Gå til hovedinnhold

Sterkt «comeback» for knølkval i Antarktis – etter tiår med fangstforbod

No kryr det igjen av knølkval på sommarbeite i det vestlege Sørishavet. 

Etter nær seksti år med forbod mot å fangste knølkval i Sørishavet, er endeleg bestanden av knølkval på veg opp igjen. 

– Vi ser no store flokkar med kval som igjen er tilbake på sommarbeite i dette området, fortel HI-forskar Bjørn Krafft. 

I ein ny vitskapeleg artikkel estimerer forskarar frå HI og British Antarctic Survey (BAS) at over 24.500 knølkvalar no er å finne på sommarbeite berre i havområdet rundt Sør-Georgia og Sør-Sandwich-øyene. 

– Dette er ei skikkeleg gladnyheit! Vi ser her at bestanden i det sørlege Atlanterhavet er i sterk vekst, og at kvalane tek tilbake sine tradisjonelle sommarbeite rundt desse øyane.

Fangsten tok nær knekken på heile bestanden 

Sørishavet, havområdet mellom Sør-Amerika og Antarktis, var eit svært populært matfat for kvalar på sommaren. 

Svære kvalar gomla i seg store mengder krill og levde det gode liv i dette området.  

Men så byrja kvalfangsten. 

Frå tidleg på 1900-talet og fram til femtitalet vart over 27.000 knølkval drepne i fangsten i området. I tillegg blei dei same kvalane også jakta på, på vinterbeitet utanfor Brasil. 

Bestanden vart nær utradert. 

lettbåt i isødet
Havforskarane talde, satellittmerka og tok spekkprøvar av kval i Sørishavet på tokt i 2019. Foto: Oda Linnea Brekke Iden/HI 

Nær seksti år med forbod førte til tidenes retur 

Då kvalfangsten i Sørishavet endeleg tok slutt på sekstitalet, var det ikkje mange knølkvalar igjen. Også andre typar bardekval var borte. 

Det skulle gå fleire tiår før bestanden kom seg. Men dei siste åra har altså noko skjedd. 

Totalt estimerer forskarane at det er over 43.000 bardekvalar av ulike slag på sommarbeite i området – inkludert knølkval. 

Bardekval er ein av dei to hovudgruppene kvalar vi har, og består av artar som knølkval, vågekval, finnkval og blåkval – og er jordas største pattedyr. 

Skal no sjå på andre områder i Sørishavet 

Artikkelen som no er publisert, er basert på data frå HI-toktet til Antarktis i 2019. 

HI-forskarane Martin Biuw og Ulf Lindstrøm satt fysisk på brua på «Kronprins Haakon» og telte kvalobservasjonar, medan forskarane frå BAS gjorde det same på eit anna skip.  

I tillegg drog forskarane ut i lettbåt og merka kval. 

– Vi skal jobba vidare med datamaterialet vårt, og sjå på kor mykje kval det er og korleis dei fordelar seg utover, i andre områder av Sørishavet, seier Krafft.  

Dei siste 25 åra har han jamleg vore på tokt og feltarbeid i Antarktis. 

– Det er veldig kjekt å sjå det yrande dyrelivet som det er i Sørishavet no, fortel han. – Frå den minste krill, til dei store kvalane. Det viser at fredinga har virka dei siste tiåra.   

Forskere i lettbåt
Godt nytt så langt - men dei skal forske vidare på data dei samla inn her i Sørishavet i 2019. Frå venstre: HI-forskarane Martin Biuw, Bjørn Krafft og Ulf Lindstrøm. 

Referanse 

Mick Baines, Natalie Kelly, Maren Reichelt, Claire Lacey, Simon Pinder, Sophie Fielding, Eugene Murphy, Phil Trathan, Martin Biuw, Ulf Lindstrøm, Bjørn A. Krafft, Jennifer A. Jackson. «Population abundance of recovering humpback whales (Megaptera novaeangliae) and other baleen whales in the Scotia Arc, South Atlantic.». Marine Ecology Progress Series. Inter-Research Science Publisher (2021). LENKE: https://doi.org/10.3354/meps13849 
 

Knøl under vann Barentshavet - Audun Rikardsen.jpg

Velkommen til hvalenes forunderlige verden

De kan vandre 8000 kilometer og dykke ned til 2000 meters dyp, men må alltid opp til overflaten for å trekke pusten.