Gå til hovedinnhold

Djupvatnet i Masfjorden er skifta ut for første gong på 10 år


Fjord og fjell, bilde tatt fra båt.

Havforskarane overvakar jamleg fysiske miljøet i Masfjorden og andre vestlandsfjordar.

Fotograf: Ingrid Askeland Johnsen / HI

Nytt, friskt og oksygenrikt vatn har kome til etter gunstige vindforhold i sommar.

Havforskarane var på tokt med «Hans Brattström» i Masfjorden i august, som ein del av den faste overvakinga av det fysiske miljøet i fjordane på Vestlandet.

Målingane frå toktet viste at både salthaldet og temperaturen på djupbassenget i fjorden hadde gått ganske mykje opp sidan det førre toktet i april. I tillegg var oksygennivået i vatnet dobla.

– Samanlikninga mellom målingane i april og august viser tydeleg at det har skjedd ei innstrøyming til fjorden, og at det oksygenfattige vatnet i djupet er bytta ut, seier havforskar Ingrid Askeland Johnsen.

Lite oksygen gir dårleg miljø

Johnsen forklarer at djupvatnet i fjordane er ganske skilt frå resten av fjorden. Det ligg meir i ro i forhold til dei øvre laga, der det er sterke straumar og lågt salthald.

Litt av dette «ferske» vatnet blandar seg likevel nedover i djupet heile tida. Så sjølv om dette djupvatnet ligg veldig roleg, så blir salthaldet litt og litt lågare frå år til år.

– Når salthaldet i djupvatnet plutseleg aukar, så har det skjedd noko uvanleg. I løpet av veldig kort tid så har nytt, friskt vatn strøymt inn frå kysten og fylt opp bassenget. Etter ti år med stillstand har det no skjedd ei innstrøyming i Masfjorden, seier havforskar Ingrid Askeland Johnsen.

Mens djupvatnet står stille, så søkk også oksygenhaldet, fordi organismar som bur der brukar opp oksygenet. Utan innstrøyming av nytt vatn frå kysten blir det etter kvart veldig dårlege miljøforhold i fjorden, og berre artar som toler veldig låge oksygennivå overlever.

Viss det i tillegg er oppdrettsanlegg der, vil oksygenet bli brukt opp endå raskare.

Vind og vatn må klaffa

For at ei innstrøyming skal skje, så må fleire ting klaffa på ein gong:

Det må finnast vatn med høgt salthald ute på kysten, og dette vatnet må bli løfta over terskelen til fjorden, slik at det kan strøyma inn og fylla opp bassenget. Her speler vinden ei viktig rolle.

– Me har i sommar hatt dei beste vindforholda for utskifting av bassengvatnet i terskelfjordar på 30 år, seier Ingrid Askeland Johnsen.

Diagram over vindretning og -styrke på Vestlandet 1990-2021.
Vind frå nord mot sør, snitt for juni, juli og august 1990–2021, målt av Meteorologisk institutt på Utsira. Posistive verdiar = vind frå nord. Negative verdier = vind frå sør.

– Langsmed kysten har me lett kystvatn som ligg oppå tyngre atlantisk vatn. Det er det atlantiske vatnet som er tungt nok til å kunna trenga inn i fjordbassenga. Når det bles frå nord, blir det lette kystvatnet drege ut frå kysten, mens det tyngre atlantiske vatnet som ligg under blir drege opp. Dette skjer som regel på sommaren.

Havforskingsinstituttet måler jamleg på fleire kyststasjonar. Forskarane kan derfor sjå på stasjonen ved Sognesjøen at dei gunstige forholda fall saman i slutten av april 2021.

Klima og fjordar i endring

– Klimaendringar gjer at kystvatnet blir varmare og lettare. Derfor skjer også desse utskiftingane sjeldnare no enn tidlegare. Det finst ikkje tungt nok vatn på terskelen som kan byta ut vatnet inne i fjorden, seier Mari S. Myksvoll, forskar ved HI og Bjerknessenteret for klimaforsking.

Utskiftinga i Masfjorden skjer tilfeldigvis samtidig som forskarane startar opp fleire prosjekt som skal undersøka nettopp dette: Korleis klimaendringar påverkar djupvassutskifting i fjordane, og kva det betyr for berekraftig bruk av fjordane.

Noregs forskingsråd har nyleg gitt finansiering til eit prosjekt som er leia av Elin Darelius ved Universitetet i Bergen. I tillegg har Bjerknessenteret for klimaforsking valt å fokusera på fjordane i eit av dei strategiske prosjekta sine dei neste fire åra. Dette er det Mari S. Myksvoll som leier.

– Det er stadig større press på fjordane våre. Derfor er det viktig å undersøka korleis det fysiske miljøet endrar seg på grunn av klimaendringar, for å finna ut korleis dette påverkar det lokale økosystemet, seier Myksvoll.