Gå til hovedinnhold

Songen til knølkvalen er i stadig utvikling


Kvalar i vasskorpa.

Flokk av knølkvalar på beite utanfor finnmarkskysten.

Fotograf: Leif Nøttestad / HI

Har du nokon gong høyrt ein song på radioen og tenkt at den melodien er SÅ førre månad? Slik har kanskje knølkvalen det også.

I alle fall har forskarane no påvist at songen til knølkvalen endrar seg frå månad til månad og frå år til år.

I 2021 dokumenterte masterstudent Saskia C. Tyarks og forskarar frå HI og UiT for første gong at knølkvalar syng når dei er på vinterbeite ved norskekysten. Tidlegare trudde ein gjerne at kvalane berre song under paringsleiken i sørlege strøk om somrane.

Dataa blei samla inn av ein undervassmikrofon på havbotnen utanfor Lofoten og Vesterålen, i vintersesongane i 2018 og 2019. Mikrofonen er knytt til LoVe havobservatorium.

Les meir i denne saka frå 2021: Her syng knølkvalen utanfor Lofoten og Vesterålen

No har forskarane gått tilbake og analysert innhaldet i kvalsongen. Funna overraskar.

Kulturelt trekk

– Vi fann at songane til knølkvalane endra seg over tid. Songane blei meir komplekse utover i sesongen i 2018, før dei gjekk tilbake til ein enklare versjon i 2019, seier Saskia C. Tyarks.

Ho forklarer at denne åtferda er eit kulturelt trekk hos knølkvalen. Kvalane lærer av kvarandre gjennom herming. Etter kvart som dei utvekslar songar på det travle beiteområdet, blir songane meir komplekse.

Når beitesesongen er over, trur forskarane rett og slett at læringskapasiteten er full: Kvalane har nådd taket for kor mykje dei kan lære. Dermed startar dei på nytt etter kalving og paring.

I framtidige studiar vil forskane samanlikne songane frå Lofoten–Vesterålen med songar frå andre område. Slik vil dei kunne sjå om ulike kvalflokkar i Nord-Atlanteren deler songar seg imellom.

Viser viktigheita av Lofoten–Vesterålen

Forskar Geir Pedersen ved Havforskingsinstituttet har medverka til studien. Han er også prosjektleiar for havobservatoriet i Lofoten–Vesterålen (LoVe).

– Denne studien gir den første innsikta i knølkval-song i norske farvatn, og hjelper oss med å avdekke kor viktig dette området er innanfor Nord-Atlanteren, seier Pedersen.

– Området utanfor Lofoten–Vesterålen er ein viktig stoppestad på vandringsruta til knølkvalane. Kanskje er det også eit viktig område for kulturutveksling mellom kvalbestandar, legg han til.

Paring, eller berre øving?

For forskarane er det framleis er lite eit mysterium kvifor knølkvalane syng. Den vanlegaste forklaringa er den same som for mange menneske som har drøymt om å bli rockestjerner: Dei tyr til musikken i håp om å imponera ein partnar.

Viss kvalsongen er knytt til paring, kan det henda at dei norske farvatna ikkje berre er beiteområde for kvalane, men også eit alternativt paringsområde.

Alternative (og ifølgje forskarane meir sannsynlege) forklaringar er at knølkvalane øver seg til paringsleiken når dei er på beite i nord, eller at songen bidrar til å binda saman flokken.

Lyd viktig for dyrelivet

Havforskaren meiner forskinga også kan vere viktig for HI si rådgiving knytt til menneskeskapt støy i havet.

– Kvalar er avhengige av lyd for kommunikasjon. Med mykje støy kan kommunikasjonen bli forstyrra, og det kan påverka åtferda til dyra, seier Geir Pedersen.

Referanse

Tyarks, Saskia C., Ana S. Aniceto, Heidi Ahonen, Geir Pedersen og Ulf Lindstrøm. «Changes in humpback whale song structure and complexity reveal a rapid evolution on a feeding ground in Northern Norway». Frontiers in Marine Science (2022). Lenke: doi.org/10.3389/fmars.2022.862794