Gå til hovedinnhold

Se Havtalen 2023

På FNs internasjonale dag for verdens hav, oppsummerer havforskningsdirektør Nils Gunnar Kvamstø årets status på havets helse og produktivitet.

8. juni er FNs internasjonale dag for verdens hav. For femte gang markerer Havforskningsinstituttet dagen med den årlige Havtalen.

Last ned bilder fra Havtalen 2023

I år er det havforskningsdirektør Nils Gunnar Kvamstø som selv holder talen om havets tilstand, med fokus på kystnære havområder, sårbarhet og risikovurdering, urolige tider med hensyn til både klimaendringer og det geopolitiske bildet, samt nye næringer til havs.

Her er Havtalen 2023

Kjære kollegaer

Kjære vener av HI

Velkommen til havtalen 2023 – den femte i rekka.

«Der står kvernen på havsens bunn og maler den dag i dag,

og derfor er det sjøen er salt.»

Slik sluttar eventyret «Kvernen som står og maler på havsens bunn». Eventyret handlar om to brør – den eine fattig og den andre rik – og ei magisk kvern.

Og som alltid i eventyra er det lærdom å henta:

Ver forsiktig med kva du ønsker deg. For du kan få det, men kanskje ikkje slik du hadde sett for deg.

Så byr dette eventyret også på ein bonus. På slutten får vi vita kvifor havet er salt.

Ønskekverna gjekk til slutt ned med eit skip tunglasta med salt. På havsens bunn fortset og fortset kverna med å mala dyrebart salt – akkurat slik eigaren ba om.

Og derfor er det sjøen er salt.

Det er ikkje vanskeleg å forstå at folk – opp gjennom tidene – har undra seg kvifor sjøvatnet er salt og over andre naturfenomen. Menneska har alltid leita etter forklaringar.

No treng ikkje vi menneske å ty til eventyr for å forklara korleis ting heng saman. I dag veit vi. Vi samlar kunnskap, forskar og finn svar. Så spørsmålet er heller:

Kva gjer vi med denne kunnskapen – korleis brukar vi det vi veit?

Eg meiner at vi forskarar ikkje er gode nok i å la kunnskapen få praktisk nytte.

Vi bør i langt større grad agera med politikken i dei store spørsmåla.

Det kjem eg tilbake til – først skal vi sjå korleis det står til med norske kyst- og havområde. 

Lat oss gå tilbake til botnen og kverna som står der og malar og malar – eller rettare sagt: fiskar og fiskar.

Noko av det som har gjort sterkt inntrykk på meg det siste året er resultata av vårt omfattande prosjekt på spøkelsesfiske. Spøkelsesfiske er fiskereiskap på avvege.  

Kvar einaste dag, året rundt, blir fisk og andre dyr fanga i slike tapte teiner og garn.

Spøkelsesfiske påfører marint liv store lidingar.

Skotteteina er den største syndaren – medan taskekrabben er det hyppigaste offeret. Men også sårbare bestandar som hummar og kysttorsk går ofte i fella.

Vi veit også, tre år inn i prosjektet, at det er nær sagt umogleg å rydde opp i område der det framleis blir fiska. Påfyllet kjem raskare inn enn kva ein klarar ta opp.

Kan ein så like godt då berre gje opp? Nei. Vi har alle moglegheiter til å redusera problemet med spøkelsesfiske: Vi kan ta betre vare på utstyret vårt, mykje handlar om bevisstgjering. Mistar vi mindre, blir problemet mindre.

Spøkelsesfiskeprosjektet er no forlenga for tre nye år. Ei gledeleg nyheit er det også at prosjektet skal utvidast til å gjelda Vestlandet og fjordane våre her.

Spøkelsesfiske er berre ein type miljøpåverknad vi ser langs kysten. Det er fleire faktorar som kan påverka kystøkosystema negativt. På kysten er det tettast mellom aktørane, og interessekonfliktane står i kø.

Vi ser no i aukande grad på den totale påverknaden på dei marine økosystema.

I den nye forvaltingsplanen for norske havområde har vi sett ekstra nøye på dei såkalla SVO-ane –  som er kort for føreslåtte særleg verdifulle og sårbare område.

Den samla påverknaden frå oss menneske er vurdert – og resultatet er tydeleg:

Kysten har størst risiko for å bli negativt påverka.

SVO-ane med høgast risiko er kystsona i Lofoten, kystsona i det sørlege Norskehavet, Ytre Oslofjord og Boknafjorden og Jærstrendene. Berre tobisfeltet i Nordsjøen ligg «utaskjærs» av dei fem høgrisiko-områda.

Fiskeoppdrett er ikkje lenger å rekna som ei ny næring. Vi har gitt ut vår «Risikovurdering for norsk fiskeoppdrett» sidan 2010.

Frå i år av har vi delt rapporten inn i 13 produksjonsområde etter modell frå trafikklyssystemet. Slik blir det enklare å få eit overordna risikobilete av kvart produksjonsområde, og å samanlikna situasjonen i dei ulike områda. Ei slik organisering gjev oss også eit betre bilete av situasjonen totalt.

