Gå til hovedinnhold

Camilla skjer opp levra for å finne ut kor «giftig» fisken er


Smilende kvinne med tomlene opp foran avtrekkskap med leverprøver på

På labben: Å finna ut kva slags stoff som er i leveren, og kor mykje, er ein omstendeleg prosess. Men Camilla er ved godt mot. 

Fotograf: privat

PFAS er syntetiske stoff som hopar seg opp i menneske og miljø over heile verda. HI forskar på kor mykje som finst, og kor giftige stoffa er, både i havet og i sjømaten vår. 

Dei kallast poly- og perfluorerte alkylstoff. Eit litt langt og vrient namn, som ein som regel forkortar PFAS. Men kva i alle dagar er det? 

–  PFAS er ei stor gruppe med ulike syntetiske stoff. Dei blir produsert mange plassar i verda, også i Europa, men ikkje i Noreg, fortel HI-forskar Stig Valdersnes. 

– Problemet med desse stoffa er at dei er varige og kan hopa seg opp, både i miljøet og i dyr og menneske. Dei blir spreidd både med havstraumar og luft. Ein finn dei over store delar av verda, også i Arktis. 

Havforskingsinstituttet (HI) forskar på kor høge nivå det er av PFAS i det marine miljø, altså havet, og i sjømaten vi et - og kor giftige desse stoffa er. Det gjer forskarane både her heime, og internasjonalt. 

Les også: – Viktig å vite hva sjømaten inneholder

Henta prøvar frå verdas lengste elv 

Ei av undersøkingane utanlands har handla om verdas lengste elv, Nilen. 

– Det finst ingen informasjon om nivået av desse giftige stoffa i dette området. Nilen er den lengste elva i verda, og spelar ei avgjerande rolle for landa ho renn gjennom, fordi ho gir folk drikkevatn, og høve til å drive både fiskeri og jordbruk, fortel HI-forskar Aasim Ali. 

palmer langs elv
På fisketur: HI-forskaren fiska forskingsfisken sin sjølv, på ferie i heimlandet Sudan. Foto: Aasim Ali/HI 

–  Difor er det viktig å finne ut kor stor risiko PFAS kan vera for folk som lever her, forklarar han. 

Aasim kjem sjølv frå Sudan. Då han var heime på ferie i juli 2021 samla han inn prøvar av fisk frå Nilen, både ved å fiska sjølv, og ved å kjøpa fisk frå fire ulike fiskemarknader. 

Bacheloroppgåve: Skjera i levra til fisk frå Nilen  

Vel tilbake i Noreg kjem studenten Camilla Kirkeli med på laget. Som ein del av sin bachelorgrad i kjemi ved Universitetet i Bergen skulle ho få gjere analysane.  

Det innebar ein ganske omstendeleg arbeidsprosess på laboratoriet for Camilla. 

Levra blei skoren opp i mindre bitar. Prøvane blei behandla med ultrasonisk bad og sentrifugering for å flytte PFAS-molekyla frå vevet og over til eit tilsett løysemiddel. Så blei dei behandla med nitrogengass for å fjerne løysemiddelet igjen.

Og til slutt «vaska» Camilla prøven for å fjerna uynskte stoff – før ho så fekk køyrt prøvane gjennom eit instrument  som kan separere og måle innhaldet av forbindelsane. 

– Etter all lab-arbeidet hadde eg fått ut mykje data, som eg så måtte køyre gjennom ulike programvarer for å få tolka. 

Fann ukjente stoff i analysen 

Dessverre viste det seg at det er høge nivå av miljøgiftene i nokre av fiskane frå Nilen. 

– Eg fann høge nivå av fleire ulike stoff i karpe frå ein av prøvane frå demningen der Aasim fiska, fortel bachelorstudenten. 

I tillegg fann Camilla nokre ukjente typar PFAS i prøvane som analysemetoden forskarane nyttar i dag ikkje kan kvantifisere. 

– Denne erfaringa ynskjer me å bruka for å leita etter fleire ukjente PFAS i nye prosjekt vidare, fortel Aasim, som saman med Stig var rettleiarar for Camilla – som landa toppkarakteren A på oppgåva si.

Resultata skal også publiserast i ein vitskapleg artikkel. 

kvinne smiler i kamera med to menn bak, den ene holder opp en rapport
Det blei toppkarakter: Ein fornøgd student saman med rettleiarane sine. Foto: Camilla Kirkeli 

Kva er ståa her heime i Noreg? 

Dessverre fann altså forskarane høge nivå i fisken frå den sudanske delen av Nilen. Men kva er status for norsk farvatn? 

PFAS blir ikkje produsert her i landet, men ein finn stoffa også her. 

Havforskarane har tidlegare sjekka mellom anna laksefôr, hyser frå sør til nord og fiskepålegg. 

– Generelt finn me lite. Det er låge nivå av PFAS i miljøet her i Noreg. Men det er til stades, for me gjer sporadiske funn og med nye mogelegheiter for å leite etter ukjente PFAS vil me få betre kunnskap om desse stoffa i framtida, forklarar Stig.