Gå til hovedinnhold

Ny studie: Hummarbestanden ned 92 prosent på 90 år


mann holder hummer mot kamera

Hummarbestanden har blitt kraftig redusert dei siste tiåra. Den teknologiske utviklinga har "kamuflert" kor stor nedgangen faktisk har vore, viser ei ny studie. 

Fotograf: Espen Bierud/HI

Nedgangen i hummarbestanden er endå større enn kva ein tidlegare har trudd. Det skuldast at ein før ikkje har tatt omsyn til den teknologiske utviklinga i bestandsestimatet. Ny studie syner at bestanden gjekk ned heile 92 prosent mellom 1928 og 2019.  

Hummarfiske har lange tradisjonar i Noreg. Det har også reguleringane av hummarfiske. 

Allereie i 1849 blei det bestemt at ein ikkje skulle fiske hummar på seinsommaren. I 1879 kom det første minstemålet. Etter kvart har det komme fleire reglar og krav; fiskesesongen har blitt korta ned og ein har auka minstemålet. 

Likevel har fiskeriet berre gått nedover dei siste tiåra. 

Nedgang «kamuflert» av teknologisk utvikling 

Overvakinga av hummarfiske går heilt tilbake til 1928. Kvart år har eit utval fiskarar rapportert inn fangstane sine til Havforskningsinstituttet.

Utifrå dette har forskarane estimert korleis hummarbestanden utviklar seg. 

Det har forskarane gjort ved å rekna ut eit årleg gjennomsnitt av kor mange hummar ei teine fiskar i eit døgn, ei såkalla årleg fangstrate. 

– Men i dette reknestykket har ein ikkje tatt omsyn til at ei teine i 1928 ikkje fiska hummar så effektivt som ei teine gjorde på 2000-talet. Det har vore ei rivande teknologisk utvikling, seier HI-forskar Alf Ring Kleiven. 

 – Blant anna har teinene fått eit ekstra fangstkammer, og inngangen i teina har blitt større. Då blir det lettare å fanga dei største, forklarar Kleiven.  

to menn med en hummerteine mellom seg
Rivende teknologisk utvikling: En teine er ikke bare en teine. Fiskeredskapen har utviklet seg mye fra 1928 og frem til i dag. Fra venstre: Senioringeniør Stian Stiansen, forsker Alf Ring Kleiven. Foto: 

La inn teknologisk utvikling – avdekka kor dårleg det står til 

No viser altså den nye studien at det står langt verre til med hummarbestanden enn kva tidlegare estimat har vist.

For å avdekke dette, måtte forskarane først kartlegga når ulike typar teiner har blitt brukt dei siste nitti åra.

–  Så gjorde vi eit forskingsfiske med dei mest brukte teinene opp igjennom. Vi har også analysert fangstdata med nye, avanserte modellar, der vi har tatt med den teknologiske utviklinga av reiskapane. Dette har gitt oss ei meir solid vurdering av hummarbestanden, seier HI-forskaren. 

kvinne drar teine opp i båt
Forskingsfiske: Forskarane testa dei ulike teinene ut i praksis, her utanfor HI sin forskingsstasjon på Sørlandet, Flødevigen. Her er Laureline Gauthier, Hanne Sannæs og Mona Ring Kleiven. 

Fangsten like stor, sjølv om bestanden er mindre

Men korleis kan meir effektive teiner føre til at bestandsestimatet blir feil? 

– Jo, med meir effektive teiner, kan ein få like stor fangst som før, sjølv om bestanden ein fiskar utifrå er mindre, forklarar Kleiven. 

– La oss seie at ein i 1960 sette ei teine i eit område der det er 10 hummar som potensielt kan gå i teina. Med 1960-teina vil ein då klare å fange om lag ein hummar i døgnet. Medan ei moderne teine frå vår tid, ville klart å fange tre.  

–  La oss så spole fram til 2020. No har bestanden blitt redusert frå 10 til 3. Men sidan vi har moderne teiner, får vi likevel til å fanga ein hummar. I fangststatistikken ser det då ut som at det er like mykje hummar som før. Fangsten er jo like stor, tilsynelatande. 

figur som viser nedgang

– Vi må sikra eit framtidig berekraftig fiske 

Når ein veit kor dårleg det står til med bestanden, kva kan så gjerast? 

– Det er nok ikkje så mange som vil gå tilbake til dei gamle teinene, men det kunne jo vore eit alternativ, smiler HI-forskaren. 

–  Realiteten er at fangstkapasiteten i fisket er større enn ressursgrunnlaget ein fiskar på. Teinene blir stadig meir effektive. Dersom vi skal klare å byggje opp att bestanden, må fisket reduserast. Ein bør vurdere å etablere fleire fredingsområde. For å sikre at fisket i framtida vert berekraftig, så kan ein få på plass kvoterådgiving, slik som vi har for mange fiskebestandar. Vi har no byrja å jobbe med ein bestandsmodell som kan nyttast i framtidig kvoterådgjeving, avsluttar HI-forskar Alf Ring Kleiven. 

Referanse 

Kleiven, A.R., Espeland, S.H., Stiansen, S. et al. Technological creep masks continued decline in a lobster (Homarus gammarus) fishery over a century. Sci Rep 12, 3318 (2022). LENKE: https://doi.org/10.1038/s41598-022-07293-2