Gå til hovedinnhold

Hummar i reservat vaks raskare


foto av hummer
Fotograf: Erling Svensen / HI

Tidlegare har ein trudd det var motsett: At fleire om føda betyr lågare vekst.

Men no viser det seg at ho-humrar i tre undersøkte hummarreservat både skifta skal oftare og vaks meir per skalskifte enn humrar utanfor.

– Det er truleg fordi dei humrane som et masse og veks fort, også er dei som har høgast risiko for å gå inn i ei teine. I område med fiske står du då igjen med dei humrane som er meir forsiktige og veks seint, seier havforskar Kim Tallaksen Halvorsen.

Studien han er medforfattar på, er publisert i det høgt anerkjende Proceedings of the Royal Society, og er også omtala i The Economist og Nature-spalta Research highlights.

Gjorde studien tre gonger fann det same

Forskarane frå HI og UiA samanlikna hummar frå tre ulike reservat med hummar utanfor reservata. Totalt blei 2303 humrar fanga, merkte og gjenfanga seinare. 

– At vi har gjort tre parallelle studiar og kome fram til det same, tyder på at vi kan utelukke lokal variasjon, seier forskaren.

  • I reservatet vil 77 prosent av ho-humrane på 25 cm skifte skall til neste år, mot 66 prosent av i fiska område.
  • Ho-humrane frå reservat blir i snitt 9 prosent større ved kvart skalskifte.

Den store skilnaden i vekst gjeld først og fremst hoene. For hannane er effekten langt mindre.

– Tidlegare har vi vist at hannhumrar i reservat har større klør i forhold til kroppslengd. Vi har derfor ein teori om at skilnaden i vekst også vil halde for hannhumrar om vi hadde sett på vekt i staden for lengd, seier Halvorsen.

(Les også: Store klør: Godt for sexlivet, men livsfarleg i fiskesesongen)

Ingen skilnad i humrar under minstemål

Hummarreservat har vist seg å være svært effektive for å gjenoppbygge hummarbestanden på lokalt. Halvorsen trur det at «turbohumrane» blir beskytta, er med på å forklare kvifor.

– Vi fann ikkje den same skilnaden for freda hummar under minstemålet på 25 centimeter. Dette er klare teikn på at det skjer ei utveljing gjennom fiskeriet, seier Halvorsen.

– Dristige og svoltne humrar blir fiska ut frå bestanden, konkluderer han.

Reservat pluss maksmål er truleg ein uventa god kombinasjon

Ein tanke bak hummarreservat er at dei også kan forsyne kringliggande område med meir hummar. Det er fordi nokon av individa må «flytte ut» etter kvart som det blir trongt. 

Forskarane trur innføringa av også eit maksmål på 32 cm i Skagerrak er godt nytt for dei hurtigveksande humrane.

– Om dei berre veks seg store nok inni reservatet, kan dei spasere ut utan å frykte teinene. Då kan dei gjere god nytte for seg som store og gode avlsdyr, seier Halvorsen.

– Berre synd dei ikkje kjenner regelverket, spøker han.

foto av tre personer
Esben Moland Olsen (HI), Tonje Knutsen Sørdalen (UiA) og Kim Halvorsen (HI) står bak den nye studien. (Foto: Tor Birkeland / HI)

Referanse

Sørdalen, Tonje Knutsen, Kim Tallaksen Halvorsen, and Esben Moland Olsen. "Protection from fishing improves body growth of an exploited species." Proceedings of the Royal Society B 289, no. 1987 (2022): 20221718.

Lenke: https://doi.org/10.1098/rspb.2022.1718