bonnevie» på dagtid, og i tillegg bruka kajakkdronen selektivt i område med mykje brisling slik at dei kan gjere best mogleg berekningar av bestanden. 

Supplement, ikkje erstatning

Dronen kan derimot ikkje erstatta den vanlege toktverksemda heilt. Blant anna må ein ut og ta «biologiske prøver», altså fanga fisk for å sjå arts- og alderssamansetjinga. 

Dagens teknologi set også grenser, blant anna med tanke på å unngå rekkeviddeangst og fare for konfliktar på sjøen. Kajakkdronen har AIS-sporingssystem, men manglar intelligent antikollisjonsteknologi. Difor må det vere med folk som passar på i nærleiken. 

Espen Johnsen meiner uansett at teknologien tvingar seg fram og stadig blir betre.

– Om få år vil bruk av dronar vere ein naturleg del av toktaktiviteten vår. Framtida er nok ein kombinasjon av ein båt som kan ta biologiske prøver, og ein type droneteknologi som kan måle nærare overflata, spår han.

Referanse

Atle Totland, Espen Johnsen og Cecilie Kvamme (2020). "Measuring distribution and density of sprat in Årdalsfjorden with a kayak drone". Rapport fra havforskningen ​​​​​​​20-28. Lenke: https://www.hi.no/hi/nettrapporter/rapport-fra-havforskningen-en-2020-28