Gå til hovedinnhold

NOT CACHED

Her kjøper HI nytt sjøanlegg av Os-firmaet Nor-Mær

Oppdraget er verd 30 millionar kroner.

Det var firmaet Nor-Mær frå Bjørnafjorden kommune som vann anbodskonkurransen på det nye sjøanlegget til forskingsstasjonen vår i Austevoll.

No har partane signert kontrakten digitalt i dobbel forstand.

– Dette er ein viktig ordre for oss. Vi er stolte over å bli valde som leverandør for Havforskingsinstituttet og trygge på å levere kvalitet som står til forventningane, seier dagleg leiar i Nor-Mær Olaug Gausvik.

– Vi er glade for det gode tilbodet frå eit lokalt firma og gler oss til å få på plass oppgraderinga, seier havforskingsdirektør Sissel Rogne.

Sjøanlegget har ei byggetid på 13-15 månadar før det kan erstatte dagens anlegg. Det nye, spesialbygde anlegget skal bli eit løft for både arbeidarane og akvakulturforskinga i Austevoll.

dronefoto av merder i sjø
Dagens anlegg: På Sauganeset i Austevoll har Havforskingsinstituttet eit sjøanlegg som i hovudsak husar akvakultur-forsøk. Men også makrell og torsk har vore innom i andre typer forsøk.

Meir armslag til å forske

Anlegget blir truck-fritt for betre HMS, med 4 meter brei hovudbrygge og breiare landgangar rundt fiskebura.

Midt på anlegget blir ein open plass til å jobbe på, for eksempel til veging og måling av fisk.

Ny flytekai skal huse el-arbeidsbåt

Den største synlege endringa blir ei flytekai i bakkant med tilrettelegging for ein heilelektrisk arbeidsbåt som blir eit eige anbod seinare.

Også andre båtar vil kunne legge til anlegget, slik som dei minste havforskingsfartøya.

skisse av en flytekai
Flytekaien får opplegg for el-arbeidsbåt og lagringsplass inni. (Illustrasjon: Nor Mær)