Gå til hovedinnhold

Har greidd å lage superhannlaksar

Foto av to forskere. Han ene holder en stor laks i armene.

Superhannlaksen er no slakta, men den unike spermen ligg i "banken". Her ser vi forskarar Per Gunnar Fjelldal og Tom Hansen med ein av "sønene" til superhannen.

Fotograf: Tone Vågseth / Havforskingsinstituttet

Avkommet til desse fiskane blir garantert hannar. Nesten.

Hos dei fleste oppdretta fiskeartar er kjønnsmodning eit problem. Det er fordi kjønnsmoden fisk sluttar å vekse, blir lettare sjuke og dei kan bli meir kranglete. Sidan dei brukar energien på lage egg og mjølke, blir dei ueigna som mat til menneske.

For nokre oppdrettsfiskar, slik som kveite, er det vanleg å ale opp berre hofisk. Desse blir seinare kjønnsmodne enn hannfiskane (sjå faktaboks). I Norge blir laksen sendt til slakting så snart han viser teikn til kjønnsmodning.

Slepp å ale opp holaks

– Vi er derimot interesserte i fiskar som blir kjønnsmodne, seier forskar Per Gunnar Fjelldal.

Han og kollegaane forskar nemleg på kjønnsmodning hos hannlaks. Dei har no greidd å utvikle ein «supersperm» som berre resulterer i hannlaks.

– For oss er det ein stor fordel om vi veit at alle egga vil ende opp som hannar. Då treng vi berre å produsere halvparten så mange forsøksdyr, forklarar Fjelldal.

Hermafrodittlaks blei både mor og far til superhannar

Forskarkollega Tom Hansen greier ut om metoden:

– I 2012 behandla vi hannlaks-yngel med østrogen for å få dei til å utvikle egg. Då vi nokre år seinare skulle stryke ut egga til éin av desse, som altså skulle vere genetisk hannlaks i holaks-kropp, kom det ut både egg og mjølke samtidig, fortel han.

Laksen hadde dermed befrukta sine eigne egg.

– Men det viktigaste her er lakseegg frå ein genetisk hannfisk. Kor spermen kjem frå, er ikkje så relevant for utfallet, seier Hansen.

Ein fjerdel av egga gav opphav til det forskarane kallar superhannar.

Superhannane får berre hannfisk-avkom (nesten)

Vanlege hoer har XX-kromosom og hannar har XY-kromosom. Superhannane har YY.

Det er første gong nokon har dokumentert superhannar hos atlantisk laks. Og kvifor super? Dei har ein supereigenskap: Rogn som blir befrukta med deira sperm, vil garantert bli hannfisk – nesten.

– Rundt éin prosent blir hofisk, utan at vitskapen kan forklare korleis det er mogleg. Men dette fenomenet er kjent frå andre artar også, seier Per Gunnar Fjelldal.

Har hannfisk på frys i spermbanken

I 2016 var superhannane kjønnsmodne og kunne strykast for mjølke første gong.

No har forskarane frose ned spermen deira i «banken», og kan produsere hannfisk til forskinga ved behov.

Mjølke på veg til frysen. (Illustrasjonsfoto: Erlend A. Lorentzen)

Arbeidet blei finansiert av Forskningsrådet som del av prosjektet «Understanding postsmolt maturation in Atlantic salmon in the context of new, closed production systems», og med EU-midlar gjennom programma AQUAEXCEL og Horizon 2020.

Referanse

Per Gunnar Fjelldal, Tom J. Hansen, Anna Wargelius, Fernando Ayllon, Kevin A. Glover, Rüdiger W. Schulz & Thomas W. K. Fraser. 2020. Development of supermale and all-male Atlantic salmon to research the vgll3 allele - puberty link. BMC Genetics 21, Article number: 123.  Link: https://doi.org/10.1186/s12863-020-00927-2