Gå til hovedinnhold

Endeleg kvoteråd for tobis i 2023 er 60 000 tonn


To hender holder masse småfisk over en enda større haug med småfisk

Tobis lever til dels nedgravd i sandbotn, og bestanden lever derfor på sandbankar i Nordsjøen.

Fotograf: Åse Husebø / Havforskingsinstituttet

Rekrutteringa har vore dårlegare enn venta.

Årets tobistokt i Nordsjøen er overstått. Funna gjer at forskarane rår til å halde på det førebelse kvoterådet på 60 000 tonn.

Kritisk lite nord i Nordsjøen

På toktet fann forskarane nemleg svært lite eitt år gammal tobis. I tillegg var det kritisk lite fisk på Engelsk Klondyke og på tobisfelta nordafor (område 4 og 5 i kartet).

– Rekrutteringa har vore dårlegare enn venta basert på skrapetoktet i vinter, seier forskar og toktleiar Espen Johnsen.

I år har desse områda vore stengt for fiske i tråd med forskarane sine råd tidlegare på året.

Meir av dei større fiskane

– Sør i norsk sone står tobisen spreidd og det er mykje predasjon, altså rovfiskar som kvitting og hyse som forsyner seg, seier Johnsen.

– Predasjon treng ikkje vere dårleg – det kan tyde på at tobisen utfyller funksjonen sin i økosystemet, forklarer han.

Han meiner det er markert meir liv i sjøen på tobisfelta no enn før. Bifangsten er rett nok eit problem for tobisfiskarane, som slit med å fange tobis i år.

Mattilgangen var ok minus?

På toktet måler forskarane også vekta til fiskane. Eittåringane var normalvektige, mens dei eldre fiskane var ein del under gjennomsnittet.

– Dette kan tyde på at det har vore grei mattilgang den siste tida, men kanskje litt for lite over ein lengre periode, seier Johnsen.

Forskarane jobbar med den tekniske toktrapporten.