Gå til hovedinnhold
Arne Hassel ser på slangestjerne i mikroskop

Dyra Arne Hassel undersøker er mikroskopiske - her er det ei slangestjerne som vert undersøkt i mikroskop.

Fotograf: Erlend Lorentzen / Havforskingsinstituttet

Dokumenterer havet sine ukjende skattar

Mikroskop, lupe og fotoapparat er hovudverktøya når Arne Hassel skal finne ut kva dyr som er henta opp frå havbotnen utanfor Norge.

Heilt frå dei første prøvane var henta på det aller første botnkartleggingstoktet til Mareano-programmet har Arne hatt jobben med å finne ut kva artar eit utval dyr eigentleg er.

Mange av dyra som kjem inn på labben ser like ut, men er likevel ulike artar. For å klare å skilje dei, er dokumentasjonen avgjerande. Og den må han ofte lage sjølv.

Hjulformet ossikkel hos sjøpølsen Acanthotrochus mirabilis.jpg

Slike små "hjul" kan ein finne når ein studerar ei bestemt sjøpølse i mikroskopet.

Forma på "hjulet" kan vere avgjerande for identifiseringa av arten.

Den kjedelege sjøpølsa var eit skattkammer

Den tilsynelatande kjedelege sjøpølsa er eit av favorittdyra:

– Sjøpølsene ser jo eigentleg ganske like ut, dei har liksom ingen annan fasong enn at den ser ut som ei pølse medan den er levande og meir som eit pølseskinn etter at den er daud, seier han.

Men når prøvar av huda vert lagt inn i mikroskopet, dukkar det opp ei ny verd:

– Dei ulike artane har ulike beinstrukturar med utruleg avanserte mønster spredt utover kroppen. Vi har funne alt frå enkle ringar til former som anker, briller og tennisracket.

Då det store mangfaldet blei oppdaga, var det ikkje anna å gjere enn å sette i gang med å dokumentere det:

– Den store variasjonen i form på sjøpølsene ga oss den eine overraskinga etter den andre. Når eg såg omfanget av det så måtte eg berre dokumentere det, så eg starta å ta bilete av dei. No har vi mange 1000 bilete av slike strukturar i ulike variantar, fortel han.

Og fotoapparatet har blitt ein viktig følgesvein i arbeidet: over 6000 bilete av ulike detaljar på dyra han har undersøkt har hamna i eit fotoarkiv.

I tillegg til å fotografere dyra, har han også sett saman plansjar for kvar enkelt art slik at det skal vere enklare å kjenne dei igjen seinare.

Slangestjernen Amphilepis norvegica.jpg

Å identifisere dei små dyra kan vere tidkrevande. Forskarane brukar mellom anna slik plansjar for å sjå etter spesielle kjenneteikn.

Denne plansjen viser slangestjerna Amphilepis norvegica og er laga av Arne Hassel.

– Ein slik plansje inneheld alle opplysningar som vi treng for å kunne identifisere ein art – det er alt frå bilete av heile dyret til beskriving av bestemte organ, forklarar han.

I tillegg til plansjane, støttar forskarane seg også på vitskapeleg litteratur for å finne ut av spesielt vanskelege artar.

Naturen sitt eige kunstverk

– Å dokumentere desse små dyra er utruleg spanande, det er like interessant i dag som då eg starta, seier Arne.

Og jobben med å dokumentere dei til dels mikroskopiske forskjellane på dyra, har sett krav til korleis arbeidet blei utført:

– Alle desse små karaktertrekka som vi har funne er jo naturen sitt eige kunstverk. For å klare å bruke det i jobben vår, har vi utvikla fotografimetodar slik at vi skal få det riktig fram, forklarar han.

Sidan kvar dyregruppe kan bestå av mange ulike artar, er det ikkje mogeleg for ein person å ha oversikt over alle.

Bilde av ein havedderkopp
Slike havedderkoppar er ein av artane Arne har spesialisert seg på. Biletet er av arten Colossendeis proboscidea.
Foto: Arne Hassel / Havforskingsinstituttet

– Eg har spesialisert meg på pigghudar, nokre artar av makk og havedderkoppar. I tillegg har eg sett ein del på langhalsar, det er ein fjern slektning av rur. Men medan rur veks direkte på berget, har langhalsane ein lang hals og så kjem sjølve «skjelet» på toppen av den.

Nokre av artane han studerer er så like at dei ikkje kan skilast berre med å studere dei i mikroskop.

I ei dyregruppe, sipunculider, er artane så like på utsida at Arne må fram med skalpellen for å få svara han er ute etter.

– For å finne ut kva art det er, må vi studere korleis til dømes nyrene og muskelbanda ser ut.

Men hos nokre artar, kanskje spesielt havedderkoppar, kan heller ikkje det gje svar på kva dyr som eigentleg ligg på bordet:

– Desse artane ser tilsynelatande nesten heilt like ut, då gjer vi DNA-undersøkingar i samarbeid med våre kollegaer på Universitetet i Bergen. Desse viser ofte at dyra er svært ulike til tross for nesten lik utsjånad.

Den underlege kråkebollen

Ein annan art som gjerne dukkar opp i prøvene Arne skal undersøke er kråkebollar. Dei høyre til dyregruppa pigghudar, og artar av dei kan ein finne heilt frå fjøresteinane og ned i djuphavet.

– Veit du at kråkebollar har nokre bittesmå klypeklør? Dei brukar desse klørne til å reingjere kroppen og forsvare seg mot små fiendar, forklarar han.

Klypeklør hos en kråkebolle
Dette er klypeklørene til ein liten kråkebolle som heiter Gracilechinus acutus.
Foto: Arne Hassel / Havforskingsinstituttet

Sidan kvar art har si eiga form på klørne, har han også nytte av dei:

– Forma på desse klørne har vist seg å vere fasiten på kva art vi har funne, seier Arne og legg til at også desse er så små at ein treng mikroskop for å kunne studere dei i detalj.

Bilde av kråkebolle
Her er eigaren av klypeklørne - kråkebollen Gracilechinus acutus.
Foto: Arne Hassel / Havforskingsinstituttet

Tilbake til barndommen

Kvifor synes du at akkurat dyra som leve på botnen er så interessante?

– Det er jo nesten som å være tilbake i barndommen! Eg er sikker på at dei fleste, og i alle fall dei som vert marinbiologar, brukte mykje tid i fjøresteinane for å studere dyra der då dei var små. Det eg gjer på jobb er jo akkurat det same, berre at her har vi mikroskopet vi sakna då vi var små, smiler Arne.

Og sjølv om han nyleg passerte 70 år, og dermed må gå av med pensjon, har han ikkje tenkt å gje seg heilt:

– Eg har fått ei avtale om at eg kan arbeide nokre timar i veka, så eg kjem framleis til å kome innom botndyr-labben for å avslutte ein del arbeid som eg ikkje er komen heilt i mål med. Og kanskje vert det også tid til å skrive nokre vitskapelege publikasjonar, seier han.

Og så til det mange lure på: kor mange heilt nye og ukjende artar har du funne?

– Det er eit omfattande prosjekt å få registrert eit dyr som ny art, ein må mellom anna gå gjennom all tilgjengeleg litteratur og museumseksemplar av tilsvarande artar. Hittil har vi ikkje funne nokre kandidatar til nye artar her på laben, men vi kan heller ikkje utelukke at det finnes nokon i materialet vårt, avsluttar han.

Arne Hassel.jpg

Arne har eit rikholdig oppslagsverk tilgjengeleg - mykje av det har han laga sjølv.

 

 

Sidepanel

Kontakt