Gå til hovedinnhold

Antarktisk krill blir tiltrekt av lys - det kan forenkla fisket


toppbilete krilltrål (2)

Tråling etter krill på forskingstokt i Sørishavet. 

Fotograf: Bjørn Krafft/HI

Den kunnskapen kan brukast til å gjera krillfisket i Sørishavet meir effektivt. 

 – Me ynskte å forstå meir av åtferda til antarktisk krill, og å sjå om me kan påverka eller kontrollera den med lys, fortel HI-forskar Bjørn Krafft. 

Bruken av LED-lys aukar i moderne fiskeri, fordi ein har funne ut at enkelte fiskeartar sym mot lyset, medan andre stikk av. Ein kan altså bruke lys i fiskeriet for å lokka til seg nokre – og jaga vekk andre artar.  

Kva gjer så krillen i Antarktis?

Bjørn og hans danske kollega, Ludvig A. Krag (DTU) gjekk konkret til verks for å få svar. 

– Me var på vårt årlege tokt i Sørishavet, der me rutinemessig målar mengda av antarktisk krill og elles ser på bestandane av kval, pingvin og andre rovdyr, då me gjennomførte denne åtferdsstudien om bord på skipet, fortel Bjørn. 

 – Det har blitt gjort forsøk med antarktisk krill og lys tidlegare, men då med eit veldig kraftig lys, der målet var å blenda krillen for å sjå om den då var lettare å fanga med nett. Dei forsøka fekk blanda resultat. Difor ynskte me å undersøka korleis antarktisk krill reagerer på svakare LED-lys.

Krill klar i kar: Levande krill som ventar på å få delta i forsøket. Foto: Bjørn Krafft/HI 

Krill i kar gav nye svar 

Om bord på skipet rigga forskarane seg til med vasstankar, pumper, slangar og sensorar til å overvake vasskvaliteten – alt plassert inne i ein lystett stålcontainer som blei sveisa fast i tråldekket. 

– Oppi eit stort kar sette me opp skiljeveggar, slik at det blei tre ulike kammer. Det høgre kammeret var lyssett med dust LED-lys, medan kammeret i midten og til venstre var mørklagde. Krillen vart så slept opp i det midtre kammeret, og kunne fritt symja mellom de ulike romma.  

Det var små hol i skiljeveggane mellom kammera, slik at krillen som hamna i midten, kunne sjå at det var mørkt til venstre og lys til høgre, og ta eit aktivt val om kor den helst ville vera. 

Krillen fekk så vera i fred for forskarane i ti minutt. Så stengte dei av kammera, og telte kor mange krill som var i kvart kammer. 

Dei gjentok øvinga ei rekke gonger, med nye krill, og testa også korleis krillen fordelte seg mellom dei ulike romma visst alle var mørklagde. 

Klar for forsøk: Krillen blei slept uti det midtre kammeret, og kunne fritt symje mellom dei tre ulike romma, kor to vart mørklagde, og det tredje var kunstig lyssett. Foto: Bjørn Krafft/HI 

Over halvparten av krillen ville stå i lyset 

– Resultata viste klart at krillen, den vart trekt mot lyset, seier Bjørn. 

Faktisk ville over femti prosent av «forsøksdyra» opphalda seg i «lyskammeret». 

Men trass i klare resultat, er HI-forskaren nysgjerrig på å læra meir. 

 – Me hadde lyset på kontinuerleg. Ville endå fleire krill trekt mot lyset, om det var blinkande? Vil krillen reagere annleis på ein annan type lys enn det me brukte? Er det unge krill som blir mest tiltrekt av lys, eller er det dei godt vaksne? Og er det ein kjønnsforskjell her, er det damene eller karane som er mest gira på å sjå lyset? Spelar det noko rolle kva tid på året ein prøver? Det veit me ikkje endå, dette var eit innleiande forsøk for å sjå kva «lys-respons» krillen i utgangspunktet har. 

Kan gjera fisket kjappare og billegare 

Forskarane har no dokumentert at krillen likar lys. Men kvifor er det viktig å vite? Jo, det kan faktisk gjere fisket betre. 

– Det betyr at ein kan bruka lys som eit verkemiddel i krill-fiskeriet, forklarar Bjørn. 

– Enten at ein festar lys i området framfor trålen, for å tiltrekke og konsentrere krill som då går rett i fella. Eller at ein kan ha lys inni sjølve trålen, for å trekkja krillen inn mot midten, slik at krillen ikkje snik seg ut av trålnota i kantane, som kan ha større masker. Ei tredje moglegheit kan vera å festa lys i teiner, slik at krillen søker seg inn i dei. Slike løysingar gjer at ein kan fiska større mengder krill på kortare tid. 

Eit meir effektivt fiske gjer at ein sparar tid, pengar og miljø – dersom ein fiskar det ein skal på kortare tid, brukar ein mindre drivstoff, og dermed blir det også mindre utslepp i naturen. 

Bonus: Kan redusere uynskt bifangst 

For forskarane er ein annan ting vel så viktig: Ein kan få redusert bifangst.

Bifangst er dei artane ein får «med på kjøpet» når ein eigentleg fiskar etter ein annan art. 

Det er eit potensielt problem fordi ein risikerer å fisk utilsikta mykje på sårbare artar, samtidig som det jo heller ikkje er den arten ein fiskar etter. 

–  Sidan nokre artar går mot lyset, og andre stikk av, så kan kunnskap om lysbruk brukast når ein skal designe og utvikle nye fangstreiskapar slik at ein får redusert den uynskte bifangsten.

Forsøket blei gjort i ein container, og difor kan ikkje forskaren endå sei at krillen vil oppføra seg likt i ein reel fangstsituasjon, der også andre faktorar kan påverka korleis krillen oppfører seg. 

– Men det at me fekk so spennande resultat frå dette forsøket, inspirerer oss jo sjølvsagt til å forska vidare på dette, avsluttar Bjørn.  

Strandpause: Sjølv med tettpakka forskingsprogram, fekk Bjørn tid til ein liten pause i land for å besøka dei lokale. 

Referanse 

Krafft, Bjørn A., and Ludvig A. Krag. "Antarctic krill (Euphausia superba) exhibit positive phototaxis to white LED light." Polar Biology (2021): 1-7. LENKE: https://doi.org/10.1007/s00300-021-02814-7