Gå til hovedinnhold

Har dokumentert raudlista artar i Førdefjorden


en lang tynn fisk svømmer mot en oransje fjær som står opp fra en grå havbunn

Blålange og bambuskorall - her fra Hardangerfjorden (arkivfoto). 

Fotograf: Havforskningsinstituttet (HI)

Havforskarane fann korallar, gytande blålange og eit stort artsmangfald nær det planlagde deponiområdet. 

Artsmangfaldet i Førdefjorden er stort. Det inkluderer fleire sårbare og truga artar enn kva ein har visst til no, også inne i det planlagde deponiområdet. 

Det viser resultata etter at Havforskingsinstituttet (HI) har køyrt to tokt i vestlandsfjordane; eit botntråltokt i november 2021 og eit økosystemtokt i februar 2022. 

Det planlagde deponiområdet «scora» høgast 

– På toktene rekna me ut artsmangfaldet for kvart trålhal vi tok, fortel HI-forskar og toktleiar Guldborg Søvik. 

Havforskarane brukte ein indeks som kallast Shannon-Wiener artsdiversitetsindeks for å «scora» artsmangfaldet på dei ulike stoppestadane. 

Dei to tokta dekka kysten og fjordar frå Karmøy i Rogaland til Stad i Vestland. 

– Botntrålstasjonen i det planlagde gruvedeponiområdet i Førdefjorden hadde den høgaste «scoren» på økosystemtoktet med Kristine Bonnevie. Artsmangfaldet lengre ute i same fjord var også blant dei høgste på dette toktet, seier Søvik. 

kvinne holder reke inne på lab med mange fargerike ledninger og rør ned fra taket
Toktleiar Guldborg Søvik fann fleire raudlista artar på tokt i Førdefjorden. Her frå eit tidlegare høve. Foto: Erlend A. Lorentzen/HI 

Fann både raudlista korall og fisk 

Det rike mangfaldet forskarane fann i Førdefjorden, inkluderte også fleire sårbare og trua artar. 

Deriblant blei bambuskorall (nært truga, Norsk raudliste 2021) dokumentert på dei to prøvetakingsstasjonane i Førdefjorden, samt vest for innløpet til same fjord – i tillegg til i Buefjorden. 

HI-forskar Terje van der Meeren har i ei årrekke arbeid med Havforskingsinstituttet sitt kunnskapsgrunnlag og rådgjeving innanfor tema knytt til gruvedrift og sjødeponi. 

brun korall liggende på hvit bakgrunn
Havforskarane fann bambuskorall både i Førdefjorden og i Buefjorden. Foto: Guldborg Søvik/HI 

Han meiner dei to tokta har dokumentert det ein tidlegare har antatt, men ikkje visst. 

– Det er ikkje overraskande at vi finn eit stort og rikt økosystem i Førdefjorden når det gjeld omfang av artar. Men det er eit endå større artsmangfald i fjorden enn kva vi har klart å dokumentere før, også heilt inne ved deponiområdet, seier han. 

I samband med konsekvensutgreiinga om sjødeponi vart det påvist at Førdefjorden hadde eit høgare artsmangfald av dyr som lever nedi sedimenta på havbotnen enn fleire andre vestlandsfjordar. 

–  Men vi har til dømes ikkje tidlegare dokumentert førekomsten av korall, seier han.  

kart som viser trålstasjoner og det planlagte deponiområdet
Kartet viser kor forskarane tråla i Førdefjorden (raude strekar) og det planlagde deponiområdet (lilla). Kart. Terje van der Meeren/HI 

Har for første gong dokumentert gytande blålange i norsk fjord 

Det mest oppsiktsvekkande funnet sett med forskarauge, er det første tilfellet av gytande blålange i ein norsk fjord som er vitskapeleg dokumentert.

Blålange tilhøyrer torskefamilien. Arten har stått på den norske raudlista som sterkt trua, sidan 2006. 

På økosystemtoktet fekk forskarane totalt ti eksemplar, kor fire blei tatt på dei to stasjonane i Førdefjorden. Av disse var to modnande, ein umoden – og ein gytande. 

– Vi har tidlegare observert blålange i Førdefjorden, men vi har aldri, verken her eller andre stadar i Noreg, fått tak eit gytande eksemplar inne i ein fjord før no, seier van der Meeren. 

Havforskarane har rett nok vore i kontakt med fiskarar som har observert dette i andre fjordar. 

–  Dette er eit viktig funn for oss. Det viser at det er særs sannsynleg at gyting skjer inne i Førdefjorden.

mann med hvitt skjegg, skipperlue og svart fleecejakke
Spennande funn: Havforskar Terje van der Meeren meiner det er interessante vitskapelege funn på tokta frå 2021 og 2022. Foto: Tor Even Mathisen/HI 

Førdefjorden har truleg sin heilt eigen type skolest 

Det er kanskje ikkje den mest kjente fisken i Noreg, men skolest er ein djupvassfisk som lever langs norskekysten og inne i fjordane våre. 

Havforskarane fekk skolest på begge stasjonane i Førdefjorden. Analyser av fiskane tyder på at Førdefjord-skolest er genetisk ulik frå skolest frå Skagerrak, Korsfjorden og Trondheimsleia. 

– Dette er skikkeleg spennande. Når vi seier «artsmangfald», så omfattar det meir enn berre førekomsten av ein art, det handlar også om dei ulike genetiske stammene. Og her kan det altså sjå ut til at Førdefjorden har sin eigen variant av denne djupvassfisken, avsluttar van der Meeren.  

Referanse 

Guldborg Søvik m.fl. Toktrapport fra økosystemtokt i Vestlandsfjordene. Toktrapport nr. 11 – 2023   

Florian Zimmermann m.fl. Kartlegging av bunnfisk og reker på rekefelt i vestlandsfjorder.  Toktrapport nr. 16 – 2021