Så har vi fått på plass ein lovande og framtidsretta oppdretts-app. Appen hjelper oppdrettarane å velja rett strategi for å skjerma laksen mot lakselus. Skjørt og snorkel hindrar lusepåslag – fôring, djupne og luft er andre viktige faktorar. Inn i teknologien er det også putta mykje oseanografiske data – mellom anna er det vesentleg for strategivalet kor salt vatnet er. Salt igjen, der altså. Eg må berre seia som Gro Harlem Brundtland: Alt heng saman med alt.   

Risikokartet for kysten vart lansert i fjor. Målet er at kartet skal bli eit nyttig verktøy. Det skal visa oss kor kystøkosystema er hardt eller for hardt pressa – og kor det eventuelt er rom for meir menneskeleg aktivitet og kva type aktivitet som kan passa.

Når eg brukar litt tid til å snakke om kysten, så er det av fleire grunnar. Det er no ein gong slik at kysten er nær oss – havet ligg der ute. Dermed er kystsona på alle måtar aktuell og attraktiv – for folk flest, for næringane og for media. Det må vel for eksempel vera lov å stilla spørsmålet om Oslofjorden hadde fått like mykje merksemd om den ikkje var Oslofjorden. Uansett så illustrerer det at vi ser best det vi har framom nasen vår.

Problemet er altså det totale trykket som kysten vert utsett for. Det får konsekvensar for dei marine ressursane. Eg listar opp

  • Kysttorsken har slitt lenge og gjer det framleis, særleg i sør. Og i nettopp Oslofjorden, har ikkje tiltak hatt effekt.
  • Hummarbestanden har gått ned med 92 prosent på 90 år.
  • Framandartar, som stillehavsøsters, hamnespy og pukkellaks, får fotfeste i vår lokale natur grunna menneskeleg aktivitet.
  • Vatnet i dei djupe fjordbassenga blir skifta ut sjeldnare enn før. Det gjev dårlegare miljøforhold.

Så kjem det også gode nyhende. Heldigvis.

  • På testtokt med vårt nye forskingsfartøy «Prinsesse Ingrid Alexandra» fann forskarane godt med tobis i sjøfuglane sitt matfat ved Runde. Tobisen – eller silen – er ein nøkkelart i økosystemet.
  • Langsiktig overvaking og god hjelp frå Måløy-elevar viser no at det går betre med pigghåen. Denne haien var tidlegare overfiska, men tiltak har gjort at det no er forsvarleg å hauste forsiktig av bestanden igjen.
  • Forsking viser at dagens fangst frå det norske kystfiskeriet kan sikre behovet vårt for viktige næringsstoff ved ei matforsyningskrise.

Flyttar vi oss lenger ut i havet, og vekk frå den hektiske kysten, så er opplevinga ofte ei anna.

Berre hav er å sjå heilt til horisonten møter himmelen. Det er nesten så ein kan lurast til å tru at ute i havet står det ikkje så mykje på  – her går tida saktare og alt er meir bestandig.

Sånn er det jo ikkje. Og når eg byrjar i nord, så er det ikkje tilfeldig. I arktiske strøk skjer klimaendringane raskast og dei er merkbare her og no.

Det er lenge sidan stormaktene kasta blikket nordover mot stadig meir isfritt hav. Kor viktig det er å vere til stades i nord er ytterlegare aktualisert med krigen i Ukraina. Fiskerisamarbeidet med Russland er kraftig nedkjølt, samtidig som det aldri har vore viktigare med felles økosystemforvalting av havområda i nord.

Nærmast over natta endra ein lang og tradisjonsrik HI-relasjon karakter. Vi har fått erfara at 50 år med samarbeid kan bli skjørt på ein blunk. Vi hadde ikkje fantasi til å sjå føre oss at så kunne skje.

For oss, som for samfunnet elles, er krigssituasjonen blitt ein viktig vekkjar. Den har minna oss på at vi må øva opp vår evne til å takla endringar – helst før dei treff oss. 

Fiskesamfunn som flyttar seg har vi snakka om før, og gjer det gjerne igjen. Då forskarane trålte i Polhavet heilt opp til 87,5 grader nord, fann vi eit fleirtal av meir sørlege organismar. Sjølv ikkje Polhavet er eit økosystem med berre arktiske artar – i alle fall ikkje no lenger.

Og for å hoppa til berre litt sørlegare breiddegradar: Sørlandets nasjonalfisk veks no også opp ved Nordkapp. Eg snakkar om makrellen – som har lagt under seg nye område etter ein eksplosiv bestandsvekst, truleg utløyst av varmare hav. På godt og vondt altså.

Eg snakka om interessekonfliktene langs kysten. Heller ikkje havet er fritt for dei.

Havvind til havs gjekk frå brennheitt til meir lunkent på berre nokre dagar, då Equinor la storsatsinga Trollvind på is. Det er ikkje godt å seia kva havvind-modus vi er i ved neste havtale. Uansett malar kunnskapskverna også her. Eg er trygg på at den kunnskapen vi samlar om påverknad av havvind vil koma samfunnet til gode. 

