Gå til hovedinnhold

Kan forbetre trafikklyssystemet


Illustrasjonsfoto som vise trafikklyssymbol, delar av eit oppdrettsanlegg og lakselus.

Illustrasjonsfoto.

Fotograf: Havforskningsinstituttet

Evalueringa av kunnskapen i trafikklyssystemet inneheld 15 punkt som på sikt kan gje forbetringar av systemet.

– Av dei 15 punkta er det nokon som er under fortløpande endring etter kvart som det stadig kjem meir kunnskap, medan andre er punkt som vi vil følgje opp på ulike måtar dei kommande åra, seier forskingsdirektør Geir Lasse Taranger.

God rapport med konstruktive tilbakemeldingar

Trafikklyssystemet er styresmaktene sitt verktøy som skal leggje til rette for berekraftig vekst i oppdrettsnæringa. Havforskingsinstituttet leverer mykje av kunnskapen til dette systemet, og er no i gang med å gå gjennom evalueringa.

– Eg har lest rapporten med interesse og frå vår synsvinkel ser det ut som evalueringsgruppa har gjort ein solid jobb, seier Taranger.

Når det gjeld tilbakemeldingane på forskinga som mellom anna vert utført ved HI, er han godt nøgd:

– Evalueringsgruppa har ikkje funne nokon punkt der dei meiner at forskinga er feil. Derimot kjem dei med innspel om kva kunnskap og tilnærmingar som kan gjere trafikklyssystemet endå betre dersom det vert inkludert, seier han.

Framsnakkar bruk av ekspertgruppa

– Ekspertgruppa set saman det faglege grunnlaget til vurderinga, før det blir sendt til vurdering hjå styringsgruppa som deretter sende si vurdering til Nærings- og fiskeridepartementet (NFD). Deretter er det opp til NFD å vurdere kva konsekvensar vurderinga skal få for oppdrettsnæringa, forklarar Taranger.

Frå HI si side er det lagt merke til at bruk av ekspertgruppa har fått positiv omtale i rapporten:

– Vi legg spesielt merke til at bruken av ekspertgruppa blir framsnakka, samstundes som dei også kjem med innspel om at arbeidet til denne gruppa må dokumenterast betre slik at det vert enklare for andre å forstå kva som ligg bak vurderingane, seier han.

Styringsgruppa hadde evalueringa på ønskelista

Det faglege arbeidet med trafikklyssystemet blir leia av ei styringsgruppe som består av NINA,  Veterinærinstituttet og HI. Det er denne gruppa som utnemner medlemmane i ekspertgruppa.

Det har lenge vore eit ønske frå styringsgruppa at systemet skulle bli evaluert av ei internasjonal forskingsgruppe.

– I fleire år har det vore eit ønske frå denne gruppa om å få ein slik gjennomgang som det har vore no, seier Taranger.

Ser på moglege forbetringar

Havforskingsinstituttet har allereie starta på arbeidet med å følgje opp evalueringa av det som går på leveransane frå oss:

– Vi vil mellom anna vurdere om vi kan dra nytte av erfaringane til dei som arbeidar med risikovurdering av akvakultur også inn i arbeidet med trafikklyssystemet, fortel Taranger.

I tillegg kan han konstatere at noko av det som blir etterspurt på modellering av sensitivitet og usikkerheit alt er gjort, men at det også på dette området vil komme meir kunnskap etter kvart som nye forskingsresultat blir klare.

Fyller stadig på med nye og betre resultat

Heilt sidan systemet blei tatt i bruk er det fortløpande lagt inn meir kunnskap i det.

– Når vi har nye resultat som er relevante for arbeidet som blir gjort i trafikklyssystemet, så blir det lagt til i kunnskapsbasen og tatt i bruk så fort som råd. Det gjer at til dømes modellane våre gir stadig betre resultat, avsluttar Taranger.