Gå til hovedinnhold

Lakselus: Nye kart viser korleis smitten driv mellom anlegg


to personer setter garn i fjorden fra liten gummibåt

Feltarbeid i Hardangerfjorden, her frå Rosendal. Illustrasjonsfoto. 

Fotograf: Stine Hommedal/HI

Forskarane har modellert korleis lakseluslarvar blir spreidd i eit fast mønster mellom oppdrettsanlegga i Hardangerfjorden.

– Vi såg klart at lakseluslarvane spreidde seg mellom anlegg i eit gjentakande mønster i Hardangerfjorden, seier forskar Mats Huserbråten ved Havforskingsinstituttet (HI).

– Det som styrde driftsmønsteret var sesongbaserte svingingar i temperatur. Når ein fekk dagar med mykje sterk vind, noko som er vanlegast vinter og vår, auka spreiingsavstanden og mønsteret braut opp. Medan ein om sommaren, med høgare temperaturar og færre tilfelle av kraftig vind, såg at lusespreiinga roa seg. 

Simulerte smittespreiing frå 132 anlegg 

HI-forskarane brukte ein avansert spreiingsmodell, der ein har lagt inn 3,5 år med produksjonsdata frå 132 lakseoppdrettsanlegg i Hardangerfjorden. 

Modellen simulerte korleis larvar ville drive frå eit anlegg til det neste og vidare rundt. Mønsteret kom klart fram. 

Forskarane fann inga synleg effekt av at anlegg blei lagt brakk i periodar. 

– Vi ser her at smittespreiinga går i same «loopen» jamt og trutt. Det kan tyde på at ein ikkje har klart å bryte smittekjedene mellom anlegga, sjølv med brakklegging. Då tenker vi at ein i framtida må ta meir høgde for topografi, havstraumar og miljøforhold, om brakklegging skal vera ein effektiv måte å bryte opp smittekjedene på. 

lakselus som slynger seg
Lakselus er den vanlegaste parasitten på oppdrettslaks. Foto: Rune Nilsen/HI 

Karta blir tatt i bruk denne våren  

Dei siste åra har HI, på oppdrag for Mattilsynet, kvar veke lagar statusrapportar. Rapportane blir publisert både på Lakselus.no og Mattilsynet sine heimesider. 

Dei nye karta som viser smittemønster for lakselus vil bli inkludert i desse rapportane frå like over påske. 

– Det trur vi kan vera nyttig kunnskap både for næring og forvalting, avsluttar Huserbråten.  

Referanse: 

M.B.O Huserbråten, I.A. Johnsen, Seasonal temperature regulates network connectivity of salmon louse, ICES Journal of Marine Science, 2022;, fsac024. LENKE: https://doi.org/10.1093/icesjms/fsac024