Dette siste året har debatten gått om gruvedrift på havbotnen. Her er kunnskapshola store. Og det er ingen klar strategi for korleis dei skal fyllast. Det bekymrar meg meir. 

Og når vi dreg sørover, så kjem det klaraste eksempelet på kva som skjer når alt skal skje samtidig, same stad. For i Nordsjøen er den store utfordringa «summen av alt».

Nordsjøen er eit av dei tyngst belasta havområda i verda. Her er det mange næringar og aktivitetar, og utruleg mange menneske bur i nedslagsfeltet til havområdet. Når klimaendringane no set inn i dette økosystemet, så blir det verkeleg berre toppen av eit allereie stort fotavtrykk.

I fjor var det for første gang ein ekstern som heldt havtalen. Invitasjonen gjekk til statsminister Jonas Gahr Støre, som begeistra takka ja.

I talen – som var både lang og god – var Støre innom mange tema. Men eg trur kanskje det frå talen som festa seg hos flest av oss – i alle fall hos meg, var desse orda frå Støre: Ver modige!

Er vi det? Modige?
Er vi modige nok?

Det bringer meg tilbake til innleiinga mi. For vi kan saktens smila over gamle dagar og  eventyrlege forklaringar på menneskeleg dårskap og naturfenomen. For i dag veit vi jo så mykje betre. Eller?

For her er eit men: Ja vi veit, men kva gjer vi med det vi veit?

Klimaendringane i havet. Naturkrisa. Pressa marine økosystem og raudlista artar. Mikroplast og fiskereiskapar på avvegar? Lista er lang over felt vi har gode data på, god forståing av og tydelege trendar for. Og då gjer vi vel jobben vår? Ja, vi gjer jobben vår. La det ikkje herska nokon tvil om det.

Men om vi no ser rundt oss – på alle dei kritiske vippepunkta på land og i havet – så viser det ein ting med all tydelegheit: 

Det at vi veit er ikkje nokon garanti for at vi gjer noko. Det store paradokset er jo at vi har aldri visst meir – utan at det har fått tilsvarande fart på handlinga.

Favoritteksempelet mitt er IPCC-prosessen. Ein helt fantastisk dugnad for å få fram kunnskapsgrunnlaget og ein syntese av den nyaste forskinga. Ei viktig føring var at prosessen skulle vera fullt og heilt forskarstyrt og uavhengig. Politikarane og andre skulle hausta av det som måtte koma. Dette er vel og bra og i tråd med akademiske ideal.

Men trass i all denne kunnskapen, er vi enno på «business as usual». Det er lenge sidan vi hadde god nok forståing av klimasystemet og effektane av klimaendringane til å handla på. Så har ikkje skjedd. Sjølv om vi veit, gjer vi langt frå nok til å forebygga ei særs negativ og uoversiktleg utvikling.

Politisk handling er sjølvsagt komplekst og dreier seg om mange ting:
økonomi, rettferd, synd og skam, og kva veit eg.

Så politikarane får snakka for seg;  eg snakkar for min sektor:

Eg vil påstå at forskinga ikkje agerer med politikken i dei store spørsmåla.

La oss sjå på oss sjølve. Vitskapleg baserte råd er den eigentlege grunnen til at HI er til. Då må vi (hav)forskarar spørja oss:

  • Bidreg vi til at ny kunnskap får praktiske nytte?
  • Er vi altfor opptekne av å vera frie og uavhengige, saklege og nøkterne?

Eg tillèt meg til og med å vera så kjettersk at eg stiller spørsmålet om dette veldig rigide skiljet mellom vitskap og politikk er til gagn? Eller kan vi gjera meir, vera modige og likevel ha integriteten i behald?

Eg sit ikkje med fasiten her. Men vi må i alle fall ikkje ha berøringsangst for desse spørsmåla. Vi er pliktige til å gå i oss sjølve viss vi også vil stilla krav til andre. Vi må venda spegelen mot oss sjølve og vår rolle i samfunnet.

I dag lanserer vi vår nye strategi. Kunnskap for framtidas hav. Den blir presentert her etter havtalen.

Når vi no spissar oss og set nokre nye peilemerke for kursen vår – så er det av fleire grunnar:

Som havtalen viser: Samfunnet rundt oss er i endring og vi må endra oss med det.

Vi står overfor komplekse utfordringar, og vi finn berre løysingane i samhandling med resten av samfunnet. Den invitasjonen kjem ikkje alltid. Då må vi ikkje nøya oss med å setja frå oss kunnskapen vår på trappa og snu, men ta kunnskapen med oss eit steg lenger – og gå heilt inn. Vera modige.

Så er det slik at veldig mykje av oppgåvene og leveransane våre ligg fast. Og blir utført på ypparleg vis. Så dette handlar ikkje om nokon palassrevolusjon. Vi er jo trass alt forskarar.

Det handlar om vilje til endring – for oss sjølve – og vilje til å bidra slik at samfunnet rundt oss endrar seg i riktig retning. Det må til for at vi skal sikra rike og reine hav – også for dei komande generasjonane.  

Årets tale er den femte i rekken: