Gå til hovedinnhold

Avansert statistikk reknar ut mengda fisk i blindsonene til forskingstokt

foto av skipsbaug som tar en bølge

Dårleg vêr er ein av tinga som kan gjere at forskingsfartøy ikkje får dekka dei planlagde områda med sine undersøkingar. Her er "Johan Hjort" i på det årlege vintertoktet i Barentshavet.

Fotograf: Erik Olsen / HI

Klimaendringar og dårleg vêr kan gjere at fisk går under radaren til forskarane som skal telje han. No har forskarane rekna ut ei løysing.

– Når fisken flyttar seg ut av området vi dekker med forskingsfartøy, kan det gi eit feilaktig inntrykk av at det er mindre fisk i havet, seier havforskar Espen Johnsen.

Det er berre eitt av døma ein ny statistisk modell skal bøte på. 

Den lar forskarane anslå kor mykje fisk det er i område som er dårleg dekka av forskingstokt eller andre «blindsoner» på sjøkartet.

Modellen er publisert i ein vitskapleg artikkel der den blei valt ut som Editors choice. Den er resultatet av eit godt samarbeid mellom Norsk reknesentral og Havforskingsinstituttet.

«Tel» fisken kvar år med faste metodar

Kvart år drar havforskarane på tokt for å måle kor mykje det er av bestemte fiskeslag i havet. Dei er ute til faste periodar, på faste område med faste metodar.

Eit eksempel er det norsk-russiske botntråltoktet i Barentshavet om vinteren. Dette toktet er utført på same måte, med same type trål sidan 1990-talet.

Forskarane trålar på dei forhandsbestemde punkta på kartet. Dei sorterer fangsten etter art, storleik og alder. Dei brukar fangstane til å rekne ut kor mykje det er av dei ulike fiskane i heile området. 

Når dei gjer dette over ei årrekke, kan dei sjå fiskebestandane si utvikling over tid. Har det blitt meir eller mindre torsk, for eksempel. Dette er med å danne grunnlag for eit fagleg kvoteråd, og til slutt ei fiskekvote.

Uvêr kan gi blindsoner

– Men det er ikkje alltid vi greier å tråle på dei planlagde punkta. Dårleg vêr kan hindre deler av toktet, det kan vere driv-is i vegen, eller avgrensa tilgang til andre land sine farvatn, forklarer havforskar Espen Johnsen.

Dette fører til blindsoner der forskarane manglar informasjon om fisken, hol i statistikken.

– Den nye statistiske modellen brukar informasjon frå tidlegare tokt der «blindsonene» er godt dekte. Den tygger informasjonen gjennom avansert statistikk. Ut kjem eit mengdeanslag på fisk i blindsona pluss ein score på kor truverdig det er, seier Johnsen.

Klimaendringane gjer at fisk flyttar seg

Modellen kjem også til unnsetning når fisk er på flyttefot.

– Det er ikkje alltid så lett å halde tritt med fiskane og dekke heile utbreiingsområdet deira når dei flyttar på seg. Grunna klimaendringar er dette i ferd med å skje for fleire fiskeartar, seier Johnsen.

Torsken har for eksempel fått større boltreplass lengre nord i Barentshavet.

– Denne forflyttinga er kjent frå før, men den nye modellen vår viser at det er dei mindre torskane som flyttar nordover, mens større torsk flyttar seg nordaustover.

Modellen seier også frå om han er usikker

– For eksempel seier modellen at torsken har flytta seg gradvis eit par hundre kilometer lengre nord dei siste 20 åra. Ja vel, kor sikkert er det? Jau, det er sikkert med ein feilmargin på 50 kilometer, forklarer Espen Johnsen.

Den statistiske modellen er ei vidareføring av REDUS-prosjektet. Målet var å redusere og beskrive usikkerheita i våre anslag av fiskebestandane. Førebels er det eit «proof of concept» som havforskarane ønsker å ta i bruk for fleire tokt.

Referanse

Breivik, Olav Nikolai, Fredrik Aanes, Guldborg Søvik, Asgeir Aglen, Sigbjørn Mehl, and Espen Johnsen. "Predicting abundance indices in areas without coverage with a latent spatio-temporal Gaussian model." ICES Journal of Marine Science (2021). Lenke: https://doi.org/10.1093/icesjms/fsab073