Gå til hovedinnhold

Her syng knølkvalen utanfor Lofoten og Vesterålen

Knølkvalangrip ungsild med ope gap, fleire sildar er synlege i lause lufta.

Syng med det nebbet du har: Her er ein knølkval oppe i vasskorpa og angrip ungsild i det sørlege Barentshavet.

Fotograf: Matteo Bernasconi / Havforskningsinstituttet

Nye bevis for at kvalane ikkje berre syng under paringsleiken i sør.

– Det har lenge vore ei etablert sanning at knølkvalane berre syng mens dei er i sørlege strøk og parar seg, men ein oppdagar meir og meir at det skjer også utanfor paringstida og i andre område. Her dokumenterer vi dette også langs norskekysten, seier Saskia Martin.

Masterstudenten ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (UiT) har nyleg fått publisert studien som skildrar dei unike opptaka i tidsskriftet Frontiers in Marine Science.

Høyr kvalsongen i slutten av saka!

Første publiserte observasjonar

Ifølgje HI-forskarane Ulf Lindstrøm og Geir Pedersen, som begge har bidratt til studien, er dette dei første vitskapleg publiserte observasjonane av knølkval-song langs kysten av Noreg.

– Songen bidrar sannsynlegvis til kulturell utveksling mellom populasjonar av knølkval i Nord-Atlanteren, seier forskarane.

Kulturell utveksling inneber at kvalane lærer songar av kvarandre. Songen til hannkvalane er bygd opp som variasjonar over eit grunntema, som endrar seg over tid. Endringane synest å vera koordinert innan same bestand.

Songen har vore tolka som ein måte å tiltrekka hoer på, men nyare studiar tydar på at den primært har funksjon som kommunikasjon mellom hannane, kanskje for å setja eit hierarki mellom dei.

Data frå LoVeOcean

Opptaka blei gjort med ein undervassmikrofon (hydrofon) på 250 meters djup, nordvest for Vesterålen i periodane januar–juni 2018 og desember 2018–januar 2019.

Hydrofonen er knytt til Lofoten–Vesterålen havobservatorium (LoVeOcean), som har ei rekkje sensorar og måleinstrument på sjøbotnen i området.

Masterprosjektet til Saskia Martin er eit samarbeid mellom HI, UiT, Norsk polarinstitutt og Lunds universitet i Sverige.

Les også: Dypt innsyn i havet utenfor Vesterålen

Høyr kvalsongen her:

Referanse

Saskia C. Martin, Ana S. Aniceto, Heidi Ahonen, Geir Pedersen & Ulf Lindstrøm (2021). «Humpback Whale (Megaptera novaeangliae) Song on a Subarctic Feeding Ground». Lenke: DOI:10.3389/fmars.2021.669748​​​​​​​