Gå til hovedinnhold

Stabilt kvoteråd for augepål


Liten fisk på havbunnen.

Augepål (augnepål, øyepål; Trisopterus esmarkii) er ein av dei minste, men mest talrike torskefiskane våre.

Fotograf: Erling Svensen / HI

Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) tilrår at det maksimalt blir fiska 116  823 tonn augepål i Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat i 2023.

Kvoterådet er 1,2 prosent lågare enn rådet som blei gitt i fjor, som innebar ei halvering i forhold til rådet for 2021 (254 038 tonn). Fangstane i perioden november 2021 til oktober 2022 er anslått til 71 954  tonn, som er godt under kvoten.

Havforskar Espen Johnsen forklarer at augepål er ein kortliva art med variabel rekruttering. Det gjer også at storleiken på bestanden varierer mykje frå år til år.

– I 2022 er gytebestanden berekna til å vere over det vi definerer som føre var-grensa, så bestanden ser ut til å klare seg greitt. Fiskedødelegheita er på eit lågare nivå enn tidlegare, og rekrutteringa har vore høg sidan 2018, seier Johnsen.

Kvoterådet blei lagt fram av ICES fredag 7. oktober og gjeld for perioden frå 1. november 2022 til 31. oktober 2023. Heile kvoterådet finn du her.