Gå til hovedinnhold

Stor variasjon i utkast frå kystfisket

Mann trekker garn fra lettbåt på fjorden i skumrunga.

Under 1 prosent av torsken som blir tatt av kystfiskarar nord for Stad blir kasta ut igjen, men lenger sør er utkastet høgare, viser ein ny rapport. Illustrasjonsfoto. 

Fotograf: Rune Nilsen / Havforskningsinstituttet

Det er store regionale forskjellar i kva fiskeartar som blir landa og ikkje. Bifangst som blir omsett ein stad, blir kasta tilbake på sjøen andre stader.

Dette går fram av ein ny rapport der forskarar har berekna utkast frå kystfisket med garn, i mengd og som del av fangstane, for ulike artar og område.

– Resultata tyder på at den norske sjarkflåten har tilgang på større ressursar enn det som blir landa, og at det finst fleire moglege artar som kan utnyttast betre som matkjelder i framtida, seier forskar Kjell Nedreaas.

Potensial for større verdiskaping

Nedreaas peikar på at det er stor variasjon mellom statistikkområde, som viser at nokon får betalt for bifangst som andre ikkje får levere.

– Med andre ord er det ressurspotensial for større verdiskaping, dersom forholda blir lagt til rette for det, seier Nedreaas.

Kviting, også kjent som hvitting eller bleikje, er ein av artane som har høgare utkastrate i nokre område. Andre slike artar er skjelbrosme, gapeflyndre, lomre og skrubbe.

Kviting er ein liten torskefisk som har fått namn etter det kvite kjøtet sitt. Foto: Erling Svensen / HI

Manglande mottaksmogelegheiter fører til utkast

– Ein føresetnad for at Noreg i praksis kan ha eit kystfiskeri utan utkast av fisk med god kvalitet av alle artar er at fiskemottaka langs kysten kan ta imot og betale fiskar for å bringe all fangst til lands. I dag er det diverre slik at manglande mottaksmoglegheiter fører til utkast, seier Nedreaas.

– Vi ser blant anna forskjell der mottaka ligg nært store byar; her får ikkje mottaka tak i nok bifangst. Vi håpar at det kan leggjast betre til rette for mottak og utnytting av bifangst langs heile kysten.

Samla data frå fiskarar

Rapporten byggjer på data frå Havforskingsinstituttet sin referanseflåte for kystfartøy. Referanseflåten er eit representativt utval av den totale flåten, og skal rapportere alt dei fangstar.

Ut frå denne informasjonen har Kjell Nedreaas og tidlegare masterstudent Hilde Sofie Fantoft Berg berekna utkast av torsk, hyse og breiflabb i perioden 2012–2018, og utkast av alle artar i kystfiske med garn i 2018.

– Dette er dei einaste estimata for utkast basert på ekte data for denne flåtegruppa, og vil derfor kunne vere ein viktig peikepinn for heile kystflåten, seier Nedreaas.

Lite utkast av torsk

Resultata viser at så lite som under 1 prosent av torsken som blir tatt av kystfiskarar blir kasta ut igjen nord for Stad (62°N). Lengre sør er utkastet høgare, nokre år opptil 10 prosent.

Det varierer mellom område og kvartal om utkastet av torsk skuldast skada fisk eller liten storleik på fisken. I mengd er utkastet størst i 1. kvartal, men rekna som prosent av rapportert fangst er utkastet større i dei andre kvartala.

Som prosent av rapportert fangst aukar utkastet søretter kysten, og er størst på Skagerrakkysten.

Meir av hyse og breiflabb

For hyse er utkastratane jamt over høgare, både i nord og sør, på det meste over 15 prosent sør for Vestfjorden. Også for breiflabb er estimata høgare enn for torsk, men aldri over 10 prosent.

– For breiflabb ser vi i større grad enn hos andre arter at utkastet er relatert til ståtida til fiskebruket. Dårleg vêr og store garnmengder fører til at ståtida kan bli lenger enn maksgrensa på 72 timar, seier Kjell Nedreaas.

Referanse

Hilde Sofie Fantoft Berg og Kjell Nedreaas (2021). «Estimering av utkast i norsk kystfiske med garn – 2012–2018», Fisken og havet, 2021-1. Lenke: https://www.hi.no/hi/nettrapporter/fisken-og-havet-2021-1