Gå til hovedinnhold

Positive til nye løyve for utvikling av miljøteknologi

Oppdrettslaks i merd

Oppdrettslaks.

Fotograf: Frode Oppedal/HI

Med riktige tilleggskrav kan ny teknologi bidra til å løyse oppdrettsnæringa sitt problem med lakselus og utslepp av slam.

Havforskingsinstituttet stiller seg derfor positiv til at det blir etablert ei ny ordning for tildeling av miljøteknologiløyver, men vil også ha med krav som går på dyrevelferd i samband med bruk av ny teknologi. Det kjem fram i instituttet sitt høyringssvar.

 I den føreslegne ordninga blir det lagt opp til krav som kan bidra til å løyse to hovudutfordringar med dagens opne lakseoppdrett; spreiing av lakselus og utslepp av slam, i tillegg til strenge effektkrav.

Det seier forskingsdirektør Geir Lasse Taranger som er ansvarleg for HI sitt svar på høyringa «Forslag om etablering av en ny ordning for tildeling av tillatelser til akvakultur med laksefisk til miljøteknologiformål».

Styresmaktene vil tildele løyve på totalt 15 000 tonn i denne ordninga.

Forsking viser at luseproblemet kan reduserast

 Dersom krav om lukka eller semi-lukka oppdrettsanlegg blir kombinert med strategiske utsett av oppdrettsfisk, kan utsleppa av lakselus frå anlegga reduserast mykje, seier Taranger.

Tidlegare har forsking ved HI vist at mengda lakselus kan reduserast betydeleg dersom ein brukar kombinasjonen av ny teknologi og tek omsyn til korleis straumen påverkar spreiing av lakselus når anlegg vert etablert.

Det kan du lese meir om her:

Reinsekrav bør innførast gradvis

I høyringa er det også foreslått å ha krav om at minst 60 % av partikulært materiale, eller slam, som kjem ut frå eit oppdrettsanlegg, skal samlast opp. Partikulært materiale, er til dømes fôrrestar og avføring frå fisken.

 Sjølve oppsamlinga er med dagens løysingar praktisk vanskeleg å få til, og ikkje minst er det vanskeleg å dokumentere at ein har ein oppsamlingsgrad på 60 %, seier Taranger.

Her har HI foreslått å fase inn reinsekravet gradvis etter kvart som det vert tilgjengeleg meir data og eit system for overvaking er på plass.

Dyrevelferda må varetakast

 Vi har sett eksempel på at ny teknologi har sett veldig lovande ut i liten skala, men når produksjonen er overført til kommersielle anlegg, så har dyrevelferda blitt ei utfordring, seier Taranger.

Eit eksempel på dette er bruk av triploid fisk som er steril.

 Denne fisken treivst veldig bra under forsøk, men fekk store utfordringar med velferd i kommersielle anlegg, seier han.

I HI sitt svar er det derfor inkludert eit eige avsnitt med forslag til korleis dyrevelferd kan varetakast under utprøving av ny teknologi i stor skala.

Vi foreslår at det blir innført krav for prekvalifisering når det gjeld fiskevelferd, seier Taranger.

Velferdskrava bør vere både konkrete og sikre velferda med god margin.

 Det bør bli gjennomført grundige risikoanalysar og om nødvendig småskala og mellomskalaforsøk for å avdekke eventuelle svakheiter og/eller vise at laksen toler godt det den vil bli utsett for, før det vert innført nye metodar eller ny teknologi i full skala, avsluttar Taranger.

Her kan du lese meir om triploid fisk: