Gå til hovedinnhold

Inge André Utåker blir ny rederisjef på HI

Inge André Utåker

Inge André Utåker går frå ferjer til forskingsskip når han no blir direktør for HIs rederiavdeling. Utåker har utdanninga si frå Sjøkrigsskolen og har hatt ulike leiarstillingar i Forsvaret. Dei siste ni åra har han vore regionssjef i Norled.

Fotograf: Norled

Inge André Utåker tar over som leiar for rederiavdelinga på Havforskingsinstituttet i løpet av våren. Han kjem frå stillinga som regionssjef i ferje- og hurtigbåtrederiet  Norled. 

Stillinga vart lyst ut i haust, og denne veka vart det klart at Inge André Utåker (57) blir ny direktør for rederiavdelinga etter Per Nieuwejaar. 

– Den lange og grundige prosessen har vore inspirerande, og har gjort meg endå meir sikker på at dette er eit riktig val, seier ein nøgd og stolt Inge André Utåker.  

Rett person for jobben

Havforskingsdirektør Sissel Rogne er veldig glad for å få Inge André Utåker om bord.

– Vi hadde den luksusen at det var stor pågang av vel kvalifiserte søkjarar til stillinga. Vi har tatt oss god tid med tilsettinga, og er trygge på at Inge André Utåker er rett person for jobben. Han har med seg høgaktuell kunnskap frå maritim sektor i tillegg til verdifull erfaring frå felt og ulike leiarstillingar i Forsvaret. 

Teknologiutvikling og miljøkrav

Rederiavdelinga er sentral i utviklingsarbeidet med sjølvgåande farkostar og andre infrastruktursatsingar som skjer på  instituttet. Sissel Rogne seier at ein tungtvegande grunn for at valet fall på Inge André Utåker er kompetansen han har på ny og miljøvenleg teknologi.

–  Evna til omstilling og innovasjon blir berre viktigare og viktigare, og her ser vi at Inge André Utåker har mykje å bidra med.  

Inge André Utåker seier at han kjem til å dra veksel på ballasta han har med seg frå nybrots ferjeteknologi og beintøffe klimakrav i Norled.

– Sjølv om eg no går frå ferjer til forskingsskip, så er ein del av problemstillingane dei same. Samstundes er det mykje som er nytt og annleis på eit forskingsinstitutt – det blir spennande å læra kva som skal til for å lukkast med rederidrift i eit forskingsperspektiv.